lørdag 5. november 2011

Bygdetulling på veg ut i verda

Eg veit ikkje kva det skuldast, men eg er altfor sjeldan på tur ut i verda. Hovudgrunnen til dette er nok latskap, kombinert med at eg konstant er blakk. No skal eg ikkje klage altså, det finst folk på bygda som er mykje sjeldnare ute i verda enn det eg er.

Det som er fint er at det er mogleg å få EU-midlar til å få oss bygdetullingane ut i verda, og slik opne opp våre augo for at det finst ei verd der utanfor. Og EU-midlar har vi altså fått (no er ikkje det slik som berre kjem dumpande inn på kontoen din - ein må faktisk gjere ein innsats for å få dei, men det har vi altså gjort).

I morgon reiser eg, tre lærarar i Vågå og to frå Norsk Fjellmuseum i Lom til Bad Tölz i Bayern i Tyskland. I saman med regionen Bad Tölz, ei skule i Königsdorf og noko som heiter "Youth training center" skal vi dele og utvikle praktiske undervisningsmetoder knytt til natur. Dette er mykje innanfor den tradisjonen vi kallar uteskule i Noreg. Uteskule er altså undervisning utanfor klasserommet - gjerne knytt til nærmiljøet. Våre metoder skal då spesielt knytast opp mot den kunnskap dei sit med på Norsk fjellmuseum og i Klimapark 2469. Prosjektet skal vare i to år, og skal munne ut i ei handbok med idear til metodar som lærarar skal bruke.

Folk som kjenner meg veit jo at eg ikkje akkurat er ei friluftsjente. Eg er vel meir ei innandørsjente enn ei utandørsjente. Men eg må berre seie at eg har komme meg etter at eg flytta til Vågå. Då eg jobba som lærar i fjor, så lagde vi til og med i stand ei heil veke med uteskule. Og det var overraskande moro. Og gav meirsmak. Og ein treng ikkje vere heilproff for å ta i bruk uteskule som metode. Det gjeld berre å ta utgangspunkt i kva ein kan, kva som er rundt oss og så tenkje gjennom korleis dette kan brukast for at elevane skal oppnå kompetansemåla i Kunnskapsløftet.

Eg skal uansett innrømme at det i kofferten min er fleire kjolar enn Bergans-klede. Eg klarar liksom ikkje få meg til å reise på tur utan å ha med minst ein kjole til kvar dag. Sjølv om eg sjølvsagt er redd eg ikkje kjem til å få brukt alt eg har take med meg. Men då har eg i alle fall moglegheiten.

Då eg hadde uteskule med elevane var det ein av elevane som oppgitt spurte meg: "Skal du ha på gullsko når vi skal ha uteskule?". "Ja, sa eg - det er jo joggesko. Det er uteskule-skoa mine". Uansett, eg tenkjer det er viktig å behalde stilen uansett om ein er ute eller inne. Det er mitt mantra i livet. Anten eg er i Vågå eller i Bad Tölz.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar