Gå til hovedinnhold

Eit skikkeleg surrehuggu

Sliten og trøtt kom eg heim frå Bayern på fredagskveld. Eg hadde sett for meg ei helg på sofaen der eg skulle vere minst mogleg sosial.

Eg logger meg inn på facebook - der ser eg ei voldsom meldingsutveksling av veninner om gåver og styr til eit 30-årslag eg var sikker på var neste helg. Det går sakte, men sikkert opp for meg at selskapet ikkje er neste helg, men i morgon. Og eg finn ut eg må pakke for å reise til Valdres allereie neste morgon. Og kofferten må vere klar til å reise vidare til Oslo på måndag - og til Gjøvik tysdag (fyrst sentralstyremøte, så Fylkesting).

Eg må lage meg ein plan. Og det må vere ein plan som gjer at eg får unna det arbeidet eg hadde tenkt til å gjere før måndag, samstundens som eg ikkje må slite meg ut. Eg bestemmer meg allereie før klokka er 11 laurdagsformiddag at planen er å køyre sjølv til selskapet på kvelden (slik at eg kjem meg heim når eg vil), og unngå alkohol (tru meg - det skjer ikkje ofte; eg elskar god vin!).

Veel...det gjekk overraskande bra. Bortsett frå: Tre gonger måtte eg svare på spørsmål om "kor lenge blir du eigentleg i Vågå, då?". For ikkje å prate om at eg nokre gonger gonger fekk kommentarer ala: "Liv i Vågå om dagen, du..." eller "Kva trur du eigentleg om det som skjer i Vågå?" - gjerne med følgje av ein eller annan tåpeleg kommentar som gjer at eg får lyst til å vri nakken om på folk. Det er då du skulle ønskje du anten var så full at du gjer blaffen i kva folk seier, eller at du er så full at du gjev folk beskjed akkurat kva du meiner om dei og spørsmåla dei stiller meg. Eg held ut til halv to forresten. Og det er overraskande lenge til meg å vere. Edru eller med promille.

Eg var glad då eg i dag vakna opp (nesten) utkvilt av barnehyl. Og så vart det fjelltur i kulden der eg lot jobb vere jobb, og der eg (nesten) klarte å kople skikkeleg av nokre timer. Takk til familie og fantastisk niese for det.

I morgon skal eg til Oslo i sentralstyremøte. Så attende til Gjøvik for Fylkesting der vi skal bruke ein heil dag på Ipad-opplæring og gruppemøter. På tysdagskveld skal eg ein svipptur til Fagernes for å vere med i ein debatt om nynorsk og språk. Så attende til Gjøvik for Fylkesting neste dag. Du reknar liksom ikkje med at alt av ting skal skje samstundes når du takkar ja til ting - men på ein annan måte er det kanskje like greitt at det gjer så. Sjølv om eg føler eg korkje har kontroll på hjernen, argumentasjonen eller sakspapira (takk takk takk for Ipad)

Eg trur i alle fall at eg skal klare å kome meg ut av dette med føtene på jorda. Om ikkje anna så sørgja mitt surrehuggu for at eg fekk ein heil dag ekstra saman med familien min der eg kunne slappe heilt av. Og det er jo noko berre det...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…