Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2011

Ein heilt vanleg dag som influesasjuk

0348: vakne opp med ein kjeft som er omtrent limt saman av gørr. Stå opp for å pusse vekk all jævelskap og hente vatn.
0356: Attende i senga. Prøver å lese litt nettaviser på ipad'en. Sovner med armene rundt i'pad.
0624: Vaknar av at eg vrir meg. Har drømt noko så komplisert og kjedeleg at det bokstaveleg talt er eit mareritt å sove. Hugsar ikkje kva eg drøymte, men trur de handla om idiotar som hadde for stor makt i samfunnet. Må gå på badet for å pusse tennene, hente mer vatn og så sove att.
1050: Vaknar og finn ut at eg kan stå opp.
1056: Dreg meg ut av senga mens eg sutrar. Og frys. Tek på meg ullundertøy og svære ullsokkar og legg meg under eit pledd på sofaen.
1100: Svitsjer gjennom kanalane. Stopper på nyhetskanalen. Ser noko om elendigheit i verda, men tenkjer at ingen har det like ille som meg.
1110: Desperate housewives-maraton i gang på bliss.
1200: Begynner bli svolten, og har lyst på solo.
1215: Går på statoil for å kjøpe aviser, solo og potetgull. Ser meg i speil…

Bokstavkjeks og solo

Når eg blir sjuk, så blir eg som ein liten unge att. Alt skal vere slik det var då eg var liten og vart pleie av Mamma. Det eineste som er problemet er at Mamma ikkje er her. Difor tykkjer eg grusomt synd i meg sjølv når det er tomt for solo, farris eller pepsimax og eg sjølv må gå på butikken for å kjøpe slikt. Det er godt bensinstasjonen ikkje ligg altfor langt unna, men eg er redd eg denne sundagen må ha verka som verdas mest fyllesjuke dame der eg kjøpte tre liter solo og ein pose sørlandschips. Usminka og ned surleppe som hang nedpå kneet.

Det eineste som duger når ein er sjuk, er solo og bokstavkjeks. Det var det eg fekk då eg var lten og det er det som funkar no. Difor er det fullstendig krise når ein går tom for bokstavkjeks på ein sundag. Sørlandschips funkar ikkje i det heile take. Og bensinstasjonene har ikkje bokstavkjeks.

Eg tykkjer grusomt synd i meg sjølv no. Det einaste fine er at kroppen sjølv kjenner at det er helg og difor kan bli sjuk. Å vere borte frå jobb er ik…

”La dem raute nynorsk så lenge vi slipper”

Dette var overskrifta Unge Høgre hadde på ei sidemålskampanje då eg gjekk på vidaregåande.

Eg hadde nettopp meldt meg inn i Unge Høgre då eg fekk sjå denne kampanjen (med bilete av ei nøgd ku på framsida). Eg meldte meg fort ut.

Nokre år etterpå hadde eg blitt med i FpU. Eg gjekk på folkehøgskule i Troms, og ein dag fant eg ein partikollega av meg på framsida av Troms folkeblad der han hadde Helleviks gule i hendene. Tittelen på artikkelen var ”Spynorsk mordliste”. Eg har aldri vore nærare å melde meg ut av Framstegspartiet.

Eg bytta hovudmål frå nynorsk til bokmål då eg gjekk på vidaregåande. Eg har alltid vore glad i nynorsk, men som ung skuleelev tykte eg det var vanskeleg å skrive nynorsk. Stort sett alt eg las var bokmål, og då fall det seg meir naturleg å skrive på bokmål. I tillegg vart eg umotivert av å få attende nynorskstilar der det var raude strekar under annankvart ord, og der attendemeldingane handla om alt som ikkje var lov, slik som: ”Ikkje ord som byrjar på be-”.

Eg …

Språkdebatten var ikkje død

Tidlegare i denne veka var eg deltakar i "Valdresdebattane". Spørsmål vi skulle diskutere var mellom anna: Er det plass til to likestilte språk i Noreg i dag? Eller kostar det for mykje? Er det eit problem at 75 % av ungdommane i Valdres skiftar språk? Og kven har i så fall ansvaret?

Eg var deltakar i debatten saman med mellom anna språkforskar Arne Torp (han frå Joker-reklamene), kommentator Erling Lægreid, Elisabeth Aspaker frå Høgre og ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Eg har alltid vore glad i nynorsk, men eg har ikkje alltid vore nynorskbrukar. Eg var også ein av dei som byta målform frå nynorsk til bokmål då eg var elev på vidaregåande skule i Valdres.

Det kan verke lettare å skrive bokmål enn nynorsk. I alle fall når du er ein halvlat 15-åring. Stort sett alt eg las var bokmål, og når du tenkjer etter kva for målform ein møter mest av rundt seg i samfunnet, kan vi ikkje seie at bokmål og nynorsk er likestilt. Når eg i tillegg opplevde at bokmålsstilane eg fekk attende frå …

Høgteknologiske politikarar

Det nye på Storting, i kommunestyre og i fylkesting rundt omkring i landet er at alle politikarar får utdelt kvar sin IPad. Det har også eg fått no - som fylkespolitikar i Oppland. No skriv eg mitt fyrste blogginnlegg på iPad'en min. Det går ikkje fort, men det går.

IPad'en er søt. Det er han verkeleg, Eg trur ikkje eg skal skrive ein roman med Ipad'en (eg er lei av å skrive allereie), men han er fin til å surfe på nettet med. Så gjenstår det å sjå om han er så genial til å lese sakspapirene som folk skal ha de til. Eg har ikkje fått heilt dreisen på PDF Expert enno, men eg begynner å få dreisen på Facebook.

Men eg skal innrømme det er ein veg å gå for ein person som har ein mobiltelefon det ikkje ein gong går å sende og motta MMS med.

Det eg uansett gler meg mest til er å slippe tunge konvoluttar frå Oppland fylkeskommune som dumper ned i postkassa med jamne mellomrom. Så får de heller vere at dette verktøyet vil kreve mykje trening og tolmod,

Eit skikkeleg surrehuggu

Sliten og trøtt kom eg heim frå Bayern på fredagskveld. Eg hadde sett for meg ei helg på sofaen der eg skulle vere minst mogleg sosial.

Eg logger meg inn på facebook - der ser eg ei voldsom meldingsutveksling av veninner om gåver og styr til eit 30-årslag eg var sikker på var neste helg. Det går sakte, men sikkert opp for meg at selskapet ikkje er neste helg, men i morgon. Og eg finn ut eg må pakke for å reise til Valdres allereie neste morgon. Og kofferten må vere klar til å reise vidare til Oslo på måndag - og til Gjøvik tysdag (fyrst sentralstyremøte, så Fylkesting).

Eg må lage meg ein plan. Og det må vere ein plan som gjer at eg får unna det arbeidet eg hadde tenkt til å gjere før måndag, samstundens som eg ikkje må slite meg ut. Eg bestemmer meg allereie før klokka er 11 laurdagsformiddag at planen er å køyre sjølv til selskapet på kvelden (slik at eg kjem meg heim når eg vil), og unngå alkohol (tru meg - det skjer ikkje ofte; eg elskar god vin!).

Veel...det gjekk overraskande br…

Bygdetulling på veg ut i verda

Eg veit ikkje kva det skuldast, men eg er altfor sjeldan på tur ut i verda. Hovudgrunnen til dette er nok latskap, kombinert med at eg konstant er blakk. No skal eg ikkje klage altså, det finst folk på bygda som er mykje sjeldnare ute i verda enn det eg er.

Det som er fint er at det er mogleg å få EU-midlar til å få oss bygdetullingane ut i verda, og slik opne opp våre augo for at det finst ei verd der utanfor. Og EU-midlar har vi altså fått (no er ikkje det slik som berre kjem dumpande inn på kontoen din - ein må faktisk gjere ein innsats for å få dei, men det har vi altså gjort).

I morgon reiser eg, tre lærarar i Vågå og to frå Norsk Fjellmuseum i Lom til Bad Tölz i Bayern i Tyskland. I saman med regionen Bad Tölz, ei skule i Königsdorf og noko som heiter "Youth training center" skal vi dele og utvikle praktiske undervisningsmetoder knytt til natur. Dette er mykje innanfor den tradisjonen vi kallar uteskule i Noreg. Uteskule er altså undervisning utanfor klasserommet - gje…