På fredag sa ein av elevane mine: "Det var fælt så blid du var i dag då" (og eg som trudde eg alltid var ei solstråle). Det kunne ha noko å gjere med at det var fredag, men livet er moro om dagen. Og neste veke blir enno litt betre. Veit eg!
På fredag hadde vi forresten også bowlingkveld med elevar, foreldre og lærarar i saman. Kjempebra tiltak og viktig for å bygge nettverk og møtast i andre omgjevnader enn den trauste skulekvardagen. Etter ei bowlingrunde joina eg vener på bowlingen, tok meg eit glas vin og var klar for quiz. Dei elevane som då hadde vorte att for å spele meir bowling fekk då STOOORE augo då dei såg læraren drikke vin med vener: "ÅJ. Ho bur ikkje på lærarrommet. Ho har eit liv utanom skulen". Det trur eg var eit stort sjokk for dei. Like stort sjokk som når dei utbryter djupt sjokkert: "Er du ikkje gift enno?? Er ikkje du snart 30 år". Og joda - livet er snart over for min del. :)
Heile neste veke skal vi øve dans, song og drama med elevane. Til framsyninga "Barnas klimakonferanse" på fredag. Det er ein musikal om klima- og energispørsmål. Vi har øvd og øvd i fleire veker no, og no skal vi øve ei heil veke samanhengande før det ender med stor framsyning på fredag klokka 18 i Vågå-hallen. Kom kom!!
Skrivinga har løsna no. Djupt nedi ei flaske cava i går fekk eg anden over meg og orda kom trillande. Har fortsatt no i dag, og er til og med i gang med artikkel til Dagsavisen til neste måndag. I så god tid har eg aldri vore ute før.
Bilete av øvingane til veka kjem. Og mange truleg lykkelege oppdateringar!
søndag 20. februar 2011
søndag 13. februar 2011
"Det får vi ikkje gjort noko med"
Eg er ein hissigpropp, og ettersom eg har blitt eldre har eg fått stadig større problem med å skjule sinnet mitt for andre. Og no klagar eg alltid viss eg får dårleg mat eller dårlege drinkar. Og det hender vel sikkert både titt og ofte at kokkane eller servitørane sputter i maten min.
Lunsj i dag på Fagernes hotell. Og vi fekk ukokt ris. Av alle vonde ting det går an å ete i verda, så er kanskje ukokt ris det verste. Eg er jo sjølvsagt ein god gjest, og gjev beskjed til servitøren. Ho seier ho skal gå for å prate med kokken. Og så kjem ho attende med beskjeden: "Maten er allereie servert, og vi får ikkje gjort noko med det no". Meg: Skal eg ete ukokt ris då? Ho: Vi får dessverre ikkje gjort noko med det no. Og ho ser berre kjempesur ut. Og eg har lyst til å slå.
Kva er dette for noko? Makan til dårleg service skal ein leite lengre etter. Når maten er dårleg, så gjev du folk ny mat. Du seier ikkje: "Det får vi ikkje gjort noko med".
Så eg vil altså ikkje anbefale å legge hotellopphaldet til Fagernes hotell. Og det er no eine og aleine på grunn av elendig kjøken.

lørdag 12. februar 2011
Fylkesårsmøte i gang!
Fylkesårsmøte i Oppland FrP i gang. Eg er her som gjest, utan stemmerett, og har tenkt til å bruke tida på å berre lytte (vi får sjå om vi klarar). Grunnen til at eg er her, er at eg har takka ja til eit fylkestingscomeback. Eg har ingen tillitsverv att, men i morgon står eg altså på val som 2.kandidat til fylkestingsvalet. Ingen motkandidat. Det er med blanda kjensler eg gjer dette her, men eg trur det er rett. Også veit eg at det er få som bryr seg om fylkestingsnominasjon og fylkespolitikken, så eg kan vere anonym utan å stikke meg mykje fram. Det passar meg perfekt!

No er stortingsrepresentant Bård Hoksrud på talerstolen. Mannen som var formann i FpU då eg vart aktiv, og som også leia vår ungdomsorganisasjon under all den moroa som ekploderte i 2001. No er han stortingspresentant og medlem av Sentralstyret - og altså gjest her på fylkesårsmøtet i Oppland. Flink fyr Bård. Ein person som evner å vere både snill og tøff samtidig. Det er beundringsverdig!
Under minus tjue grader på Fagernes. Bikkjekaldt. Som alltid når vi har fylkesårsmøte her føler eg.

onsdag 9. februar 2011
Legg ned heile flyruta!
No gjer eg meg skikkeleg upopulær i enkelte miljø på heimplassen min, men det får berre vere. Å bruke offentlege pengar på ei flyrute nesten utan passasjerar, er galskap. Ikkje berre er det dårleg ressursutnytting - det er heller ikkje spesielt klimavenleg.
VG-nett melder i dag om at flyruta Fagernes-Oslo er landets dyraste. Det er godt å få det svart på kvitt, men det kjem ikkje som ei bombe for oss som er frå Valdres og har fulgt ruta opp igjennom åra.
Det er heilt meiningslaust å bruke offentlege skattekroner på å auke forureinga. Denne saka er frykteleg provoserande av fleire grunner:
1. Det bør ikkje vere ei offentleg oppgåve å subsidiere flyruter.
2. Det er suspekt å bruke offentlege kroner på auka klimautslipp i desse tider når vi er bekymra for klimaendringane. Når det gjeld klima og miljø manglar det ikkje på gode intensjonar frå politikarar, men det manglar handling.
3. Det er ikkje ei offentleg oppgåve å sørgje for at reiselivet går rundt økonomisk. Viss det er slik at det er marknad for charter-trafikk, så må vel dette vere mogleg å få til utan subsidiar frå skattebetalarane.
4. Eg har vore politikar lenge i Valdres tidlegare, men det er søren med ingen som tør å seie i frå at dette er pengesløseri. Makan til feigheit frå stort sett alle politikarar skal ein leite lenge etter (tommelen opp for stortingsrepresentant Morten Ørsal Johansen for å ha gått inn for nedlegging tidlegare, men då hugsar eg att eg fekk mykje kjaft frå folk i Valdres (var vel i stortingsvalkampen dette...:)).
ÅÅÅÅ!! Eg kjenner det poltiske engasjementet er der fortsatt. Nydeleg!!! Eg trudde det var heilt daudt etter eit år der eg stort sett for kvart nyhetsoppslag har tenkt: "Sjå det bryr meg!" eller "Sytepaver".
Eg er liberalist. Eg har engasjement. Det var godt å oppleve!!!

mandag 7. februar 2011
Barnas klimakonferanse
Vi er no i full gang med å øve inn replikkar og songar til musikalen "Barnas klimakonferanse". Det er "Musikk i skolen" som står bak musikalen, og det er andre gong musikalen blir arrangert. Målsettinga er at dette skal bli ei nasjonal læremiddelpakke, og Vågå er plukka ut som pilotkommune for å teste ut dette.
Musikalen Barnas klimakonferanse vil involvere alle elevane i 6. og 7.klasse, og vi vil vise korleis ei klimakonferanse kan utarte seg, der elevane spelar ulike roller som demonstrantar, politikarar, kapitalmakt og journalistar. Sjølvsagt spelar elevane også roller som seg sjølv, foreldre og lærarar, som skal vere med å påverke utfallet av klimakonferansen. Musikalen er forma som ei klimakonferanse, og elevane skal få fram bodskapen gjennom musikk, dans og drama. Elevane skal mellom anna framføre eigne songar og dansar for energiressursar som vasskraft, fjernvarme, solkraft, atomkraft, vindkraft og olje og gass. Her vil ein altså knyte energi og klimaspørsmål opp mot praktiske handlingar, og elevane vil lære om dette gjennom å vere kreative. Musikalen vil knyte saman kompetansemål i seks fag.
Det er krevande, men moro. Også går tida altfor fort. Vi jobber no på spreng for å få replikkar og songar til å sitje som berre det til vi får besøk av dei "proffe" i veke 8. Då kjem manusforfattar Kjersti, og dansar oppover til Vågå for å øve inn det heile i lag med elevane våre. I ei veke skal vi berre danse, synge og dramatisere. Det blir moro.
Og det heile ender med ei stor framsyning i Vågåhallen fredag 25.februar klokka 18. Eg kjenner allereie no eg er nervøs. Men eg veit at våre flinke elevar kjem til å klare dette, og så skal vi som lærarar gjere alt vi kan for å rettleie dei på vegen dit!

søndag 6. februar 2011
Topp10-MGP
Eg er i MGP-modus om dagen, og høyrer gjennom gamle bidrag. I den samanheng har eg lagd mi eige topp 10-liste over dei bidraga eg meiner er best gjennom åra. Dette har ikkje berre med dei beste låtene å gjere, men også litt om kva for låter som vekker dei største minna i meg. Dette er vel heller å sjå på som ei liste over gode MGP-minner!
Hanne si topp 10-liste over MGP-bidrag
10. Alle mine tankar - Silje Vige 1993 (låte eg tykte var heilt grusom då ho vann, men som berre har blitt betre og betre for kvar gong eg høyrer låta. Eg trudde ikkje den kom til å gjere det bra i den internasjonale finala, men ho fekk ein hederleg 5.plass)
9. In my dreams - Wig Wam 2005 (låta som fekk oss til å tru på at Noreg kunne gjere det bra i ESC, og som gjorde puddelrock kult att. Har rølpa mykje til denne låta)
8. Absolutely faboulous - Queentastic 2006 (dette året fulgte eg MGP frå USA, og skjønte ikkje kvifor i alle dagar denne låta ikkje vann)
7. Rocket Ride - Jannicke Abrahamsen 2007 (vi kunne spart oss skammen ved å sende Guri Schanke til Europa, ved å heller sende Jannicke. Her skjønte eg for n'te gong ikkje kva Noreg tenkte på)
6. Visjoner - Merethe Trøan 1992(som eg eeeeelsket denne songen)
5. Find my girl - Alexander Stenerud 2009 (eg tykte denne låta var best i finala i 2009, og eg trur kanskje dette er den songen gjennom historie eg har likt best. Nyyyydeleg song og nyyydeleg mann)
4. My heart goes boom - Charmed 2000 (Russetid og fest, og sikker på at Noreg skulle vinne att. Eg blir alltid i godt humør når eg høyrer denne låta)
3. Brandenburger Tor - Ketil Stokkan 1990 (denne låta kjem eg alltid til å hugse. Eg hugsar at Pappa og eg var på hytta, og at tv'en svikta då det skulle vere internasjonal finale. Eg var heilt frå meg: "Eg får ikkje sett MGP". Pappa gjorde kva han kunne for å gjere meg nøgd, og sjølv om eg sikkert grein, høyrte vi saman på MGP på radio dette året. Faktisk eitt av dei minna som sitt best frå barndommen)
2. Fairytale - Alexander Rybak 2009(tidenes MGP-fest i Oslo. Rotblaute utan like med gode vener, og enno full til 17.mai-frokost dagen etterpå. Men herleg oppleving. Kanskje den beste MGP-opplevinga - sjølv om eg ikkje hugsar andre halvdel av avstemminga...)
1. Glasnost - Jahn Teigen 1988 (Min favoritt. Eg skjønte ingenting då denne ikkje vann. Eg var seks år gamal, og glasnost og Jahn Teigen var favorittane. Seinare har eg brukt å opptre offentleg fleire gonger med denne låten.)

HABA HABA
Okey..eg innrømmer det. Eg heier på haba haba eg også. Og eg har allereie take seieren på forskot. Vi har allereie planlagt festen og antrekket i skal ha på oss under den internasjonale finalen, når vi alle skal kunne både dansen og sangen. Og eg skal få tak i antrekket Stella hadde på seg i delfinala, og dei fantastiske øyredobbene. Og eg skal inn til Oslo 1.mars for å få med meg MGP-show under ski-VM.
Det einaste dumme er at eg ikkje i år heller får sett den norske finala. Oppland FrP har ein lei tendens til å legge sine års- og nominasjonsmøter til dei helgene der det er norsk MGP-finale (og kanskje dette comebacket var ein dårleg idè likevel). Bortsett fra for to år sidan. Då var eg på landsstyremøte i FrP, sneik meg unna middagen og sat oppe på røykeloftet mens dei andre hadde middag og ula "I'm in love with a fairytale". Sjarmerande.
Eg tenkjer vel eg kjem til å ta meg nokre lange tissepauser under middagen på laurdag også - slik at eg kan springe opp på rommet for å få med meg korleis det går med Stella og Haba Haba.

lørdag 5. februar 2011
Kanskje vi raskt kan utvikle oss til sjøpattedyr?
Sola skin og det er vakkert ute. Eg hadde tenkt meg ut i sola for å gå ein tur (på føtene - ikkje på ski!). Men så plutseleg fann eg ut at Istid 2 gjekk på tv, og sidan dette er ein film eg har tenkt eg kanskje skal bruke i undervisningssamanheng, så føler eg att eg har gyldig grunn til å sitje inne (ja, også overvurderte eg min eigen fysiske form på tur i går, og klarar knapt nok gå i dag).
Men fyttirakker'n for ein herleg film Istid 2 er. Og eg kan absolutt forsvare å bruke denne i undervisningssamanheng. Ikkje berre lærar vi her om klimaendringar og is, men også om evolusjon - og ein smule historie. Og ikkje minst lærer vi om generelle læreplan-ting som samhald og samarbeid.
Eg hadde store ambisjonar då eg starta som lærar. Alt eg skulle gjere, og alle dei artige undervisningsmetodane eg skulle bruke. Og digitale verktøy skulle eg i alle fall bruke mykje! Og for ikkje å prate om samansette tekstar. Vi skulle sjå på film, lage teikneseriar, animasjonar og dramatisere og synge. Og kor er eg? Joda, skrifta som tekst står framleis i hovudfokus og eg brukar omtrent berre digitale verktøy sjølv i mine førebuingar. Torsdag var fyrste dagen eg brukte pcen min aktivt i undervisninga. Vi har ikkje sett på film eller lagd animasjonar. Dramatisering og synging har vi gjort ein del av, og paradoksalt nok er det eigentleg det eg er dårlegast på.
No bruker eg helga på å setje meg inn i undervisningsmetodar og korleis få til tilpassa opplæring i praksis. Kan anbefale Tuva Bjørkvold si bok: "Helhetlig tilpasset opplæring". Mange gode forslag der som er berre å setje ut i livet. Og etter at ein har prøvd ut eit par slike ferdige oppskrifter er eg sikker på at det blir lettare å vere kreativ lærar sjølv etterpå. Det er i alle fall min plan! Så får det heller vere at eg ikkje kjem til å "kome gjennom" læreboka i løpet av dette halvåret. Det er jo tross alt ikkje lærebøkene vi skal lære elevane...
Klima på dagsorden no om dagen. Torsdag måtte eg bruke tre økter på noko eg trudde eg trengte ei økt på, men no har elevane lært om både drivhuseffekt og kva det er med olje og gass som gjer at atmosfæren blir tjukkare. Og oppvakte elevar som eg har, spurte dei: "Korleis vart atmosfæra lagd?". Det var her eg burde utfordra dei til å vere forskare sjølv, men etter ein månad som lærar begynner også eg å føle på tidspress, og tenkjer alt for ofte: "Dette får vi ikkje tid til". Og så har eg sett mykje på National geographic, og kunne utruleg nok svaret på spørsmålet. Og då er det fort gjort å berre svare på spørsmålet, og ikkje vere nysgjerrige i lag.
Men elevane har i alle fall bestemt seg for å lage demonstrasjonstog for å redde regnskogen. Og vil dei gjere det, så skal eg lage tid for det. :)
Neste veke får vi besøk av Klimapark2469 som skal gje elevane enno meir informasjon, og eg har sverga på at mine elevar skal vere kjempegodt førebudd når dei får besøk, slik at dei kan stille mange gode spørsmål. Og vips..så er det snart veke 8 når vi skal setje opp musikalen "Barnas klimakonferanse". Tida går altfor fort i skuleverket. Det er den viktigaste lærdommen eg har gjort meg etter ein drøy månad som lærar.
Og her er gode sitat frå Istid2:
Kanskje vi raskt kan utvikle oss til sjøpattedyr?
Å vere heilt aleine, er nok ensomt.
Jeg trudde tjukke karer pleide å vere blide

tirsdag 1. februar 2011
Feil medisin
Det er ikkje rart at mykje av spesialundervisninga er mislukka når det ofte handlar om å gje elevane meir av det dei ikkje meistrar.
Det er stadig fleire som får spesialundervisning i norsk skule, og ein stadig større del av skulebudsjetta våre blir bunden opp i spesialundervisning som vi ikkje ein gong veit om fungerer.
Vi får ikkje folk friske ved å gje dei medisin vi ikkje veit om fungerer. Det gjeld også innanfor skulen. Viss vi ser ein elev som slit, hjelper det ikkje med å pøse på meir av dei same metodane og det same læringsstoffet. Då risikerar vi at eleven får enno fleire arenaer der han eller ho mislukkast.
Når spesialundervisning i tillegg blir utført av folk utan formell kompetanse på dei utfordringane elevane slit med, er det ikkje rart spesialundervisninga har liten effekt.
Vi har i norsk skule ikkje lukkast bra nok med tilpassa opplæring, og eg trur vi innanfor skulen har fått ein tendens til å bortforklare dårlege resultat med at elevane «ikkje er heilt som andre». Eg trur mange som i dag får spesialundervisning kunne hatt stort utbytte av ordinær undervisning viss vi som lærarar hadde vore flinkare til å bruke eit mangfald av undervisningsmetodar og læringsarenaer.
I mange tilfeller kan vi auke læringsutbyttet hos alle elevar ved å tenke litt utanfor boksen og få naudsynt støttesystem rundt oss som kan rettleie og gje oss råd i undervisningssituasjonen. For min del hadde det beste som fersk lærar vore å få erfarne pedagogar til å gje meg tips, råd og idear om korleis eg kunne få alle elevane til å strekke seg litt lengre og til å oppleve meistring.
Opplæring handlar om å gje elevane arenaer der dei føler meistring og ikkje berre arenaer der dei mislukkast. Det som er tilfelle med mykje av dagens spesialundervisning er at det blir enda fleire arenaer for elevane der dei føler motgang og ikkje framgang.
Viss vi held fram med spesialundervisning etter dagens modell, kjem vi til å gjere dagens barn og unge ei bjørneteneste. Vi gjer det i beste meining, men sanninga er at mykje av spesialundervisninga ikkje fungerer, eller i mange tilfelle gjer vondt verre. Eg meiner vi må bruke ressursane på å styrke den ordinære undervisninga ved å gje alle elevane arenaer dei meistrar på, og ikkje gje enkelte elevar endå fleire arenaer der dei mislukkast.
Publisert i spalta Blåmandag i Dagsavisen, 31.januar 2011.

Abonner på:
Innlegg (Atom)