Gå til hovedinnhold

Ingen er meir kritiske ovanfor FrP enn FrP sjølv

Eg sitt no på toget den lange vegen attende til Vågå etter å ha vore på både sentralstyremøte og landsstyremøte i helga. Der har vi evaluert valet og diskutert strategi framover. I tillegg har vi vedteken nye etiske og organisatoriske retningsliner.

Vi har gjort eit dårleg val - og vi har heller ikkje vore i medvind etter valet. Du treng ikkje vere professor for å skjønne at vi må endre oss. Folk har
mista tilliten til oss, og trur ikkje vi er dei rette til å løyse dei problema dei har i kvardagen. Ei heller har folk tillit til at vi kan klare å styre landet. Vi oppfattast ikkje som eit trygt val. Det er heller ikkje "kult" å stemme Frp (nokon vil sikkert påstå det aldri har vore kult å stemme Frp, men no er det meir ukult enn nokon gong).

Så kva har vi gjort gale? Det har vi forsøkt å svare på i helga. Og lat oss seie det slik; det er ingen som er meir kritiske mot FrP enn FrP sjølv. Det viste vi også rett før helga då vårt eige utval la fram rapporten sin om handteringa av Birkedal-saken og forslag til nye etiske retningsliner. "Brutalt ærleg" var ord som vart brukt om den rapporten.

Brutalt ærlege har vi også vore i helga. Og det har vore nyttig. Skal vi kome oss vidare må vi vite kva vi har gjort gale i fortida.

Tusen takk for alle innspel eg har fått på førespurnaden min om å få attendemeldingar på kva FrP har gjort gale. Eg har fått innspel her på bloggen, på facebook og på mail. Innspela eg har fått på kva Frp gjer feil grupperer seg inn i tre:

1. Vi må slutte å framstille oss som offer
2. Vi må slutte "å måle fanden på veggen" i form av å skulde mykje på islam. Vi kan ikkje setje likheitstrekk mellom religion og kultur, og vi må ikkje verke livande redde for at norsk kultur skal bli øydelagt
3. Manglande tillit til våre lokale kandidatar

Dette er innspel eg har take med i debatten, så tusen takk for alle som har vore til hjelp for meg.

No startar arbeidet med å lage strategi for tida framover. Det blir ein tøff jobb. Eg gler meg. Mine synspunkt på dette, kan du lese meir om i Dagsavisen i morgon også.

Også må eg berre seie at eg trur det var særs fornuftig av Frp å velje inn ein slik person som meg i Sentralstyret. Eg merkar i alle fall at eg ser veldig annleis på organisasjonskultur, politikken vår og korleis partiet framstår, no når eg bur i Vågå. Då eg hadde politikk som jobb og hobby, og var i FrP-miljø stort sett heile tida, evna eg nok ikkje å sjå partiet på ein så objektiv måte som eg gjer no.

Men det er innihampen langt mellom Vågå og Oslo - har enno ikkje komen til Lillehammer og det blir nesten midnatt før eg er attende. Og slike vanlege folk som meg har ein vanleg jobb som ventar i morgon tidleg klokka 08:00.

Kommentarer

  1. Når det gjelder islam så er vel religion og kultur i land som i århundrer har vært dominert av den religionen så sammenvevd at det er vanskelig å skille.
    Kanskje derfor at uttrykket "islamsk kultur" også brukes, og at folk ofte ser religonen og kulturen som ett og det samme?

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…