mandag 31. oktober 2011

Kor lenge skal du bli i Vågå?

Det går ikkje ei einaste veke utan at eg får ein eller annan variant av spørsmålet: "Kor lenge skal du eigentleg bli i Vågå?". Andre variantar av spørsmålet er: "Har du tenkt til å bli i Vågå, enn?", "Kor lenge har du eigentleg jobb i Vågå?" og "Skal du bli i Vågå enn?". Eg er drittlei. Møkklei er eg av å svare på dette spørsmålet. Eg er så lei at det er mogleg eg slår den neste som spør veldig hardt i hovudet (og ja, eg har slått folk før).

Det eg saknar mest med å bu i Oslo, er at eg aldri fekk spørsmålet "Kor lenge skal du bu i Oslo?". Det var ikkje ein einaste person som spurte meg om dette i dei over tre åra eg budde der.

No, når eg bur her, så føler eg at eg kvar einaste veke må stå skulerett å forsvare at eg har vald å busette meg oppe her. Eg må i tillegg tydeligvis vite kva eg har tenkt å gjere dei neste ti åra av livet mitt.

Dessuten tykkjer eg det er urettferdig. Så urettferdig. Fordi eg er ugift, barnlaus, innflyttar og jente, så må eg heile tida vere førebudd på å få spørsmålet om kor lenge eg skal bu i Vågå. Og eg må vere klar med smilefjes og dette svaret kvar einaste gong: "Eg veit ikkje kva eg gjer om tre år. For alt eg veit, så kan eg vere død". Det bruker å stoppe kjeften på folk.

Men til alle dykk som har lyst til å spørje. Eg skal oppsummere her:

1. Eg har ingen umiddelbare planar om å flytte frå Vågå. Eg trivst her.
2. Får eg eit jobbtilbod eg ikkje kan seie nei til, så er eg open for å flytte
3. Viss eg vinn pengar i Lotto, så kjem eg til å reise jorda rundt
4. Eg har tenkt til å bli lærar når eg blir stor
5. Ja, eg trivst i jobben min, men målet til ein prosjektleiar vil alltid vere å gjere jobben sin overflødig (ergo skal eg ikkje vere i same jobb for alltid)
6. Eg har ikkje seld leiligheten min i Oslo, og ja, det er ein grunn til det
7. Nei - det er ikkje slik at "vi må finne ein mann til deg, slik at du blir her". Det er ikkje så enkelt
8. GRRRR!!
9. Eg er ein rastlaus sjel
10. Eg er glad i Vågå og glad i folka her, men det betyr ikkje at eg er heilt sikker på at det er her eg skal bygge og bu

Så får de tolke desse svara akkurat som de vil!! Eg håper de forstår poenget mitt.

1 kommentar: