I dag har eg sendt ut invitasjonar til 30-årslaget mitt. Eg veit det er nesten to månader til, men eg tenkte eg skulle vere tidleg ute.
Feiringa blir i finstasen ute i naturen. For liksom å kombinere det som er meg; ei jåle på bygda.
Og som eg gler meg! Eg håper alle mine beste vener kjem opp hit til Vågå for å feire at livet er fantastisk saman med dei nye venene eg har fått her i Vågå. Det blir nok eit knippe fantastiske jenter som skal ha denne helga saman.
Er eg nøgd med livet mitt? Ja, det kan eg faktisk seie eg er. Eg føler meg sjeldan einsam, har fantastiske vener, ein jobb eg elskar og hobbyar eg trivst med. Og eg tykkjer ikkje det er ille å skulle bli 30 i det heile take. 30-årskrise? Tja..ikkje enno. Kanskje panikken på eit tidspunkt slår meg fordi eg ikkje har mann og ikkje ungar....men då er det fordi eg trur at det er fordi omgjevnadene forventer av meg at eg gjer som alle andre.
Eg har i alle fall blitt såpass stor at eg har skjønt at eg må gjere med livet det eg sjølv ønskjer av livet. Og det veit eg enno ikkje heilt kva er, men eg nærmar meg...
Velkomen til Vågå 27.-29.mai alle gode vener. Eg gler meg til å vere saman med dykk desse dagane - for å feire at livet er fantastisk og at eg har fantastiske menneske rundt meg, som eg er veldig glad i!
torsdag 31. mars 2011
søndag 27. mars 2011
Ikkje klå meg på puppane, takk!
Klakkande rundt på skyhøge heler i både skule- og kommunehuskorridorar 320 km frå Oslo, høyrer alle at Unge Blåfjelldal kjem gåande.
Det er snart eitt år sidan eg flytta frå Oslo til Vågå. Den største skilnaden på å vere jente på bygda framfor byen er at eg får daglege kommentarar på kjolar, store flagrande smykke og høge heler.
Eg passar liksom ikkje heilt inn i den sporty friluftskvardagen her ved porten til Jotunheimen. Men det eg manglar på kondisen, liker eg å ta att ved å vere ei skikkeleg jåle.
Som ei jåle med stoltheit, prøver eg alt eg kan å kombinere jåledugleikane mine med å vere ein god feminist. Det trengst i samfunn der myten om den maskuline mannen og den heimeverande husmora har gode veksthøve.
Menn jaktar, kvinner er heime
For her på bygda likar vi å tru at menn er ”skikkelege menn” og kvinner ”skikkelege kvinner”.
Her står samfunnet stille under elgjakta, og her arbeider kvinnene deltid for å vere heime med ungane. Mennene går ikkje berre på jakt; dei fiksar og ordnar ting i huset, dei er ute i naturen heile tida (viss dei ikkje då heller har vald å bli rånarar), dei slenger ikkje rundt seg med framandord, og har knapt nok vore sør for Lillehammer.
Dei er slik menn skal vere; dei kan ordne lekkasjar i huset, bygge om – og ikkje minst kan dei beskytte oss mot rovdyra i skogen. For menn på bygda kan handtere eit skytevåpen.
Vi kvinner får ungar tidleg etter å ha utdanna oss anten til yrke innan helsevesenet eller skuleverket. Vi lever og ander for ungane og familien, og tek oss gjerne fri minst ein dag i veka for å vere heime med ungane. Her på bygda har ungane nemleg fri frå skulen ein dag i veka.
Samfunnet i Vågå er i mykje støre grad enn i byane bygd opp rundt familiane. Etter snart eitt år her, har til og med eg begynt å drøyme om kjernefamilie med deltidsjobb, ungar og ein praktisk mann som kan fikse og ordne ting i huset.
Som den håplause feministen eg er, gjer eg meg også totalt hjelpelaus når eg møter desse skikkelege mannfolk. Ikkje søren om eg gidd å lære meg å skifte dekk på bilen eller om eg skiftar lyspærer sjølv. Eg gidd ikkje ein gong prøve, men konkluderer forsiktig med at eg ikkje klarer.
Eg tykkjer det er godt å bli varta opp. Eg skammar meg kvar gong – for eg føler meg som ein dårleg feminist. Det er i slike stundar eg må ta meg saman for å tenkje etter kva feminisme handlar om, og kvifor eg har vald å kalle meg feminist.
Ikkje full likestilling
Då eg var 18 år, hadde eg mitt fyrste møte med Det annet kjønn og har vore feminist sidan. Det var fyrst då eg las Simone de Beauvoir eg skjønte at eg sjølv var med på å medverke til undertrykkande strukturar i samfunnet.
Eg hugsar eg tenkte etter med meg sjølv: Kvifor har eg dårlegare sjølvtillit enn jamnaldrande gutar som alldeles ikkje er smartare enn eg? Kvifor har eg mykje lettare for å godta at gutane gjer det betre enn eg, enn at andre jenter gjer det?
Over ti år etterpå er dette enno haldningar eg jobbar med i meg sjølv. Eg kallar meg enno stolt feminist. For meg er feminisme å tru på like rettar for alle, men å erkjenne at det i samfunnet er høve som gjer at vi enno ikkje har oppnådd full likestilling.
Eg meiner vi ikkje har fullstendig likestilling i Noreg. Eg trur det er strukturar og sedvanar i samfunnet som gjer at vi i ulike samanhengar handsamar guter og jenter ulikt. Eg trur det finst forskjellsbehandling på grunnlag av kjønn, eg har sett det både i skuleverket, i politikken, i næringslivet og i privatlivet. Og eg trur kjønnsdimensjonen er noko vi er nøydd til å gje oppmerksemd uansett kva vi driv med.
Skylappar på høgresida
Når vi veit at gutane får meir oppmerksemd i klasseromma enn jentene, må vi spørje oss sjølv om kvifor det er slik. Når vi som lærarar gjev gutane meir oppmerksemd, må vi våge å ta eit oppgjer med oss sjølve. Når vi ser gutane likevel gjer det dårlegare i basisfaga i skulen, så må vi også våge oss å spørje kvifor det er slik.
Til tross for at jentene ofte er ”flinkast” gjennom heile skulegangen, ser vi likevel at menn ender opp med høgare løn og betre stillingar. Vi må våge å stille spørsmålet kvifor det er slik.
Vi på høgresida må ikkje vere så livande redde for å bli stempla som raudstrømper, at vi ikkje tør ta desse diskusjonane.
Eg har møtt mange folk på høgresida i norsk politikk som fornektar at det finst forskjellsbehandling i samfunnet. Med klar stemme og med det eg meiner er skylappar, seier dei: ”Det er full likestilling i Noreg. Vi har dei same rettane. Kjønnskvotering er det motsette av likestilling, og eg vil bevise eg er like flink som gutane utan å måtte ha særbehandling”.
Eg er også mot kvotering og særbehandling, men eg meiner desse folka har misforstått kva likestillingskamp og feminisme handlar om.
No gjer eg det!
Eg er dessverre ein litt sløv feminist til tidar. Eg har det stort sett bra som jente, og i kvardagen merkar eg stort sett ingenting til forskjellsbehandling eller undertrykking. På bygdefest heime i Valdres i jula slo likestillingsspøkelset meg i fjeset med full "trøkk".
Eg var heilt uførebudd då eg på ein real bygdefest fekk ei fast hand som tok meg i puppen med kommentaren: ”Når eg og kompisen min ser bilete av deg i avisa, så pratar vi om kor lyst vi har til å ta deg på puppane. Og no gjer eg det!”
Eg vart ærleg tala så sjokkert at eg ikkje visste kva eg skulle svare, og det einaste eg fekk ut av meg var: ”Når du treffer meg edru neste gong, så får du sjå om du tør å gjere det då. Du er hjarteleg velkomen”. Karen lo rått: ”Takk for invitasjonen, det skal eg sjølvsagt gjere”. Vi får no sjå, tenkte eg.
Etterpå tenkte eg igjennom korleis eg eigentleg skulle handtert det. Eg kunne slått. Eg kunne meldt det til politiet. Eg kunne blitt forbanna. Men det som skjedde, var at eg eigentleg vart mest lei meg. Lei meg for den manglande respekt enkelte menn har for damer.
Nokon vil kanskje påstå at dette ikkje handlar om undertrykking av kvinner, men om mangel på vanleg folkeskikk, og at enkelte menn oppfører seg som apekattar. For meg handlar slike episodar definitivt om likestilling, og den manglande respekt enkelte menn viser overfor jenter. Det fortel meg også at vi har ein jobb å gjere i høve til seksuell trakassering.
Viss menn kan vise slik oppførsel overfor meg, korleis oppfører dei seg då mot andre? Eg ser på meg sjølv om relativt tøff, og eg har ein sjølvtillit mange misunnar meg. Når til og med eg, i ein alder av snart 30 år, opplever seksuell trakassering, korleis er det då for unge jenter som veks opp i dag? Eg er redd vi enno har altfor mykje seksuell trakassering – både i by og bygd.
Utdanning og haldningar
Den store skilnaden mellom by og bygd i høve til likestilling går på to ting. Den største av dei, etter mi meining, er at mennene i byane er høgare utdanna enn på bygda. I Vågå har berre 15 prosent høgare utdanning. Det gjer noko med samfunnet.
Ein treng ikkje vere forskar for å konstatere at høgare utdanna folk er meir opptekne av likestilling, og truleg også mindre fordomsfulle enn lågt utdanna menn. Det er ikkje dei høgt utdanna som grafsar jentene på puppane i fylla og slenger skjellsord til homofile og innvandrarar. Og mannfolka med dårleg kvinnesyn er ofte også dei som pratar mest stygt om både homofile, innvandrarar og dei som på andre måtar vågar å skilje seg ut.
Dette seier meg at den viktigaste likestillingskampen står på det haldningsendrande planet. Dette er ein av dei viktigaste grunnane til at eg har vald å jobbe i skuleverket.
I tillegg er samfunnet meir gjennomsiktig på bygda. Folk bryr seg med kva du gjer. På godt og vondt. Du er synleg, og det er vanskelegare å vere annleis her enn det er i byen.
Anten du er pen som Barbie, gjer det bra i næringslivet, er rik, noregskjend kokk, Ottar-medlem, homofil, mørk i huda, flink til å spele eit instrument eller er aktiv i FrP, blir du prata om. Det er på mange måtar vanskelegare å vere ”flink”, og du skal vere tøffare om du tør stikke deg ut når du bur på bygda. Misunninga er nok ikkje større her enn i byane, men ho blir så mykje meir lagt merke til.
Sjølvtillit og respekt
Når det gjeld haldningar, har heile samfunnet eit ansvar. Viss foreldra svikter eller ikkje lukkast i å oppdra ungane til å vise respekt for alle uavhengig av kjønn, etnisitet eller legning, må skule og barnehage ta ansvar.
Eg trur det viktigaste er å oppdra dei veksande generasjonane til å få sjølvtillit. Eg trur at menneske som er trygge på seg sjølv, har lettare for å respektere andre og for å unne andre suksess. Eg trur at det også blir mindre misunning, bitching og ”jantelov” om vi oppdreg dei unge til å vere trygge på seg sjølv.
Vi må også slå hardt ned på seksuell trakassering, mobbing, dritslenging, fordommar og rasisme. Og vi må våge å prate ope om slike tema med ungane. Vi må forklare og diskutere kvifor vi skal respektere alle, og vi må sørgje for at kulturen er slik at fordommar av alle slag blir slått hardt ned på.
Ikkje lov å lukkast
Den viktigaste barrieren for at kvinner skal nå opp og fram også på bygda, er kulturen vår. Vi ser at kvinner med høg utdanning flyktar frå bygda. Homofile flyktar frå bygda. Og innvandrarane flyktar frå bygda.
Vi må våge å stille spørsmål om kvifor det er slik, og ikkje ”sulle” oss inn i ein illusjon om at alle har like moglegheiter. Alle har ikkje dei same moglegheitene om dei blir mobba fordi dei er annleis, blir utsett for ”bitching” eller seksuell trakassering både i ung og vaksen alder.
Skal vi få større mangfald på bygda, er vi nøydd om å gjere noko med haldningane. Dessverre føler mange i dag at det ikkje er lov å lukkast på bygda, og det er ikkje ”kult” å vere flink. Dette er like tøft for jentene som for gutane.
Viss du er gut, og til dømes likar å spele teater, danse eller gjere andre ting som ikkje er ”typisk” her på bygda (som ofte er sport, bil eller friluftsliv), blir du like fort stempla som dei jentene som er annleis.
Feminisme for meg handlar om å sjå at det er strukturar som hindrar oss i å gjere det vi ønskjer og vil med livet vårt, utan at andre dømmer oss. Då er det ikkje minst viktig at vi lagar ein kultur for at det skal vere lov å lukkast og skilje seg ut.
Må bli tøffare
Når det gjeld å få fleire tøffe, energiske jenter til å bli i bygdene og ikkje flytte til byane, er det berre ein ting som gjeld: Vi jenter må bli tøffare, vi må slutte å vere så redde for å feile at vi ikkje tør å prøve, og vi må bli flinkare til å unne kvarandre suksess.
Dette er ein kamp vi må kjempe anten vi er foreldre, lærarar eller omgås barn og unge på andre måtar. Vi må slutte å «dille og dalle» med jentene og sette like tøffe krav til alle – uansett kjønn. Og vi må slå hardt ned på diskriminering og seksuell trakassering tidleg.
Også for oss på høgresida må det vere lov å seie at det finst forskjellsbehandling i samfunnet. Det må også vere lov å seie at eg ikkje trur lovreguleringar vil endre på dette. Samfunnsendring kan berre skje gjennom haldningsendring.
Menn her på bygda, som går på jakt, som kan mekke bil og er skikkelege mannfolk, må også vere opptekne av likestilling. Dessverre meiner nok mange av dei at ”urmannen” skal behandle kvinner som objekt og difor utøve seksuell trakassering.
Det er så å seie umogleg å endre haldningane til apekattar av sjåvinistiske menn i ein alder av førti. Men det er eit håp om at ungane deira kan bli betre menneske.
Publisert i Minerva nr 1-2011.

torsdag 17. mars 2011
Til stader eg aldri har vore før...
No gler eg meg til dei neste vekene. Dagane kjem til å gå i eitt på grunn av ganske mange møte, men eg skal også besøke mange plasser eg aldri har vore før, og eg kjem til å lære mykje nytt. Livet er spanande om dagen, og det er flott.
Spanande ting 1:
Eg har takka ja til å sitje i ei gruppe for Energisenteret på Hunderfossen som skal jobbe med ny utstilling retta mot publikum og mellom anna då skuleelevar som ei viktig målgruppe. Det blir lærerikt, og forhåpentligvis kan eg medverke med noko også. Fyrste møte er på Hunderfossen neste veke.
Spanande ting 2:
Neste veka deretter skal eg til Bodø på konferanse arrangert av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Dit kjem også Anne Bamford - dama som laga rapporten som har prega ideologien til skuleprosjektet i Vågå; nemlig "The wow factor". Denne rapporten viser mellom anna at har du god opplæring i og gjennom kunstfag, vil elevane få betre basisdugleikar, og også utvikle gode karakterar inni seg. Ho har no kartlagt situasjonen for kunst- og kulturfag i Noreg, og skal legge fram resultata på denne konferansen. Eg har heller aldri vore i Bodø - utanom på flyplassen, og det teller vel strengt tatt ikkje...og så skal eg ta nattog og bu i sovevogn på veg oppover. Det har eg heller aldri gjort før.
Spanande ting 3:
To dagar etter eg kjem att frå Bodø, så reiser eg til Frøya. Også ein plass eg alltid har drøymt om å reise til. Heilt sidan eg studerte geografi ved NTNU, har eg drøymt om å reise hit. Då skulle vi nemlig på feltarbeid til nokre nedlagte fiskerisamfunn på Frøya. Eg fekk ikkje vore med på grunn av valkamp. Kva politikken har øydelagt for meg....Men no skal eg altså til Frøya for å prate om prosjektet i Vågå, og gjett om eg skal nyte ei heil helg der...
Spanande ting 4: Valdres no i helga. For lenge sidan sist no. 30-årslag nummer 2 i år. Og snart berre to månadar til min tur...JIPPI!
Spanande ting 5: Eg er berre veldig glad om dagen. Finfint! :)

søndag 13. mars 2011
Herregud; eg er forelska!
Kan ikkje bli anna enn forelska i The Moniker. Denne fantastiske mannen i gul dress som spring på tredemølle.
3.plass i svenske Melodifestivalen var faktisk betre enn eg hadde trudd. Og kanskje like greitt at han ikkje vann. Då har kanskje eg betre sjanse til å vinne hjartet hass. Eg er både forelska i songen og i fyren. Og planen er å reise til Sverige for å finne han. Slik at vi saman kan synge: "Oh my God; I'm in love"- og tenke: "I can see my self in bed with you when I am 62".
Rælete greier av ein kjekkas som knuser glas på scena som vann. Fyr som ser ut som ein gud og syng om at han er upopulær blant damene. Ikkje spesielt truverdig. Då er det meir truverdig med ein gul gul mann som syng ein gul gul sang om kor forelska han er.

onsdag 9. mars 2011
Likestillingsgåte
Inspirert av nyaste "Fett" (likestillingsmagasin) fann eg ut at eg skulle ta ei god gamaldags gåte om likestilling for elevane mine. Gåta har eg sjølv vore gjennom og ikkje klart å løyse, så tenkte eg skulle finne ut om elevane mine var betre enn meg for tjue år sidan. Gåta, som sikkert er kjend for dei fleste av dykk, er som følgjer:
En far og hans sønn havner i en alvorlig trafikkulykke. Faren dør på stedet, hans biologiske sønn blir alvorlig skadet og fraktes til sykehus. Overlegen kommer inn og utbryter: «Jeg kan ikke operere denne gutten, han er jo min sønn!» Hva har skjedd?
I følgje forfattaren i "Fett" klarte ikkje ei forsamling av godt vaksne mennesker å løyse denne. Dei kom med følgande løysingar: Surrogatmor og homofile foreldre, stefar og alt mogleg anna som inneber måtar søner kan ha to fedre på.
Mine elevar sleit litt i starten. Men to av fire grupper klarte gåta med lettaste sjølvsagtheit: "Overlegen er mora!". Sjølvsagt! Og ja, sjølvsagt er det slik. Konklusjonen min er vel at det er håp. Eg og dei eg er på alder med klarte ikkje dette for femten-tjue år sidan. For elevane i dag er det heilt naturleg at overleger er kvinner. Kvifor skulle det ikkje det; det er jo fleire kvinner på medisinstudiet enn menn?
Så om ti nye år kaller vi ikkje dette ei gåte ein gong. Kva er vel dette å løyse? Svaret er jo sjølvsagt!

tirsdag 8. mars 2011
Hanne på ski - Kap. 4

Skituren med Lalm oppvekstsenter i dag gjekk strålande. Eg hadde sjølvsagt blitt plassert på gruppa som skulle gå den lengste turen, men 12 km gjekk som ein leik. Og eg som hadde grua meg til dette...
Det var berre koseleg dette. Og etter at vi hadde gjennomgått ei viss stigning i starten, så tenkte eg berre på siste halvdel av turen: Dette er jo berre fantastisk. Og eg merka med meg sjølv at eg faktisk sett pris på å vere ute i naturen. Og ja, eg trur det blir fleire skiturar i vinter. No, når det ikkje er så kaldt, så sett eg faktisk litt pris på vinter - men berre når eg veit det går mot vår.
Og ja; nyttårsforsettet mitt om å bli meir friluftsmenneske (ikkje slik gærning, men litt meir ute i naturen altså), ser ut til å gå i boks. Og på fredag, så skal eg søren med nok ein dag ut i naturen. Denne gongen til Lom og "Barske glæder" i regi av Fjellmuseet. Det blir moro!
Men fyrst; foredrag om klima og energi i Vågå-skulen på seminar på Otta i morgon, så til Oslo for Taylor Swift-konsert. Livet går visst i eitt om dagen. Og eg likar det!! :)
søndag 6. mars 2011
Hanne på ski - Kap. 3
I dag midt under femmila (hallo; kven orker å sjå på folk gå på ski to timar?), fekk eg dratt meg ut på skitur nummer 3. Fram til no har eg vore litt sjokkert over at eg korkje har pådratt meg skiskader eller har vore stiv og støl. Vel...i dag kom strekken. På innsida av låret. Hallo; kven er det som får strekk på innsida av låret av klassisk langrenn? Nok eit bevis på at eg ikkje har teknikken i orden. Vel - eg trur faktisk eg skal overleve skituren med skulen 8.mars. No har eg både testa skia og funne ut at det faktisk kan vere ganske koseleg å gå på ski. Så no ser eg ikkje lengre fram til skidagen med skrekk og gru. No tenkjer eg berre; dette klarer du fint, unge dame! :)
Undervisningsopplegg og kvinnedag
Som den late pedagog eg er, sitt eg no og surfar på nettet etter fiks ferdige undervisningsopplegg om kvinnedagen eg kan bruke i undervisninga i morgon (skidag 8.mars og difor må eg nytte høvet i morgon). Det finst ingen fiks ferdige undervisningsopplegg som kan brukast, så eg må lage mitt eige. Og det er ikkje lett når det er 10 og 11-åringar det er prat om. Det må vere både relevant og forståeleg - og helst oppmuntre til refleksjon og dialog.
Takk og pris for Nrk sine skulesider. Der er det mykje bra (men også der til tider for vanskeleg for elevane på mellomtrinnet):
Det er mange aktuelle saker det går an å ta opp med elevane. Slik som til dømes kvinners rettar i andre land, arbeidsdeltaking, kjønnsrelatert mobbing, seksuell trakassering, kvifor vel kvinner tradisjonelle yrker og så vidare. Eg trur ikkje vi skal undervurdere elevane. Vi skal ta meiningane deira på alvor, og vi må våge å ta desse diskusjonane om tema som ofte er vanskelege.
Eg har i alle fall tenkt til å lage ein diskusjon på følgande spørsmål:
- Kvifor trur du at vi har ein eigen kvinnedag?
- Skildre korleis du trur det var å vere jente på din alder for 100 år sidan i Noreg.
- Kva betyr "likestilling"?
Også får vi ta det derifrå. Eg har i alle fall tenkt til å utfordre dei til å prate med sine bestemødre om korleis kvardagen var for dei då dei var like gamle som elevane mine i dag. Kva har endra seg? Kva er blitt betre? Kva er blitt verre?
Dette skal bli moro, så får vi sjå om vi klarar å vekke feministisk engasjement hos elevane!

lørdag 5. mars 2011
Heja Sverige!!
Alle veit at eg er ein stor fan av Melodi Grand Prix. Men det mange kanskje ikkje veit, er at eg er ein enno større fan av Melodifestivalen. Noko som gjer at eg har vore klistra til tv-skjermen dei siste laurdagane for å få med meg ørten delfinaler - og no i kveld; Andra Chansen.
For tradisjonen tru; min favoritt i svenske melodifestivalen gjekk ikkje direkte til finalen, men må gjennom Andre Chansen. Det er ikkje fyrste gong det skjer. Det skjedde også for nokre år sidan med Magnus Uggla med "For Kung og Fosterland". Som tapte med 1000 stemmer for Sonja Aldén (av omlag 300 000). Eg grein nesten då denne låten ikkje gjekk vidare. Og det kjem eg også til å gjere i kveld - viss min nye store kjærleik ikkje går vidare.
Og her har du min favoritt i kveld. The Moniker med "Oh my god":
Kan jo ikkje anna enn å bli i godt humør av dette. Eg blir både gul og glad når eg ser og høyrer dette. Og bittelitt forelska. Og drømmer om ein skalla mann kledd i gult.
Det er i alle fall ingen tvil om at Andra Chansen har høgare kvalitet enn ei finale i MGP i Noreg. Så får vi håpe at Sverige endeleg lukkast i Eurovision Song Contest i år.
Og for gamle minner og tapt kamp. Her har de Magnus Uggla med "For Kung og Fosterland" (som desverre altså aldri vant):
Og her kan de sjå same Uggla håne Noreg. Moro:

Hanne på ski - Kap. 2
I dag er eg imponert over meg sjølv. Vakna altfor tidleg (som vanleg), og bestemte meg for at det berre var å kaste på seg mine uproffe treningsklede for å komme meg ut på ski. Men så tittar eg ut glaset, og ser det bles veldig mykje. Også sjekker eg vêrmeldinga, og ser det er "stiv kuling" på fjellet. Og tenkjer i mitt stille sinn at det ikkje går an å på gå på ski når det bles så fælt. Argumenterer kraftig med meg sjølv, men bestemmer meg for i alle fall å ta ein tur opp dit då. Og viss det er for ille, så kan eg jo berre reise til Lom for å kjøpe meg kaffe...Tru det eller ei; eg kom meg ut på ski. Eg gjekk i alle fall seks kilometer. Imponerande i seg sjølv. Eg skal ikkje seie kor lang tid eg brukte på det, men poenget er; til tross for vind og at eg vart forbigått av ein fyr (skikkeleg forbigått også - og eg som trudde eg var så flink), så kom eg meg ut. Og denne gongen var det faktisk litt koselegare enn sist. Denne gongen fant eg ut at eg likte det litt. Artigare enn å jogge i alle fall. Sjølv om eg hater oppoverbakker, der eg korkje får med meg armer eller bein.
Og kva belønner vi oss sjølv med etter kjempeinnsatsen? JO! Tur hit:
Eg klarte til og med å unngå kjøp av usunne bakevarer (eller "bollar" som det heiter på Lom-nynorsk). Og det er eit under når ein ser på det her. Det eg kjøpte var eit rugbrød. Prat om fornuftig ung dame! Som er i full gang med å forebygge forfallet som kjem raskare og raskare fram mot 30 år.
Men ein ting måtte eg få meg: Skikkeleg kaffe latte. Og då blir Hanne lykkeleg. Veldig lykkeleg! Og har også vore på biblioteket og lånt meg ein haug med intellektuelle filmar. For etter å ha vore heilt elendig i quiz på bowlingen i går, har eg funne ut at eg ser for lite på film. Eller at eg ser på feil type filmar (kvifor er det aldri spørsmål frå romantiske komedier)?
torsdag 3. mars 2011
Hanne på ski - Kap 1
Så kom eg meg endeleg ut på ski. Hadde litt angst for at eg ikkje skulle finne skisporet, men det gjekk visst bra. Fine skispor - "trikkeskinnespor" har eg lært meg at det heiter. Konklusjonen etter skituren er at det eigentleg er ganske kjedeleg å gå på ski, men at det er bra trening. Og at eg føler meg dum. Og her er grunnane til at eg føler meg dum:
1. Alle eg møter på i løypa ser heilproffe ut. Dei har slike swix-uniformar og slikt heile gjengen, og det ser ut som det er verdas lettaste sak å gå på ski. Så ser dei på meg og smiler. Eg tenkjer dei gliser overberande av håplaust utstyr og håplaus teknikk. Eg har omsider bestemt meg for å gje blaffen. Eg hadde sett enno dummare ut om eg hadde hatt heilproft utstyr. Og uproff teknikk. Ikkje bra kombinasjon. Men blid er eg då. Berre sjå på bilete.
2. Eg kjem aldri til å skjønne meg på skismøring. I dag tok eg ein sjanse på både farge og kor eg skulle feste smøringa hen (vel, det er jo merka av smørefelt bak på skia mine, så er ganske idiotsikkert). I dag hadde eg flaks. Eg hadde både gli og feste.
3. Sjølv om ein har feste, hjelper ikkje det i oppoverbakker som er bratte. Eg hadde verkeleg ikkje trudd det skulle vere så hardt for armane. Kvifor ser eg aldri andre som vrir ansiktet i smerte når dei går oppover bakkar. Eg eig korkje tenikk eller styrke
4. Det skal liksom vere moro å køyre nedover. Det er også det. Til eit visst punkt. Når det begynner å svinge, og du skjønner at viss du ikkje kjem deg ut av "trikkeskinnesporet" kjem du til å brekke både ski og bein. Også må du berre tenke veldig fort på kva du skal gjere i desse skarpe svingane. For plutseleg kjem dei ein heilproff person i kondomdrakta si bak deg - klar for å skratte av deg, eller enno verre: spørje om eg treng hjelp!
5. Alle har skiboks eller skistativ. Eg har ingenting og må ha skia inni bilen. Alle ser slik at eg ikkje er eit friluftsmenneske.
Men når alt kom til alt, så var det vakkert også. Og når ein bestemmer seg for å gje blaffen i kva folk tykkjer, meiner og trur, og berre kose deg i naturen. Då er det eigentleg ganske fint. Med Robyn på full guffe på øyra, synge om tapt kjærleik og jamre over kor fælt livet er.
1. Alle eg møter på i løypa ser heilproffe ut. Dei har slike swix-uniformar og slikt heile gjengen, og det ser ut som det er verdas lettaste sak å gå på ski. Så ser dei på meg og smiler. Eg tenkjer dei gliser overberande av håplaust utstyr og håplaus teknikk. Eg har omsider bestemt meg for å gje blaffen. Eg hadde sett enno dummare ut om eg hadde hatt heilproft utstyr. Og uproff teknikk. Ikkje bra kombinasjon. Men blid er eg då. Berre sjå på bilete. 2. Eg kjem aldri til å skjønne meg på skismøring. I dag tok eg ein sjanse på både farge og kor eg skulle feste smøringa hen (vel, det er jo merka av smørefelt bak på skia mine, så er ganske idiotsikkert). I dag hadde eg flaks. Eg hadde både gli og feste.
3. Sjølv om ein har feste, hjelper ikkje det i oppoverbakker som er bratte. Eg hadde verkeleg ikkje trudd det skulle vere så hardt for armane. Kvifor ser eg aldri andre som vrir ansiktet i smerte når dei går oppover bakkar. Eg eig korkje tenikk eller styrke
4. Det skal liksom vere moro å køyre nedover. Det er også det. Til eit visst punkt. Når det begynner å svinge, og du skjønner at viss du ikkje kjem deg ut av "trikkeskinnesporet" kjem du til å brekke både ski og bein. Også må du berre tenke veldig fort på kva du skal gjere i desse skarpe svingane. For plutseleg kjem dei ein heilproff person i kondomdrakta si bak deg - klar for å skratte av deg, eller enno verre: spørje om eg treng hjelp!5. Alle har skiboks eller skistativ. Eg har ingenting og må ha skia inni bilen. Alle ser slik at eg ikkje er eit friluftsmenneske.
Men når alt kom til alt, så var det vakkert også. Og når ein bestemmer seg for å gje blaffen i kva folk tykkjer, meiner og trur, og berre kose deg i naturen. Då er det eigentleg ganske fint. Med Robyn på full guffe på øyra, synge om tapt kjærleik og jamre over kor fælt livet er.
onsdag 2. mars 2011
Biblioteket - eit gløymt velferdsgode
Etter nøye vurderingar har eg beslutta å ikkje reise til Oslo i vinterferien. Utelukkande på grunn av økonomi. Så torsdag og fredag har eg to fridagar eg må fylle med aktivitetar. Etter at skia mine har samla støv i Vågå i to månader (ti år i Valdres før dei kom hit), kjøpte eg i helga skismøring. På tysdag er det skidag på skulen, og då må eg vere utlært. Så i morgon skal eg teste skia og skiføret. Endeleg!
Men skigåing held ikkje til å fylle to fridagar. Så i går fann eg ut at eg skulle ta ein tur på biblioteket. Og det er merkeleg. Mellom kvar gong eg er på biblioteket gløymer eg kor mange skattar som er gøymt der. Biblioteket i Vågå har ei heilt enorm DVD-samling, og då er det ingen grunn til at eg skal drive å kjøpe meg så mange DVD'ar. Så no er både CHE og moro med Trond Espen Seim lånt inn. Og ja, så skal eg innrømme eg lånte med meg 2012 også. Kanskje pinlig å innrømme det, men eg eeeeelskar katastrofefilmar. Eg tok også med meg nokre bøker - både nynorsk ungdomslitteratur og Bjørnson sine bondeforteljingar.
Og i dag fann eg ut at eg også kunne teste ut biblioteket på Otta også. Og i motsetnad til biblioteket i Vågå, har dei lyrikk av Tor Jonsson. Og dei har mange bøker av Are Kalvø. Og enno litt fleire junk-litteratur-bøker (jentelitteratur som vi kallar det, som passar i Syden - og i soooola!). Så eg har lånt med meg litt av kvart, og har no planer om å gå på ski på dagane, og lese og skrive på ettermiddagane og kveldane. Treng jo ikkje reise bort sjølv om eg har to feriedagar. Kan jo slappe av!!!
Poenget er at eg elskar biblioteket. Og har ein tendens til å gløyme at det er fri underhaldning tilgjengeleg der. Og at eg faktisk ikkje treng å bruke pengar sjølv om det er ferie.
Vel - på turen til Otta fann eg ut at eg måtte vaske bilen min (okey - det var ikkje snø sist gong eg gjorde det), og det kosta 199 kroner. Så måtte eg kjøpe to flasker cava på polet - slik i tilfelle eg treng eit glas vin til skrivinga mi. Også måtte eg innom matbutikken og kjøpe ræl. Også måtte eg fornye lotto (kan jo ikkje klage på at eg aldri vinn viss eg aldri tippar) - og fekk endeleg gjeve beskjed om at grasrotandelen min skal gå til Vågå IL (kunne kanskje meldt meg inn sjølv også - eg som er så sporty). Ja, også berre måtte eg ha 20 marlboro lights (slik for sikkerhets skuld). Vel - bibliotekturen kosta vel då omlag tusen kroner likevel..
Men poenget er fortsatt at eg var veldig lukkeleg då eg reiste heim frå Otta. Med bilen full av litteratur både av Are Kalvø og Tor Jonsson - og fin og rein bil!! Og med store ambisjonar om å gå på ski dagen etterpå! :)

tirsdag 1. mars 2011
Syng og ver glad!
Eg blir meir og meir overtydd om at vi treng meir kunst og kultur i skulen, ikkje mindre.
På fredag var 90 elevar her i Vågå i aksjon på scena då vi sette opp musikalen ”Barnas klimakonferanse”. I ei heil veke har elevane kvar skuledag øvd intenst på drama, songar og musikk og dans.
Gjennom denne veka har vi fått sjå elevar blomstre som aldri før. Elevar har fått trening i å stå på ei scene, samarbeide med andre og utfordre seg sjølv.
Det har vore ein annleis skuleveke. Og eg har fleire gonger fått tårer i augo når elevar stolte har sagt: ”det er fyrste gong eg har sunge åleine” eller ”eg tør gjere ting eg aldri har gjort før”. Og som elevane har blomstra! Vi fekk høyre elevar som knapt seier noko i timane synge solosong og både foreldre og tilsette såg sider ved elevane dei aldri hadde sett før.
Kritikk mot slike arrangement kjem. ”Kor blir det av dei viktige faga”? ”Vi må konsentrere oss om lesing, skriving og rekning – ikkje berre om slik kunstfjas”.
Vi utviklar ikkje heilskaplege menneske ved å sitje framom ein pult og terpe på oppgåver i lærebøkene dag ut og dag inn. Vi treng eit mangfald av metodar og arenaer. Og meir enn noko anna meiner eg vi kan oppnå kompetansemål i alle fag ved å bruke kunstfagleg metode.
Eg skal love deg at elevane som no har fått syngje, dramatisere og danse ei veke i strekk har lært meir om formidling enn dei truleg gjer i løpet av eit normalt skuleår. Bodskapen i songane som handlar om klima, energiressursar og miljøspørsmål har også ”sett seg” på ein heilt anna måte i elevane sin bevisstheit, enn det ei læreboktekst ville gjort.
Kunst- og kulturfag er ikkje berre viktig for å nå kompetansemåla i faga. Det er også avgjerande for å utvikle gagns menneske som samarbeider og som bryr seg om andre. Eg trur vi vil få mindre mobbing og betre samhald mellom elevane ved å bruke meir kunstfagleg metode.
Å bruke kunstfagleg metode til å nå kompetansemåla i alle fag er krevjande. Det krev mykje meir planlegging enn å berre følgje læreboka. Og det krev mykje kompetanse hos dei tilsette. Det er difor viktig at både sentrale myndigheiter og skuleeigarar følgjer opp for å gje alle elevane fleire kunstfaglege læringsarenaer. Slik trur eg vi vil få gladare, klokare og meir samarbeidande og skapande elevar.
Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen 28.februar 2011.

Abonner på:
Innlegg (Atom)