søndag 30. januar 2011

Fylleangst med STAUT

Folkemusikktreff i Vågå i helga, og då er det ikkje lett til å få folk her i bygda til å prioritere musikk frå Valdres i Otta kulturhus. Men om eg så skulle køyre sjølv og droppe festinga, så måtte eg liksom vere ein god Valdrespatriot når Staut spelar her i Gudbrandsdalen.
Du føler deg litt bortkomen saman med ein haug med kids under 18 år, som er stæsja opp i skyhøge heler, korte skjørt og utan strømpebukse (og eg er blitt gamal som tenker; frys du ikkje, stakkars jente??). Konserten var bra den, men det er vel ei jente eg tenkjer har ein smule fylleangst i dag. Ein halv låt fekk ho stå på scena saman med Staut, der ho både song, klenga litt på bandet og ikkje minst fann seg eit rytmeinstrument som ho brukte. Eg mistenker sikkerheitsvaktane i Otta kulturhus for at dei tykte det var litt moro, og ville vente for å sjå kor langt ho kunne trekke det. For det tok laaang tid før dei henta ho vekk. Tipper ho har bittelitt fylleangst i dag, og det var nok fleire som også tok bilete av det. Vi får håpe for hennar skuld det ikkje blir publisert.

Eg for min del føler meg ganske så fornuftig og gamal. Edru ein laurdagskveld på konsert og tidleg oppe sundagsmorgon for å skrive ferdig spalta mi til Dagsavisen i morgon. Og elles gjere unna litt jobb, gå meg ein lang tur, måle litt og elles berre slappe av. Eg eeeeelskar desse sundagane der eg har halde meg unna cavaen laurdagskvelden!

Også Grand Prix då. Songane til no har vore elendige. Og no går eg berre rundt og syng HABA HABA og dansar. Fantastisk!! (Og The Blacksheeps sin låt er ikkje rett verst den heller)

fredag 21. januar 2011

Kva gjer ein bygdetulling i Oslo?

Sommarfuglar i magen berre nokre mil frå storbyen. Og kva gjer ein bygdetulling under eitt av desse altfor få Oslo-besøka? Jo, dette er det som kjem til å skje:

Dag 1:
* Ankomst Oslo S. Stirre litt på folk, måpe litt og tenke: "denne byen blir berre skumlare og skumlare for kvar gong eg er her".
* Rett opp på kaffebrenneriet for å få seg skikkeleg Kaffe latte. Og nei, det er ikkje nokon rural myte at bygda manglar kaffe latte. Den vi har smakar høgg.
* Polet. Kjøper akkurat det same som på polet i Vågå
* Panikk-shoppe i ein butikk mens eg ventar på at Bettina skal bli ferdig på jobb
* Stirre på fleire raringar på National mens eg venter på veninne
* Ta t-banen og fnise høgt for meg sjølv ved Montebello t-banestasjon
* Ankomst heimen. Sprette flaske 1 av Cava
* Drikke mange cavaflasker (same oppførsel som i Vågå) og prate bull med gode veninner. Plutseleg er klokka midnatt
* Bestille taxi altfor seint. Ankommer Smuget alltfor seint (som vi også gjer på Bowlingen i Vågå)
* Rølpe litt rundtomkring og oppføre meg idiot mens eg kjeftar på nokre idiotar. I motsetning til i Vågå er det ingen som kjenner meg, så alt er lov.
* Drosjebilkø (slepp i Vågå)
* Stupe i seng med chipsposen frå McDonalds på nattbordet (skjer ikkje i Vågå)

Dag 2:
* Skallebank
* Kaffe
* Fnise og klage (enno alt som i Vågå)
* Shopping. I andre butikkar enn Coop byggmix og Felleskjøpet. Eg ender opp med å bruke altfor masse pengar på jåleri eg strengt tatt ikkje treng
* Åpne flaske 1 med Cava mens eg mumlar sushi og tapas
* Synge Grand Prix-sangar
* Åpne flaske 2 med cava
* Sjå på delfinale i MGP
* Åpne flaske 3 med cava mens eg ser på meg sjølv i speilet og tenker: "Du er jaggu Oslos penaste i kveld"
* Syne Carola-låter på Singstar
* Finne ut slik i 0130-tida at det er på tide å kome seg ut (som i Vågå)
* Snuble inn på Sinatra, og så forsøke å bestikke karaoke-mannen viss han kan snike meg inn fyrst i karaokekøen (men karaokemannen tykkjer ikkje er like sjarmerande som eg sjølv tykkjer)
* Bli sint på heile verda og tenker at heile verda er meg i mot

Dag 3
* Vakner opp og tenker: Korleis i alle dagar havna eg her? Og kvifor er eg så sint?
* Vekke veninne for å finne ut av dette
* Fnise, drikke kaffe og ete junk
* Spekulere på kva som eigentleg skjedde i går
* Sang eg Främling på Sinatra?
* Tenke: Eg skal aldri drikke cava att
* Tenke: Eg skal aldri røyke meir
* Tenke: Eg skal aldri til Oslo att
* Sette seg på toget til Vågå
* Tenker at eigentleg gjer eg nesten akkurat det samme i Oslo som i Vågå...og at den einaste store skilnaden eigentleg er folka eg drikk cava med...

torsdag 20. januar 2011

Gal av lengsel!

Ein ting var eg ikkje førebudd på då eg flytta frå Oslo til Vågå. Og det var lengselen. Eg er jo ein person som likar å lengte (og drøyme) til andre stader, andre tider og andre menneske, så ein skulle vel kanskje ikkje tru det burde vere så ille, men det er det! Men eg har vel eit veldig ambivalent forhold til lengsel. Det er grusomt, samstundes som eg ikkje ville vore lengselen forutan. Utan lengsel ville eg nok hatt eit dårleg liv.

Og kva lengtar eg etter? Jo, det er Oslo! Eg lengtar så etter Oslo at det gjer vondt. Eg lengtar etter byliv, anonymitet, kunne kle meg i glitter og glamour, og berre vere meg sjølv utan å bli lagt merke til. Også lengtar eg etter venene mine, Bettina og Cecilie. Og no kjenner eg det er altfor lenge sidan sist. Eg er cavasjuk, skravlesjuk, bysjuk,sladdersjuk, fjåse- og fnisesjuk, sushisjuk, latte-sjuk og shoppingsjuk.

Men denne helga skal eg altså gjere byen utrygg. Etter å ha lengta meg gal. No blir det girls night out heile helga. Det blir glamour, det blir glitter, det blir cava, det blir Smuget, det blir karaoke. Men mest av alt blir det MORO!!

Eg elskar Vågå. Eg gjer verkeleg det. Men kjærleiken til Vågå blir ikkje mindre av ein sterk lengsel til ein annan plass. Snarare tvert i mot! :)

søndag 16. januar 2011

30-årskrisa

Så er året kome. Året då eg fyller 30 år. I går var fyrste 30-årslag i jentegjengen her i Bagn. Alltid artig når vi samlast; skravla går i eitt og vinen går ned på høgkant. Sjølv om mange år har gått sidan vi gjekk i skulen saman, så ser vi enno at vi er dei same personane. Sjølv om vi heldigvis har endra oss mykje også. I går var det høgtlesing av gamla mailar, dikt og minnebok med gamle bilete. Kjempekoseleg.

Så no blir det 30-årslag annankvar månad framover. Fire månadar til, og det er min tur. Spørsmåla om kor og korleis eg skal feire er allereie komen. Eg har ikkje bestemt meg, men har konkludert med at festen blir i Vågå. Og festen blir på bursdagen min, 27.mai. Men kor i Vågå eg skal ha festen og korleis eg skal legge det opp veit eg ikkje. Eg tek gjerne i mot tips. Men eg har sagt at eg forventar at foreldra mine legg inn halvparten av kostnaden. Sidan dei truleg slepp unna bryllaupskostnadar, tykkjer eg dei burde sjå at det er rettferdig å putte pengane inn i ein annan fest. Eg bør jo ikkje straffast og få mindre fordi eg ikkje er gift og ikkje har ungar. Tykkjer no eg.

30-årskrisa er ikkje komen enno. Eg har ikkje begynt å få panikk over at eg ikkje har oppnådd det eg vil i livet enno. Men det kjem kanskje. At eg ikkje har ungar eller er gift enno stressar eg ikkje med. Det kjenner eg eigentleg er heilt greitt. Det har aldri vore og er eigentleg ikkje enno eit tema. Og eigentleg er eg også veldig nøgd med livet mitt - både jobbmessig og privat. Det einaste eg ikkje har oppnådd er vel denne boka eg vil fullføre då...og det bør vel skje i året eg fyller 30 år.

Tykkjer no eg då...

søndag 9. januar 2011

Hardt lærarliv

Har vore ei flott fyrste veke i skuleverket, og eg har allereie lært veldig mykje. Og ikkje minst har det gått opp for meg kor dårleg førebudd eg er på læraryrket. Eg forstår verkeleg kva som meinast med praksissjokket. Eg visste lite om å lage planer, eg kan nesten ikkje ei undervisningsmetode, eg aner ikkje korleis eg skal tilpasse opplæringa og eg veit så å seie ingenting om korleis eg skal handtere konfliktar eller andre ting som dukkar opp på det mellommenneskelege plan.

Det er vel heller ikkje meininga vi skal vere utlært når vi startar. Det er omtrent som då eg tok førarkort. Eg var ein elendig sjåfør då eg fekk lappen, og det var fyrst då eg starta å køyre på eigen hand eg begynte å lære. Slik er det også i læraryrket. Eg blir stadig betre og betre, tryggare på meg sjølv og forhåpentligvis tør eg prøve ut fleire og fleire nye ting.

Det er hardt den fyrste veka, og eg begynner å skjønne eg har take meg vatn over hovudet når eg skal kombinere undervisningsstilling med prosjektleiarjobb. Men eg angrar ikkje. Så er det så bra at eg likar jobben min då. :)

Merkeleg dag i dag. Skyting og massedrag i gamle traktar; min gamle heimby Tucson. Skummelt. Verkeleg skummelt. Og ein kan lure på kva som er gale i mitt favorittland USA. For det er vel ingen tvil om at ein har mislukkast på grunnleggjande plan når ein opplever skyteepisoder som dette temmeleg ofte. Og eg har vel verkeleg slutta å tenke: "det skjer ikkje meg..". Når slikt kunne skje på eit kjøpesenter i Tucson, så veit eg at slikt fort kan skje på plassar eg også er.

onsdag 5. januar 2011

Leik eller læring?

I dag har eg min fyrste dag som lærar, og eg er stiv av skrekk.

Eg har jobba med skule- og utdanningspolitikk dei siste fire åra, og skal vel ærleg innrømme eg lenge tenkte at læraryrket eigentleg ikkje var nokon sak. Det neste halvåret skal eg lære eit knippe 10-åringar noko fornuftig i norsk, matte og engelsk. No er eg stiv av skrekk og har presentasjonsangst som aldri før.

Då eg jobba som rådgjevar på feltet utdanningspolitikk på Stortinget var alt så enkelt. Vi prata høgt om at det måtte bli meir læringstrykk i klasseromma, betre klasseleiing og vi skulle ha meir fokus på ro og orden i timane. Alt er så enkelt når ein sit inne på Stortinget og formulerer forslag og lovendringar. Når ein står ansikt til ansikt med elevane, veit du at ting ikkje er så enkelt som du trudde når du dreiv med politikk.

I skulepolitikken følte eg at det vart ein slags kunstig debatt mellom venstresidas ”leikeskule” og høgresidas ”puggeskule”. Høgresida skulda venstresida for å tru at ein kunne leike seg fram til læring, mens venstresida skulda høgresida for å ville ha ein gamaldags puggeskule. Ein slik debatt er fordummande, og eg trur dei aller fleste skjøner at det ikkje treng vere noko motsetnadsforhold mellom leik og læring.

Når elevane allereie i 10-årsalderen er skuletrøytte, umotiverte for læring og tykkjer skule er ”kjedeleg”, har vi mislukkast. Eg trur dei som meiner at god gammaldags kateterundervisning er svaret, tek like feil som dei som meiner at elevane sjølv skal leike seg fram til svaret berre ved rettleiing frå læraren.

Eg trur likevel vi i skulen må ”leike” meir, og ikkje mindre. Vi må våge å vere så trygge på oss sjølve at vi i blant tek med elevane ut i skogen for å ha matematikkundervisning, vi må bruke meir drama i språkundervisninga og vi må riste opp skulekvardagen ved å bruke meir rollespel og story line. Vi må synge meir, vi må fortelje meir, vi må fantasere meir og vi må vere nysgjerrige på livet og på kunnskapen.

Eg er sikker på at eg kjem til å bli ein god lærar etter kvart. Eg er også overtydd om at eg kjem til å lære meir enn elevane mine det neste halve året. Mine nyttårsforsett som lærar er: 1. Pynt deg alltid på jobb 2. Elevane skal finne svara sjølve og vi skal vere nysgjerrige i lag 3. Tenk aldri; dette får vi ikkje til!

Godt nyttår!

Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen 3.januar 2011.

søndag 2. januar 2011

Oppsummering av året som har gått

Vener og kjende!

Det som Året krev, er visst, og det som det giv, er uvisst
(ordtak av Ivar Aasen)

Eit nytt år har starta, og det betyr at ein ny nyttårse-post kjem frå Unge Blåfjelldal. Og ja, eg veit det ikkje kom nokon e-post i fjor. Eg er full av skam for det, og eg skjønner ikkje heilt kva som skjedde. For å sende ut denne e-posten er faktisk årets høgdepunkt for min del. Eg skuldar no på at eg hadde kjærast på det tidspunkt, og folk som har kjærast har ein tendens til å bli kjedelege, gløyme seg sjølv og slutte å leve livet sitt slik som dei gjorde før. Ja, og så var eg på Gran Canaria under nyttårsfeiring og på nyåret i fjor. Og folk som reiser til Gran Canaria er jo kjende for å vere alt anna enn kreative. Syden og kjærastar avlar latskap. Det er vel moralen her. Unngå alt dette!

Men her er eg att! Og betre enn nokosinne! Og på nynorsk denne gongen. Kva har skjedd med Hanne, lurer de nok alle på no. KVA HAR SKJEDD? Svaret kjem lenger ned, og eg skal vel berre enkelt og greitt seie at 2010 er året då frykteleg masse skjedde i livet mitt – og det året eg kanskje har endra meg mest nokosinne (med unntak frå dei fyrste leveåra, men det hugsar eg jo ikkje).

Eg kjem til å halde meg strengt til året 2010 og 2011 her i denne e-posten, sjølv om eg strengt tatt har hoppa over eitt år. Så det kan vel faktisk hende likevel at eg kjem til å sveipe innom 2009 også – sidan eg tross aldri fekk oppsummert i fjor. Som vanleg er eg konsekvent inkonsekvent.

I 2010 skjedde altså følgjande:

- Noreg arrangerte Melodi Grand Prix
- Taylor Swift kom med fantastisk nytt album.
- OL vart arrangert (trur eg….eller var det i forfjor??)
- Drillo og Nils Arne Eggen var plutseleg fotballtrenarar att.
- Kina fann ut at dei ikkje ville vere ven med Noreg lenger
- Rot, rot og atter rot med regjeringspartia
- Prins William forlova seg med Waity-Katie.
- Tine trua med å legge ned produksjonen av Gudbrandsdalsosten i Lom/Skjåk (og her aner vi kanskje så vidt at avsendar har bytta lokalitet)

For min eigen del kjem eg til å hugse 2010 som året då følgjande skjedde i mitt liv:

- Eg bytta jobb og flytta til Vågå i Gudbrandsdalen
- Eg kjøpte meg bil. Verdas søtaste Toyota Rav4. Eg fall med ein gong og tenkte: du er søt, deg vil eg ha! Og no har bilen både lilla rattpels og terningar og wonderbaum (takk til herlege byfrøkner).

- Eg gjekk av som nestformann i FpU, trakk meg frå kommunepolitikken og sa frå meg alle verv i politikken
- Eg vart singel att, og no skal eg jaggu gjenta det eg skreiv i e-posten i 2009 då eg ikkje ville skrive meir enn nokre liner om at eg hadde møtt ein dude og var lykkeleg (var eg synsk??): Jeg vil ikke ha slengt i trynet ”jamen du som var såååå forelsket og trodde dere skulle være sammen for evig og alltid” den dagen alt går til helvete (og jada, jeg er fortsatt preget av den optimisme som kjennetegner meg). Mitt livsmotto er fortsatt: ”Alt tar slutt, hvor fullendt det enn er”.
- Eg begynte å måle og hadde vernissasje her i Vågå for å vise fram den fantastiske kunsten min
- Eg begynte så smått å skrive att
- Eg feira julekvelden i Egypt (og til dykk som var bekymra for at eg var der åleine (for det er mange som har spurd om eg reiste åleine); nei det var eg ikkje!).
- Eg hadde null politisk engasjement, høg politikarforakt, og var bitter på alt og alle. Og det einaste som fekk meg til å vere litt politisk oppdatert var at eg måtte ta meg saman å skrive eitt bidrag kvar månad til Dagsavis-spalta ”Blåmandag”.
- Eg fullførte Praktisk Pedagogisk Utdanning, og kan med stoltheit kalle meg lektor med opprykk.
- Eg fagorganiserte meg og vart medlem av Norsk Lektorlag
- Eg vart plutseleg veldig oppteken av opplæring i kunstfag og gjennom kunstfag, og kunne prate i timevis og på inn- og utpust om kor viktig det er at vi har meir fokus på å bruke alle sansane i opplæringa for å oppdra heilskaplege menneske
- Eg fann ut at det er lærar eg vil bli når eg blir stor
- Eg begynte å skrive nynorsk att, og fann ut at det funkar ganske bra for meg (herregud, eg vart heilt pinleg berørt når eg las nyttårsmailen for to år attende på bokmål. Det var nesten litt kvalmt, og ”So not me”).
- Eg køyrte på ein elg

Eg skal oppsummere kva som har skjedd i livet mitt litt i korte trekk for dykk som har dutte heilt av lasset. Eg gjekk på ein smell etter at eg mislukkast totalt med å kome inn på Stortinget i året 2009. Eg tapte skikkeleg på målstrekken. Og eg følte meg totalt framandgjort då eg skulle gå attende til jobb som rådgjevar på Stortinget. Alt vart heilt feil. Eg ville ut i den verkelege verda. Eg søkte difor på to jobbar. Som likestillings- og diskrimineringsombod. Den jobben fekk eg ikkje (men eg har sjølvinnsikt, og hadde vel ikkje akkurat rekna med å få jobben). Så søkte eg på jobb som prosjektleiar for eit skule- og samfunnsutviklingsprosjekt i Vågå, der gærne politikarar (på ein veldig positiv måte) hadde sett seg som mål å lage Noregs beste skule. Den jobben fekk eg, og i januar flytta eg altså til Vågå. Flykta frå alt for å starte eit nytt og betre liv. Galskap vil mange seie, men eg vil seie det er kanskje den beste avgjerda eg har take i heile mitt liv.

Dette er det året, med unntak av året eg studerte i USA, eg har forandra meg mest. Eg er blitt tryggare på meg sjølv, eg jobbar med noko eg trur på, og eg er verkeleg lykkeleg. Stort sett konstant og tvers i gjennom. Nesten heile tida. Og det har vore så godt å ikkje drive med politikk, men å jobbe med gjennomføring i praksis. No føler eg at eg verkeleg kan endre samfunnet. Ikkje berre prate om samfunnsendring!

Eg har altså jobba som prosjektleiar for forprosjektet i 2010 og er berre mellombels tilsett. Eg held fram som prosjektleiar også i 2011, men frå og med 3.januar går eg inn i ei 50 %-stilling som lærar på 5.trinn. Eg skal undervise i norsk, matte og engelsk (og kanskje musikk, men eg skal gjere alt eg kan (for ungane sin skuld) for å unngå det). Herregud; kven hadde set for seg meg som barneskulelærar?? Men eg gler meg så til å starte! No kan eg jobbe med utviklingsarbeid direkte i praksis, og eg har så mange idear eg vil setje ut i live. Og ja, eg veit slike kombinasjonsstillingar er krevjande. Men eg har så mykje energi eg berre må få ut!!

Det var vel Hanne sitt liv i praksis. Kort oppsummering. No er det tid for å oppsummere om eg klarte å nå målsettingane og draumane eg sette meg for 2010. Berre så synd eg aldri sette meg nokon målsettingar og draumar for 2010 (gud, ein blir passiv av å ha kjærast). Så eg må bruke målsettingane og draumane for 2009, og sjå om eg klarte å nå nokon av dei i anten 2009 og 2010 (då fekk eg to år på noko eg eigentleg skulle berre brukt eitt år på, og då bør jo oddsen vere ekstra god).

Her er målsettingar for 2009, og måloppnåing i kursiv:


1. Å bli stortingsrepresentant i mer enn åtte dager.
Veldig 2009-målsetting. Og GRATULERER, du har verkeleg klart den gode prestasjon å oppnå 0 %-måloppnåing. Faktisk i minus. Eg har møtt nøyaktig 0 dagar som stortingsrepresentant i 2009 og 2010. Pratar om å drite seg loddrett ut!!! Men eg er jo 1.vara no då – i motsetnad til i 2008 då eg var 2.vara og fekk møte i 8 dagar.
2. Å finne ut hva jeg skal bli når jeg blir stor.
Eg skal ikkje bli politikar. Eg skal endre samfunnet. Eg skal bli lærar. (og ja, så har eg takka ja til fylkestings-comeback. Huttetu).
3. Reise til USA, og tørre å kjøre bil i USA (FREEDOM).
Oppnådd begge deler i 2009. Har aldri vore meir pissredd i heile mitt liv, men eg køyrte heilt åleine frå LA til Las Vegas. Tombs up for meg!!
4. Bli litt mer dedikert i jobben min enn hva jeg var på slutten av året 2008.
Haha. Eg er meir dedikert i jobben min enn nokosinne. Men det har vel kanskje noko med at eg har byta jobb…
5. Bli mer kynisk (jeg begynner å innse at jeg er altfor redelig, snill og grei).
Ikkje oppnådd. Eg er enno alt for snill, for redd for å gjere meg upopulær og for oppteken av kva folk trur og meiner om meg.
6. Utnytte tiden min mer effektivt for å gjøre jobben min som tillitsvalgt og folkevalgt hakket bedre enn i fjor.
Tja…eg har jo slutta som tillitsvald og folkevald, og det er vel kanskje å betrakte som betre utnytting av tida mi??
7. Begynne å skrive skjønnlitterært igjen (jeg kan ikke fjerne den fra listen; den har vært med hvert eneste år).
JAJA!! Det har eg klart. Det går sakte, men det går framover.
8. Begynne å trene igjen og spise litt sunnere (jeg er fortsatt vegetarianer for dere som lurer…men har begynt å spise fisk igjen; også til dere som lurer. Og nei…det er ikke kjedelig å være vegetarianer. All moro ligger ikke i hva man putter i munnen..)
Eg har slutta å vere vegatarianer. I jula åt eg til og med ribbe. Så eg har vel korkje blitt sunnare enn meir sporty. Huff. Forfall! Forfall!! Det er vel ganske paradoksalt. Eg vart vegetarianer på grunn av heilt grusom kjærleikssorg – det verste eg har opplevd i heile mitt liv. Så blir eg singel att (ikkje så ille kjærleikssorg denne gongen, men dog), og sluttar å vere vegetarianar. Ringen er slutta??

Og så var det ønskja mine for 2009, som gjeld for både 2009 og 2010. Det var desse:

• Sol, sommer og varme (det er seriøst svinkaldt i både Oslo og i leiligheten min. Jeg dør jeg dør jeg dør).

Jada, jada. Kva fekk eg høyre før eg flytta til Vågå: Det er ikkje kaldt i Vågå nei, aldri. Eg har aldri blitt meir seriøst lurt i heile mitt liv (og då inkluderar eg alle håplause gutar, menn, småguttar og tullingar eg har møtt i løpet av livet mitt). Då eg køyrte flyttelasset opp hit var det minus 30, og fyrste arbeidsdag var det minus 35. Eg har så mange gonger tenkt: FY F I H KVIFOR BUR EG HER?? Dette må jo berre vere malen for Helvete. Innihampen kaldt!! Og det fortsette i to månader å vere så kaldt. Og sommaren var dritkjip. Heilt innihampen dritkjip med mykje regn (Nei, det regner aldri i Vågå, sa folk. Vågå ligg i regnskygge. MY ASS!!!)

• At jeg skal holde meg ung, sprek, attraktiv og vakker hele året gjennom.

mmmm….eg møtte ein ung fyr ute på byen som sa: ”du er ganske pen til å vere så gamal”. JADA!!!!!

• Diamanter og masse Champagne.

mmmm…i VÅGÅ!! Men eg reknar med at polet i Vågå har måtte doble innkjøpet av Marques Monistrol etter eg flytta hit til Vågå. Eg har ikkje ein einaste jævla diamant, og kjem aldri til å få det.

• Masse kvalitetstid sammen med venninnene mine. (Vi har det så gøy sammen, og vi må seriøst få til å treffes oftere!!)

Då funkar det jo dårleg å flytte frå dei beste venene sine i Oslo (Bettina og Cecilie, eg saknar dykk såååååå!!!). Men det fine er at eg har fått besøkt dei ein del (det er berre så fantastisk å kome til Oslo når du ikkje bur der sjølv lenger), og dei har til og med vore her på besøk (se på kuene da! De er jo løse jo!!!) og fått besøkt både Vianvang, Arne Brimi, Bowlingen og ungkarane i Skogbygda.

Dessutan har eg fått meg ei rekkje nye vener i Vågå. Fantastiske folk alle saman. Og eg har det så bra, det er sosialt og eg føler meg sjeldan einsam. Fantastisk fantastisk!!


• Penger

Ja jøss.

• Luksus
Er det noko eg saknar her i Vågå, så er det vel nettopp glamour og luksus. Er vel ikkje akkurat blitt meir av det.


Vel…så er tida komen for å sette seg målsettingar for 2011. Og no skal eg verkeleg meine noko med det.

Her er mine (realistiske) målsettingar for 2011:


1. Bli friluftsmenneske (ikkje slik skikkeleg gærning altså, men vere meir ute i naturen, lære meg litt førstehjelp, kart og kompass og bruke ski og sko litt meir. Eg meiner; du kan ikkje bu oppi høgget her og ikkje bruke naturen. Det er ein skam!)
2. Bli Noregs beste lærar (som eit skritt i retning å lage Noregs beste skule)
3. Skrive ferdig romanen min
4. Måle meir
5. Lære meg spansk (denne sommaren blir det, så sant økonomien tillet det, spanskkurs i Panama)
6. Reise meir i verda (og då samanliknar eg med 2010 der dei få turane gjekk til Gran Canaria, Brüssel, Budapest og Hurghada).
7. Bli flinkare til å rose folk
8. Lære meg å spele eit instrument (vi pratar ikkje fele her, men xylofon eller noko slikt)
9. Bli meir tålmodig
10. Besøke Oslo meir

Nokon er realistiske (som å besøke Oslo), nokon anar eg ikkje korleis eg skal oppnå, slik som å bli meir tålmodig. Men det kan vel hende eg lærer noko av å vere lærar.

Mine ønskjer for 2011 er:

1. At baksmellen på skatten ikkje skal bli så stor som eg fryktar (vel..det har kome inn nokon leieinntekter her eg ikkje heilt har skatta av, så eg er redd baksmellen blir tosifra, og vi pratar i tusen).
2. At eg skal få seld leiligheten min i Oslo for meir enn kva eg kjøpte han for (dumme Hanne kjøper når prisane er på topp og til og med i ein av desse utskjelte burettslaga med skyhøg fellesgjeld).
3. At eg kan slå meg til ro og berre verre nøgd, som normale folk – og slutte å drøyme om andre tider, andre stader og så vidare.
4. At min kjære søster, Ida, kjem seg velberga gjennom svangerskapet, at ho får ein velskapt unge og at alt ordnar seg for ho og at ho blir lukkeleg. Det er ingen som fortener det meir enn ho (så får eg håpe ho bærer over min til tider manglande empati og trong til å vere ærleg når eg seier ting som at eg tykkjer det er dritekkelt å ha ultralydbilete som profilbilete på facebook (og ja, eg meiner det, men det er berre min meining, og ingenting å bry seg med)).
5. Unngå ulykker (etter eg begynte å køyre så mykje bil, og etter eg køyrte på ein elg, er eg plutseleg blitt så redd for å døy. Som eg liksom har noko å leve for….makan!!)
6. Fortsatt gode vener og lykkeleg liv i Vågå.
7. Mot, kraft og tolmod til å dra prosjektet i Vågå i land, og drahjelp frå alle aktørane i Vågå.
8. Å vere gift og ha ungar før eg fyller 30 år.
9. Nei då, eg kødda. Eg ønskjer meg eit heidundrande 30-årslag 27.mai 2011. Det skal bli årets fest!!


Dette får vel halde for no. Det er måte på kor mykje ein liksom skal bable om seg sjølv. Vel, mindre sjølvsentrert er eg ikkje blitt i året som har gått. Enno hendar det (ofte etter eit par glas vin) at eg berre ser på meg sjølv i spegelen og seier til meg sjølv: Fy faen, så pen du er Hanne! Det finst sikkert ein diagnose for slikt…

Eg har i alle fall lært ein ting i løpet av 2010, og det er at lukka har ein tendens til å dukke opp når du minst ventar det.

Elles vil eg oppsummere mine tre viktigaste lærdommar for 2010 med ordtak av Ivar Aasen (og ja, dei er alle gjennomtenkt og har noko med kva eg har opplevd i året som har gått):

D’er betre vera einsleg en i vondt Fylgje

Ein kann fara kvart ein vil, ein fer ikkje frå seg sjølv

D’er betre klæda seg vel en frjosa i Hel


Eg ønskjer lærdommane mine i 2011 skal bli:

Eit godt Ord er lika snart sagt som eit vondt

Ein skal alltid have opne Øyro, men ikkje open Munn

Godt Tolmøde vinn meir enn Magt


Med dette ønskjer eg dykk alle eit riktig godt nyttår. De har alle på ulike måtar betydd noko for meg i året som har gått, og dei fleste av dykk håper eg at eg kjem til å ha noko med å gjere også i 2011.

Beste ønskjer

Hanne Maren – enno bitter og sarkastisk, men optimistisk.

lørdag 1. januar 2011

Umotivert nyttår!

Eg er sjølvsagt på kontoret 1.januar (finst det betre plass å starte det nye året?), og planen for 2011 er å bruke mindre tid på kontoret mitt, og meir tid på å utfordre meg sjølv på andre arenaer. Eg skal skrive meir, måle meir, lese meir, og ikkje minst vere meir ute i naturen. Eg har bokstaveleg talt børsta støv av langrennsskia mine, og take dei med frå Valdres til Vågå (det er eit ti år gamalt støvlag på dei). No kan eg ikkje lengre bruke unnskuldningen: "Skia mine ligg i Valdres" når folk spør om eg har testa det fantastiske skiføret.

Grunnen til at eg sit på kontoret er at eg må kvinne meg opp til å skrive til Dagsavisen si måndagsutgåve. Eg er dønn umotivert. No har eg surfa på nettet i to timar, mens eg har høyrt på "Love story" av Taylor Swift minst tjue gonger. Eg har ikkje peiling på kva eg skal skrive om, eg føler eg ikkje har noko å medverke med i den offentlige debatten og eg vil eigentleg berre gå meg ein lang tur, høyre på kjærleikssongar og vere sentimental. I staden må eg stirre inn i eit tomt word-dokument som er lagra som "Dagsavisen 3.januar". Skriving er hardt arbeid, og det å vere fast spaltist ein gong i månaden har lært meg ein ting: Ein kan ikkje sitje stille å vente på inspirasjonen. Det einaste som funker er å sette seg ned, og tvinge seg sjølv til å skrive.

I kveld skal eg forfatte den sedvanlege nyttårsmailen min mens eg drikk eit glas vin og reflekterer over livet mitt. Den skal sendast ut i morgon. Kanskje, kanskje eg publiserer ein sensurert versjon på bloggen min. Eg bruker å vere ganske utleverandre i desse epostane, så ikkje alt som egner seg til å bli lesen av heile verda (les: foreldre).

Elles vil eg berre ønskje dykk alle eit riktig godt nyttår! :)