Eg er fullstendig i ferd med å miste kontrollen. På passord og sakspapir. Det var i ferd med å utvikle seg til eit komplett mareritt ein gong i løpet av dei to siste dagane - når eg var i mitt fyrste Fylkesting i perioda 2011-2015. Då fekk eg enno ei ny e-post-adresse og enno ein ny konto til reiserekningssystem. Eg hadde sakspapir både her og der - i ørten ulike bunker. Og ein haug med ARK med koder, epostkontoinformasjon og anna greier eg måtte vite.
Til sentralstyre- og landsstyremøte no i helga har eg ørten dokument på papir og nokon elektronisk. Eg har mista oversikt for lenge sidan.
No har eg tre plassar eg må sørgje for å få utbetalt tapt arbeidsforteneste frå. Så no må eg halde oversikt over at eg får etterbetalt all lønna eg blir trekt frå Vågå kommune frå dei plassane eg har tillits- og folkevalde verv (og tru meg; eg må halde oversikt og passe på at feil ikkje blir gjort (for det blir nemleg gjort feil) - for elles kjem eg til å bli ein fattiglus). Også må eg lage reiserekningar eg må sende ørten plassar. Og det er FIRE ulike system!!
Eg har privat epost, arbeidsepost, oppland.org-epost og frp-epost. Og altså fire ulike plassar eg lagar reiserekningar til. Med ULIKE kilometergodtgjersle og ulike måtar å rekne ut diett på.
Eg har ikkje ein gong begynt å telle kor mange koder og passord eg må halde styr på.
Eg har hatt eit stort behov for å samle saman alt dette i ein haug og kaste det inn i veggen. Mens eg skrik høgt: DET ER IKKJE DIFOR EG ER SAMFUNNSENGASJERT!!! Eg er i ferd med å klikke. Og eg trur eg kjem til å gjere det ein vakker dag. Det er ikkje synd på meg altså. Eg er berre ein kontrollfreak, og er no i ferd med å føle eg mistar kontrollen. Det følast ikkje godt.
Og kanskje - berre kanskje - har eg for fyrste gong i mitt liv take på meg altfor mykje. Tenktenktenk kor godt eg eigentleg hadde det i det drøye året som vanleg tilsett i Vågå kommune der eg ikkje hadde eit einaste tillitsverv. Det var eigentleg fint. Også er det eigentleg ei god kjensle å kjede seg. Gud, som eg saknar å kjede meg!
Å ja...beklager, beklager at eg har vore elendig til å blogge og elendig til å svare på innlegg på bloggen min. Fyrst av alt; alle innspel eg har fått om kva som gjekk gale for FrP og kvifor vi fekk eit dårleg valresult, er blitt lese. Dei blir også take med til evalueringa av valet vi skal ha på sentralstyremøte og landsstyremøte no i helga. Og for det andre; eg skal svare på alle kommentarar eg har fått frå dykk. Eg håper eg skal få gjort det på togturen frå Otta til Oslo i morgon.
PS: Eg håper at iPad'en vi får utdelt på neste fylkestingssamling skal hjelpe til med å lage eit system for meg. Det hadde vore litt fint, tenkjer eg.
onsdag 19. oktober 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar