0348: vakne opp med ein kjeft som er omtrent limt saman av gørr. Stå opp for å pusse vekk all jævelskap og hente vatn.
0356: Attende i senga. Prøver å lese litt nettaviser på ipad'en. Sovner med armene rundt i'pad.
0624: Vaknar av at eg vrir meg. Har drømt noko så komplisert og kjedeleg at det bokstaveleg talt er eit mareritt å sove. Hugsar ikkje kva eg drøymte, men trur de handla om idiotar som hadde for stor makt i samfunnet. Må gå på badet for å pusse tennene, hente mer vatn og så sove att.
1050: Vaknar og finn ut at eg kan stå opp.
1056: Dreg meg ut av senga mens eg sutrar. Og frys. Tek på meg ullundertøy og svære ullsokkar og legg meg under eit pledd på sofaen.
1100: Svitsjer gjennom kanalane. Stopper på nyhetskanalen. Ser noko om elendigheit i verda, men tenkjer at ingen har det like ille som meg.
1110: Desperate housewives-maraton i gang på bliss.
1200: Begynner bli svolten, og har lyst på solo.
1215: Går på statoil for å kjøpe aviser, solo og potetgull. Ser meg i speilet før eg går, og det ser ut som eg har det vondast i heile verda.
1230: Attende heime totalt utslitt. 500 meter gange var som ein maraton.
1235: Svitsjer innom tv3. Heliggrisen babe.
1305: Finn fram ipad. Skjønner eg kan berre gløyme å sitje fem timar i bil i morgon for å kome meg i politisk møte. Sender mail om forfall. No tykkjer eg verkeleg synd i meg sjølv.
1415: Vaknar opp med kink i nakke. Og ipad i fanget. Heldiggrisen Babe er ferdig. Er varm og tek av meg sokkar.
1415: ser på gordon ramsey lage julemat på tv3. Et potetgull til frukost, drikk masse solo med masse sukker i.
1500: Tenkjer at eg kanskje ikkje blir kvitt hovudpina av å sjå på tv dagen lang. Les difor alle avisene. Dei sidene eg bruker lengst tid på er der tv-programmet står. Tek på meg att sokkar fordi eg frys.
1540: Svitsjar innom program om legendarisk kvinne på nrk2. Føler eg lærer noko no.. Sovnar og vaknar opp midt i skavlan. Som handlar om litt av kvart.
1700: Tv-programmet 15 år og for tjukk. Et meir potetgull, men blir kvalm.
1730: Fekk dårleg samvit av å sjå på program om fedme mens eg åt potetgull, så bytter kanal. Finn film med Jennifer Aniston på filmkanalen.
1905: Vaknar opp av rulleteksten på filmen. Svitsjer instinktivt over til dagsrevyen. Slumrar til sak om opptøyer i eit eller anna land.
1938: Slår over til reprise av God kveld Noreg. Tek av meg sokkar fordi det er for varmt.
2000: Finn ut eg skal gje BigBrother ein sjanse. Klarar det i femten minutt. Det fine er at eg ikkje lenger tykkjer synd i meg sjølv. Tek på meg att sokkar fordi det er for kaldt.
2015: Mette Marit! Blir imponert over engelsken hennar. Elles kjedeleg. Litt usikker på om eg skal ete eller sove.
2115: Filmen Ghost Town på Nrk3. Et opp siste rest av potetgullet. Angrar litt på at ikkje kjøpte to posar.
2230: Innser at eg veit korleis filmen kjem til å ende. Har ikkje tålmodighet til å sjå meir og tek med meg Jo Nesbø til sengs. Har funne ut eg skal gje han ein sjans sidan alle andre skryt slik av han.
2345: Finn meg sjølv liggande sovande og siklande på side 21 med lyset på. Skrur av lyset og håper denne natta skal bli betre enn den førre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar