mandag 19. desember 2011

Jul med glede

Ute er det snø, åtte minusgrader og eg sitt i eit varmt hus og grublar over kva jula handlar om for meg.

Om berre nokre dagar skal eg heim til familien min i Valdres for å feire jul. Eg er heldig. Eg har inntekt, bustad, bil og eg har menneske rundt meg som er glad i meg.

Eg har hatt ein trygg oppvekst, men eg vart aldri skjemt bort med overdådige adventskalendrar og dyre julegåver. Det er eg glad for no, men ikkje då.

Eg hadde to søsken eg måtte dele adventskalender med. Vi fekk ikkje pakke kvar dag, men kvar tredje dag. Eg hugsar enno kor fælt det var då eg fekk spørsmål på skulen om kva eg fekk i adventskalenderen, og måtte svare at eg fekk ingenting.

Dette er tjue år sidan. Eg tør ikkje tenkje på korleis ein liten jente eller gut må ha det i skulekvardagen i 2011 viss du ikkje er av dei heldige som har adventskalender. Eller viss du berre får ei gåve på julekvelden, og det ikkje er noko fancy som Ipad, playstation eller nye merkeklede.

For mange ungar er den verste skuledagen fyrste skuledag etter sommarferien når alle skal fortelje kva dei har gjort i sommar. For den som ikkje har hatt lengre ferietur enn ein tur til bestemor eller ein tur på eit gratismuseum, er slike ting smertefulle fordi det byggjer opp under ei kjensle av at familien din er mindreverdig.

Sosiale skilnader er spesielt synleg i ei tid som jula, og kjem ikkje minst til uttrykk i skulekvardagen. Som lærarar får vi ikkje sørgja for at alle ungane får like mykje heime frå, men kan prøve å oppmuntre til nestekjærleik og likeverd – uansett kva for merke det er på kleda dine.

Skulen skal vere ei motvekt mot ungdomskultur, men eg trur det er like viktig at vi alle blir flinkare til å danne ei motvekt mot det jula fort kan sjå ut til å handle om; gåver, overflod og feit mat.

Jula for meg handlar ikkje om korkje smør, limousinar eller enorme adventskalendarar. Jula for meg handlar fyrst og fremst om varme. Fyr på peisen og varme mellom menneske – som motvekt til temperaturen ute, og til ein kvardag der eg ikkje alltid er like flink til å vise at eg sett pris på dei rundt meg.

Eg vil få ønskje alle ei riktig god jul, og oppfordre alle til å gjere noko fint for ein person de ikkje hadde tenkt til å gjere noko for. Då trur eg mange kan gå ei litt finare jul i møte – med eller utan iPad under juletreet.

Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen 19.desember.

1 kommentarer:

  1. Michael Raykos
    Veldig godt skrevet. Tar for hjertet, sjelen shuffle.

    SvarSlett