torsdag 21. april 2011

Bagn vs. Vågåmo. Kven er best?

Etter nokre dagar heime på ferie i Bagn, føler eg det er på tide å arrangere ei kåring av kven som er beste plassen å bu av dei to plassane som begge ligg mitt hjarte nære. Bagn eller Vågåmo? Oppvekstplass eller ny heimplass?
Bagn i Sør-Aurdal kommune. Plassen eg vaks opp.
Vågåmo i Vågå kommune. Plassen eg no bur på.

1. Shopping-moglegheiter
Bagn har to matbutikker, ein bensinstasjon, Nille, apotek, sportsbutikk el-butikk, blomsterbutikk og Brustad med klede. Vågåmo har heile fire matbutikkar, to bensinstasjonar, apotek, el-butikk, klede, blomsterbutikk og POL. I Vågåmo får du meir sentrumskjensle. I Bagn er alt samla på det som ein gong var Valdres' største kjøpesenter. Vel...det er vel ingen tvil om at begge plassane ikkje er plassar eg "går på shopping", men her får Vågåmo ein knepen seier.
Vågåmo 1
Bagn 0

2. Skjønnhet
Vanskeleg. Vanskeleg. For eitt år sidan ville eg sagt Vågåmo. No ser eg på Bagn med nye augo. Det er verkeleg vakkert her. Sjølve sentrum er nok penare i Vågåmo, men eg tykkjer Bagn ser penare ut når du ser utover heile staden. Når ein kjem køyrande ned mot Bagn, så er Bagn vakrast. Å køyre i sentrum, er penare i Vågåmo. Eg seier uavgjort her.
Bagn: 1
Vågåmo: 1

3. Turmoglegheiter
Eg skal innrømme det. Eg har aldri gått noko særleg mykje på tur i Bagn. Det er fyrst no etter eg har flytta ut eg har sett moglegheiten. No går eg nokre turar, og har også funne ut at det er mange stiar, løyper og slikt det går an å gå her. Men Vågåmo skal ha for at det er skilta bra løyper i sentrum og i nærleiken av sentrum. Det er det ikkje i Bagn. Vi manglar også gang- og sykkelløyper i Bagn. Dette blir ein knepen seier til Vågåmo.
Vågåmo: 1
Bagn: 0

4. Kaffe-latte
Vel..eg er ikkje heilt objektiv sidan det er nær slekt som driv Tunkroa i Bagn. Men det er ingen tvil om at du får skikkeleg kaffe latte der. No får du også lokalprodusert mat. Den kaffe latten dei lagar i Vågå skjønar eg verkeleg ikkje korleis dei får til. Sur traktekaffe på kommunehuset tilsatt mjølk smakar betre. Skjerpings altså, Vågåmo! Kaffen dykkar smakar høgg. KLAR seier til Bagn.
Vågåmo: 0 (har lyst til å gje minuspoeng)
Bagn: 1

5. Party-liv
Bagn har Raven og Sadel. Og nokre bygdefester her og der. Eg har vel aldri "gått ut på byen" i Bagn. Det kan vi faktisk gjere i Vågåmo. Bowlingen, Bokhandelen og hotellet. Og dei arrangerer faktisk ting! Du kan faktisk gå pub-runde i Vågåmo. I Bagn drikk vi heime hos kvarandre (og i blant kan det kanskje vere like fornuftig å halde seg heime etter nokre flasker cava). Klar seier til Vågåmo.
Vågåmo: 1
Bagn: 0

6. Kulturelt tilbod
Bagn har ikkje kulturhus. Bagn har ikkje spesielt godt tilbod i kulturskulen. Bagn har eit aktivt idrettslag som sørger for at det skjer noko spanande. I Bagn har eg vore på Bagn IL-revy. I Vågåmo har dei normalt sett eit kulturhus (når det ikkje er vatnskada) og ei god kulturskule. Kommunen satsar på kultur, og eg har vore på fleire konsertar her enn eg nokon gong var i Bagn. Satse på kultur kan vi ikkje seie dei gjer i Sør-Aurdal. Bagn IL trekk opp. Resten trekk ned. Klar seier til Vågåmo og Vågå.
Vågåmo: 1
Bagn: 0


7. Smile-faktor

Eg har begynt å smile meir etter eg kom til Vågå. No helser eg og smiler til nesten alle eg møter. Det er nokre som ser veldig bestemt vekk som eg enno ikkje tør helse på. I Bagn har eg lenge følt at folk har vore surare. Men no har eg begynt å smile meir når eg er i Bagn, og det er sanning i orda: "smil til verda og verda smiler til deg". Folk er blide i Bagn også, altså. Det er eg som har vore sur!! Men no er eg blid og verda smiler til meg. Så fint atte. Uavgjort.
Vågåmo: 1
Bagn: 1

8. Sentralitet og regionalt samarbeid
Okey...eg har ikkje forstått kva det vil si å bu på bygda før eg flytta til Vågåmo. I Bagn er det 15 mil til Oslo. Frå Vågåmo er det 15 mil til Lillehammer. Valdres har flyplass, fødestogo, vi har ein fin by. Fagernes slår Otta ned i støvlene - berre så det er sagt. Og Fagernes er regionsenteret i Valdres! I Nord-Gudbrandsdalen berre kranglar dei. Valdres høyrast koseleg ut. Nord-Gudbrandsdalen høyrast drit-kjipt ut. Klar seier til Bagn og Valdres.
Vågåmo: 0
Bagn: 1

9. Servicetilbod
Sør-Aurdal og Vågå er vel dei kommunane i fylket med høgast lånegjeld per innbyggjar trur eg. Då eg satt i kommunestyret, så var Sør-Aurdal i skikkeleg økonomisk uføre. No - etter at eg flytta - har det blitt bra. Eg trur ikkje det har ein samanheng altså. Men eg føler Vågå er betre her altså. Det KAN ha noko å gjere med at eg sjølv jobber i kommunen og trur alt er så fint og flott, men eg trur Vågå gjev ganske gode tenester til innbyggjarane sine. I Sør-Aurdal har vi mest høyrt om nedskjæringar dei siste åra. Vel..det er bra begge plassar, og ingen lid nokon nød nokon plassar, så sidan eg ikkje er heilt objektiv her heller, så kallar vi det uavgjort.
Vågåmo: 1
Bagn: 1

10. Bygdestrid og grendementalitet
I Sør-Aurdal er det Hedalen mot røkla. Kommunen er liksom litt delt i to. Hedalen vil helst bli ein eigen kommune og føler alle andre i kommunen er mot dei. Reinli vakna bittelitt til liv då skulen vart nedlagt, i Begnadalen veit dei ikkje heilt kor dei høyrer til, men lagar sin eigen revy kvart år og på Leirskogen veit eg ikkje heilt kva dei driv med eigentleg.

I Vågå er det også nokon som trur det er Lalm mot røkla. Skilnaden mellom Lalm og Hedalen er at Lalm ligg midt mellom Otta og Vågåmo og at dei på Lalm gjer laurdagshandelen sin på Otta. Hedalen ligg laaaangt unna Bagn, og dei gjer laurdagshandelen sin i Hedalen eller på den gudsforlatte plassen Nes i Ådal. I Vågå har vi også Randsverk, Tessand, Skogbygda, Sjårdalen og Nordherad.

Felles for begge kommunene er at det i kommunesenteret skal mykje meir til for å vekke engasjementet til live. Då vi hadde opne møte om skuleprosjektet vårt i Vågå, då dukka det opp færrast på møtet i sentrum, og flest i Skogbygda. I Bagn så reagerte dei fyrst på at barnehagen vart flytta til Reinli den dagen ungane skulle begynne i barnehagen og dei oppdaga dei måtte køyre 3 km til Reinli, og då med orda: "Ja, dette var litt dumt, ja. Det er litt dårleg veg. Ja, dette var vi i mot. Kvifor gjorde politikarane dette??".

MEN; også her blir det uavgjort. Bygdestridene kan vere like heftige begge plassar, og du ser akkurat dei same uttrykka og høyrer akkurat dei same argumenta når det kjem til lokaliseringsdebattar begge plassane.
Vågåmo: 1
Bagn: 1

Totalresultat:
Vågåmo: 8
Bagn: 6

Knepen seier til Vågåmo. Og det er kanskje greitt. Eg har då tross alt vald å busette meg i Vågåmo, og ikkje i Bagn. MEN; alt er ikkje mykje betre i Vågå, altså. Slik som de folk i Valdres ofte sikkert kan få inntrykk av at eg meinar!! :)

tirsdag 12. april 2011

Energisk jente søker sommarjobb!

Eg er ein av desse personane som meiner støv ikkje eksisterer om det ligg under sofaen. Og smuler børster vi elegant under teppet.

Og rekningar eg ikkje vil ha? Dei ligg fint i postkassa sidan eg berre "gløymer" å ta dei med inn.

Hadde det ikkje vore for at foreldra mine har gjeve meg noenlunde god oppdraging i høve til dette, og har vorte illsinte viss rekningar ikkje er blitt betalt og eg har slurva med økonomien, så hadde eg garantert vore eit sikkert kort i "Luksusfella".

Også var det denne sjølvmeldinga då. Eg har hatt ei dårleg kjensle heile vegen. Og eg har visst at baksmellen vart stor.

Trikset mitt har dei siste vekene vore å ikkje gå inn på altinn for å sjekke dette. "Det går nok over" har eg tenkt. Kanskje kjem det ein snill fe for å ordne opp? Eller kanskje eg vinn i Lotto slik at eg ikkje treng å bekymre meg?

Vel..i dag dumpa det ein skummel konvolutt opp i postkassa mi. Eg måtte jo opne opp greiene. Eg frykta det verste. Sanninga? Enno verre enn eg hadde trudd! Smellen var femsifra. Lat oss seie det slik at smellen var større enn eit årleg klesbudsjett for unge Blåfjelldal. Vi pratar store summar!

Men det er merkeleg. I krisesituasjonar tenker Blåfjelldal overraskande rasjonelt. Eg var heilt kald og roleg. Eg begynte å rekne på kor stor eigentleg restskatten vart. Og sjølv om det er ein høg sum, så freaka eg ikkje ut ein einaste augenblink.

Men tiltak som vil bli gjennomført er:
- Be arbeidsgjevar trekke meir i skatt i år
- Slutt på shoppingturar hit og dit
- Påskeferie heime i Valdres og ikkje i Oslo
- Attende til nudlar og havregraut i kosthaldet
- Redusere inntak av cava
- Ikkje ferietur i sommar

Eg vurderer også måtar å auke inntektene på. Eg kjem til å ønskje meg pengar i 30-årsgåve no, og vurderer også å skrive ein kiosklitteraturroman. Også skal eg levere inn Lotto-kupongen.

Men eg tenkjer også å bruke den "lange ferien" min på inntektsbringane arbeid. Difor søker eg med dette sommarjobb til sommaren. Dette er å rekne som ein open søknad til heile verda:

Eg er ei veldig blid jente med stor energi og utstråling. Eg har fantastiske muntlege kommunikasjonsdugleikar og er ekstremt god på formidling. Eg har også fått ganske godt lag med menneske, og også ungar, etter år med politikk og nokre månader som barneskulelærar.

Eg er ikkje snobbete, og kan jobbe stort sett kvar som helst. Eg er litt klønete og ikkje alltid like praktisk anlagt. Eg kan også vere litt treig i oppfattinga, og tek ikkje alltid poenget i vitsar før dagen etterpå. Men eg tek som oftast poenget.

Viss du trur du kan ha bruk for meg i lønna arbeid i sommar, vil eg gjerne at du tek kontakt. Og nei, det er ikkje tull! Eg må betale Staten det eg skuldar han.

lørdag 9. april 2011

Neinei..det er eigentleg ikkje politikk.

Veldig mange folk: Eg ser du skal gjere comeback i politikken, Hanne.

Flau Hanne: Neinei...fylkespolitikk er vel eigentleg ikkje politikk. Eg gjer det berre fordi eg meiner det er viktig Vågå er representert i fylkestinget. Også må jo nokon sørge for Skogbygdsvegen (litt spøkefullt). Så dette er slettes ikkje noko å prate om.

Eg har liksom vore flau over at eg har take på meg å seie ja til eit folkevald verv att. Eg sa jo med brask og bram at eg skulle ta meg ein pause frå politikken for over eitt år sidan. Frå å ha politikk som jobb og hobby, og bruke stort sett kvar einaste helg til politikk, gjekk eg til å ikkje ha eitt einaste verv att. Det siste året har eg hatt frihelger, eg har funne meg sjølv - og eg meiner eg er blitt eit betre menneske. Eg stortrivst med å jobbe i kommuneadministrasjon og som lærar, og berre setje i kraft det andre bestemmer!

Eg tykkjer også det har vore så godt å ikkje måtte ha ein meining om absolutt alt!!

Og javisst ser ein annleis på verda når ein har ein "vanleg jobb" enn når ein jobbar som politisk rådgjevar på Stortinget og elles fyller fritida med politiske verv.

Kanskje nettopp difor er eg ønska til å medverke meir i politikken. No når eg har ein "vanleg jobb", lev eit "vanleg liv" og eigentleg har vinka adjø til politikken. JO! Kva skjer då??

Joda, eg er ønskja inn i Framstegspartiets sentralstyre! I leeinga av partiet!!

Eg er ønskja til å vere med Siv, Per Sandberg, Carl I. og Per Arne Olsen til å meisle ut strategiar for partiet, til å kome med forslag til betringar av politikk og organisasjon og til å vere med å forme politikken til FrP i tida framover.

I all beskjedenhet, trur eg nok eg er ønskja fordi eg skal vere ei stemme frå "grasrota" og frå oss som ikkje driv med politikk på heiltid. Ser ein på sentralstyret no, så er jo alle heiltidspolitikarar (og dit vil eg ikkje attende - berre så det er sagt!)

Hadde eg vore med i Idol, ville eg sagt det var "sinnssjukt". Eg meiner vel eigentleg at det mest er litt absurd. Eg trudde bokstaveleg talt eg skulle dette av stolen då eg i førre veke fekk spørsmål om eg ville vere kandidat til sentralstyret i FrP.

Eg gjekk meg ein to timers lang tur og tenkte gjennom ting. Det eg tenkte mest på, var: Vil eg vere ein sentral tillitsvald i FrP? Er du klar over kva som vil skje viss du gjer noko gale i tida framover, Hanne? Og har du gjort noko i fortida som VG plutseleg kan smelle opp på framsida?

Reint hypotetisk. Hanne Blåfjelldal drikk for mykje cava ein kveld, og må ut å køyre bil dagen etterpå. Unge Blåfjelldal blir stoppa av politiet og take i promillekontroll. Det ville vore flaut for "Vanleg-Hanne" og folk i Vågå ville sikkert ha mista tillit til meg når dei fekk vite det. Men kva ville skjedd med "Sentral tillitsvald i FrP-Hanne"?. Truleg eksponering i mange medium i heile Noreg, og eg ville blitt kjend att på Lillehammer som ho "fyllsvinet frå FrP".

Etter ein lang gåtur fann eg ut at eg berre for å vere på den trygge sida må slutte å drikke cava når eg må køyre bil dagen etterpå.

Men frå spøk til alvor; det er ikkje berre berre å ta på seg eit slikt verv. Gjer du feilskjær blir det mykje meir lagt merke til. Og det er slikt ein skal tenke nøye gjennom før du tek på deg å stille til val - anten det er i kommunepolitikk, på Stortinget eller i Sentralstyret.

Eg takka ja (sjølvsagt; eg klarar jo ikkje seie nei til noko som helst). Eg er no innstilt av valkomiteen som nytt sentralstyremedlem i Framstegspartiet.

Eg takka ja fordi eg trur og meiner eg ser verda på ein annleis måte no enn eg gjorde før. Eg takka ja fordi eg er beintøff og ikkje redd for å vere kritisk - slike menneske trur eg alle parti treng for å utvikle seg. Eg takka også ja fordi eg trur eg representerer mykje som ikkje er å finne i FrP sitt sentralstyre i dag - vi pratar tross alt om ei jente med stor tru på å bruke meir kunst og kultur i skulen, og som er medlem av Norsk lektorlag og Noregs mållag! :)

Det er val på landsmøtet 15.mai. Det blir spanande. Det er jo ikkje sikkert eg blir vald ein gong. Men blir eg vald, så kan eg nok kanskje ikkje lenger spøke bort mitt "comeback" i politikken. MEN; eg skal berre vere hobbypolitikar, altså! Så er det sagt!! :)

PS: Eg har endeleg fått kjøpt meg skikkeleg digitalkamera i dag. No blir det slutt å springe rundt med mobilkamera for å ta bilete. Så no les eg meg opp på blendaropning og lukkertid. Reknar med eg skal springe rundt i Vågå for å ta bilete i morgon, så de kan sjå fram til gode bilete på bloggen framover!! Og beklager alt dårleg ræl eg har publisert tidlegare...

mandag 4. april 2011

Kvifor går tunnelane nedover?

Eg bruker å seie at eg ikkje er så smart som eg ser ut, og eg begynner å forstå at det stemmer overraskande bra. Fredagskveld kom eg til Hitra/Frøya passe sliten, køyrte inn i ein tunnel frå fastland over til øya. Det gjekk plutseleg veldig fort nedover, og eg skjønte ikkje kvifor i alle dagar at tunnelen gjekk så bratt nedover.

I full panikk går det opp for meg slik midt i tunnelen at eg er under vatn! Då er det berre å gasse på for å kome seg ut (eg ser allereie då vatnmassene kome mot meg og begynner å fantasere om kva eg skal gjere viss så skjer). Det eg ikkje tenkjer på er at det er fotobokser der; noko som får panikken til å bli enno større.

Og jammen må eg ikkje gjennom nok ein nedover-tunnel for å kome meg til Frøya. Då er det berre å ligge på bremsane i 10% helling i tunnelen, mens du lurer på kva du er mest redd for; å leike actionhelt for å kome deg ut av ein tunnel der vatnet fossar inn, eller å bli take i fotoboks.

Eg kom meg gjennom tunnelane, og hadde nokre strålande dagar på Frøya. Eg var der for å halde eit foredrag om skuleprosjektet i Vågå på seminar for prosjektet "Frøya inn i framtida". Her ser du nokre bilete frå turen min. Blid jente i sola i vakkert landskap!
Vår!!
Fint på veg heim frå Frøya. Har planlagt å leie meg rorbu til sommaren, og bruke tida på å skrive dikt og sjå på havet.
Mesterfotograf Hanne slår til att. Skulle ta bilete av veldig møkkete bil som vart bæsja på av måker. Og fekk sjølvsagt bilete av meg sjølv speila i måkemøkk. Nydeleg!!