fredag 2. desember 2011

La meg ta deg med til byen min.

Det verste med å flytte til Vågå var å flytte frå Oslo. Det vil seie; ikkje med ein gong (då var eg både lei av jobb, livet mitt, meg sjølv og alt som var rundt meg), men saknet har vorte større og større for kvar dag som har gått.

For et par månader siden skulle eg byte leiebuar i kåken min i Oslo, og det å ha åleinetid i leiligheten min var smertefullt. Eg vurderte nesten å seie til ny leiebuar at ho fekk finne seg ein annan plass å bu. For dette er min heim og min by!

Oslo er min by. Det er favorittbyen min i heile verda, og det smerter i hjartet mitt i blant når eg tenkjer på at eg ikkje bur i byen min. Eg bur jo i Vågå. Vågå er fint altså, men Vågå blir aldri Oslo.

Kafeane, skikkeleg sushi, treningsstudio (hihi), alle folka. Alle rare folka. Alle dei herlege fantastiske frisyrane. Alle dei herlege antrekka. Alle dei freaka folka. Dei politisk korrekte. Dei grøne. Dei som ikkje støtter "slike companies". Dei snobbete gamle damene som går på kafe. Mangfaldet. Åhhh, som eg saknar mangfaldet.

Anonymitet. Som eg saknar å vere anonym. At ingen veit kven eg er. At eg kan gå på butikken og vere sur viss eg vil det. Javisst liker Hanne oppmerksemd, men jamen liker eg å vere asosial med mange folk rundt meg i blant også.

Eg elskar Oslo. No sit eg på toget på veg til byen eg elskar. Og eg gler meg.

Det blir siste gong før jul eg skal hit. Eg skal handle, eg skal drikke skikkeleg kaffi, eg skal drikke vin, eg skal stire på folk, eg skal skravle, eg skal skråle - og eg skal skåle! Og eg skal vere i lag med mine beste vener. Og som eg saknar dei. Vi skal prate drit om menn, og eg skal legge ut om korleis det er å date på bygda. Eg skal få høyre at alt er like håplaust i Oslo som det er i Vågå. For i Oslo er det fleire raringar å velje mellom.

Vi skal sladre. Vi skal vere onde. Og vi skal skratte mykje i lag.

Og ja - vi skal på harrytur til Sverige også - det passar oss nye generasjon glamour-harry bra. Vi skal reise frå Oslo og så kome attende til byen når han er på sitt vakraste. På laurdagskveld..

Ein gong skal eg kome attende til Oslo for godt. Eg veit ikkje når det skjer. Men eg er heilt overtydd om at det kjem til å skje.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar