tirsdag 26. juli 2011

Vi må kjempe, kjempe att, og fortsette å kjempe.

Det har vore nokre merkelege dagar. For meg, som for alle andre. Eg er heldig. Då det smalt i Oslo var eg midt mellom Youngstorget og Grünerløkka. Ingen av mine nære vener er døde eller hardt skada. Men, som dei aller aller fleste i Noreg, kjenner eg nokon som har opplevd dramaet på nært hald. Det gjer at alt som har skjedd kjem så mykje nærare enn alt av andre grusomheiter som skjer i resten av verda.

Dei siste dagane har ein vore innom dei fleste av kjenslene som finst i eit menneske. Avmakt, oppgitthet, sinne, kjærleik, glede og stoltheit.

Eg er stolt over å leve i eit demokratisk og ope land som Noreg. Der vi står saman i slike tider, og bestemmer oss for å kjempe attende.

Eg er sint og oppgitt over nordmenn som rett etter bombeangrepet seier ting som dette til muslimar: "Nå ligger dere jævlig tynt an". Eg er sint og oppgitt over folk som i etterkant av slike angrep, brukar sjansen til å kjempe mot Noregs demokratiske tradisjonar - som til dømes ønskjer å opne opp for dødsstraff eller ha mindre rettssikkerheit for folk.
Oslo laurdagskveld. Personell med våpen er noko som ikkje er vanleg i Noreg, og som eg håper aldri blir vanleg heller.

Eg kjenner avmakt ovanfor ondskap. Eg kjenner avmakt i høve til å kunne avverge slike grusomme tragedier, som er eit resultat av noko vi ikkje kan forstå. Spørsmål som: "Må vi kunne forstå for å kunne avverge slike ting?", dukkar opp. Eg veit ikkje om eg ønskjer å forstå ondskap og kor det kjem i frå.

Eg kjenner kjærleik ovanfor landet mitt, og alle som står meg nære. Eg kjenner også kjærleik ovanfor alle dei ideal eg veit at dei fleste av oss som er, eller har vore aktive ungdomspolitikarar står for: vi er tilhengjarar av demokrati og retten til å bevege seg kor ein vil, kjempe for det ein trur på og bli respektert av andre for dette. Det kjennast så ekstra ille med eit slikt grotesk angrep på uskuldige menneske, som berre har ønskja å jobbe for det vi alle som driv med politikk ønskjer å gjere; lage verda til ein betre plass å leve - for alle.

Eg er stolt over folka i min hovudstad som viste eit samhald og engasjement eg aldri har sett makan til. Eg kjenner at Oslo er min by. Det er min hovudstad. Og eg er glad i denne byen og alle folka som bur i han. No står vi alle saman, og det er ei heilt enorm oppleving. For stort sett føler ein at verda handlar meir om konfrontasjon og ulikskapar, enn om samhald.
Blomster utanfor Domkyrkja i Oslo då eg var der på laurdag. No er det mykje meir der.

Eg kjende glede då eg kom til Vågå og oppdaga at engasjementet er like stort her, som det er i Oslo. I går var over tusen menneske i fakkeltog og minnemarkering her i Vågå. Også her vart demokratiske ideal trekt fram, og alle dei politiske partia sto samla.
Bilete av tog i lille Vågå, der omlag tusen menneske møtte opp. Til informasjon bur det omlag 3 800 innbyggjarar i Vågå kommune.

Eg har tenkt mykje på ondskap dei siste dagane. Eg har ingen svar for korleis vi skal stoppe ondskapen, eller om det er moglegheit til å utrydde ondskap. Eg vil difor bruke orda til nokon som seier det så mykje betre enn meg, nemleg eitt av dei store førebileta mine i litteraturen, som har brukt heile livet sitt til å utrydde ondskapen:

"It is important to fight, and fight again, and keep fighting, for only then can evil be kept at bay, though never quite eradicated". Albus Dumbledore

lørdag 16. juli 2011

24: Lese "Prosessen": Fullført 16.juli 2011

Eg har no gjort ein av tinga på lista mi over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Noko eg har tenkt eg skal gjere i lang tid, men aldri fått meg til å gjere. Litt fordi eg har tenkt at det kanskje ikkje er veldig sympatisk gjort å lese verk forfattaren sjølv meiner er for dårleg til å publisere, men mest fordi eg har vore lat. Og å setje i gang med Franz Kafka sin "Prosessen" viste seg å vere litt av ein prosess for meg også. Men eg tok sola og fjellet til hjelp.

Her ser du den vakre plassen eg starta på "Prosessen" på. Langt vekk frå folk, og i mitt "barndoms rike" på Veståsen i Bagn.


Her ser du "Prosessen" fortsatt uopna. Det viste seg nemleg at eg fann ut eg ville lese ei pocketbok om "Rapsgubbene" fyrst. Veldig underhaldande og veldig lettlest.


Men så, vart eg motivert for Franz Kafka. Og lat oss seie det slik; eg trur heile poenget med "Prosessen" er at ein skal skjøne minst mogleg. At ein skal bli meir og meir forvirra. Og meir og meir sint for at ein ikkje får vite kva Josef K eigentleg er tiltalt for. No skjønar jo også eg (med min noko enkle og overfladiske hjerne) at heile poenget er at ein ikkje skal få vite dette, og at ein slik prøver å framstille eit eller anna byråkratisk rettshelvete som ingen skal trenge gjennom.

Uansett. Boka er ei av bøkene ein "må lese". Så får det berre vere at den fyrste setningen er den beste i heile boka: "Noen måtte ha baktalt Josef K., for en morgen ble han arrestert uten at han hadde gjort noe galt". Vakkert, vakkert, og får deg til å ønskje å finne ut kva han eigentleg blir arrestert for. Og viss du vil finne ut det, kan du eigentleg berre droppe å lese boka. Du blir ikkje klokare.

Også har eg også take meg i å ønskje at Franz Kafka fekk fullført boka si. For det er vel ingen tvil om at eg følte det mangla nokre kapitlar i boka her - utan at eg trur eg ville blitt noko klokare viss dei hadde vore med. Også tenkjer eg det er pussig at ei bok forfattaren sjølv ikkje meinte var god nok, og som vart gjeve ut mot hans vilje (etter hans død), har gått inn i litteraturhistoria som eit av dei største verka som nokon gong er publisert.

fredag 15. juli 2011

50 ting eg skal gjere før eg døyr

No er eg endeleg ferdig med lista mi over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Det har ikkje vore enkelt, men det har vore ei nyttig øving. Eg har vore oppteken av at det skal vere realistiske ting, slik at eg faktisk har moglegheit til å klare dette. Lista er i uprioritert rekkjefølge.

50 ting Hanne skal gjere før ho døyr:


1. Lære meg å fiske (altså; å kunne drepe fisken og sløye fisken)
2. Lære meg å måle (gå på målekurs slik at eg lærer nokre teknikkar)
3. Lære meg å skifte dekk på bilen
4. Besøke New York
5. Reise til skikkeleg Afrika (sør for Sahara, altså. Tunisia og Egypt reknar eg ikkje med)
6. Lære meg spansk
7. Lære meg å spele eit instrument
8. Køyre elvebåt på Nilen
9. Gifte meg i Las Vegas
10. Gå Besseggen
11. Besøke Grand Canyon (skam ikkje å ha vore der når eg har budd i Arizona – omtrent like stor skam som å bu i Vågå og ikkje ha gått Besseggen).
12. Besøke Yellowstone nasjonalpark
13. ”Færra te Mexico”
14. Besøke Cuba
15. Vere passasjer på Orientekspressen
16. Besøke ein region dei produserer cava og reise frå vingard til vingard for å drikke meg cavafull.
17. Bu i eit lite raudt hus i skogen
18. Oppleve Britney Spears-konsert
19. Reise på ein skikkeleg festival, vere hippie og bu i telt
20. Delta i sivil ulydnad
21. Reise til Dollywood
22. Lese Opptegnelser frå et kjellerdyp (Dostojevskij)
23. Lese Anna Karenina (Tolstoj)
24. Lese Prosessen (Kafka)
25. Lese Markens Grøde (Hamsun)
26. Lese Don Quijote (Miguel de Cervantes Saavedras')
27. Lese Dekameronen (Boccaccio)
28. Lese 1001 natt
29. Gje ut bok
30. Sjå ei oppsetting av Jon Fosse (har sett ei, men den var omsett til bokmål, og eg var skuffa)
31. Gå i operaen i Oslo (har vore i operaen i Sydney, men ikkje i Oslo)
32. Gå på kino åleine i Noreg
33. Reise på sydenferie åleine
34. Kome inn att i rosa draumekjole størrelse 36
35. Gå på fotokurs
36. Fiske kongekrabbe
37. Klare å springe 10 km utan pause
38. Gå på gudsteneste i Vågåkyrkja
39. Lese Bibelen frå perm til perm
40. Gå i skogen og hogge ned mitt eige juletre
41. Sjå Niagara falls
42. Reise på Yoga-skule i India
43. Køyre Route 66
44. Klatre til toppen av eit tre
45. Gå ein tur i Oslo og seie hei til alle eg treffer
46. Besøke Påskeøya
47. Gå oppå ein skikkeleg stor isbre og studere han på nært hald
48. Reise jorda rundt
49. Ta bilen, reise på måfå-tur i Noreg og følgje konsekvent skilt med rare stadsnamn.
50. Besøke Mall of America


Eg er allereie i gang med, og har snart fullført ein av tinga. Oppdatering følgjer.

søndag 10. juli 2011

Petroleumsturisme

Det fyrste som skjer når ein skal inn i helikopteret som skal frakte deg til Nordsjøen og Sleipner, er at du får på deg ei fantastisk komfortabel overlevingsdrakt. Denne må du sitje med inne i helikopteret og ha på deg heilt til du er framme på plattformen. Korleis eg skal oppføre meg i vatnet viss ulykka skjer, får du beskjed om på ein instruksjonsvideo. Eg datt av halvvegs, og eg er vel eigentleg spent på om eg ville klart å overleve viss eg hadde dutte i vatnet.

Her ser du helikopteret vi køyrte med.

Over ser du min nye arbeidsuniform. Her har eg funne instrumentet dei borrar etter olje og gass med. Voldsomme greier, som eg aldri ville skjønt korleis eg skulle brukt. Det er bra det er folk som kan slikt også, tenkjer eg. Imponerande!

Her ser du plattformen Sleipner A. Det er der dei som arbeider ombord bur, og der er også kontrollrommet, treningsrom, kantine og alt anna ein treng i eit lite samfunn. Også mange rør som fraktar olje og gass sjølvsagt.

Ikkje påstå at dei ikkje tenkjer på miljøet i olje- og gassindustrien.

Eg fekk prøvd fiskelykka også frå plattformen i ukomfortabel høgde. Jamen fekk eg ikkje fisk også.

Her ser du nokre gale klatrere som sandbles eitt av beina. Galskap. Galskap. Galskap. Men arbeid som må gjerast.

Meg på veg attende til land i heilkopteret. Fått på meg den fine overlevningsdrakta att no.

Tusen takk til Statoil og Pappa som gav meg moglegheiten til å vere med på dette besøket. Oppleving for livet, og eg har også lært mykje om olje og gass som eg ikkje visste.

50 ting eg skal gjere før eg døyr

Eg driv i desse dagar og jobbar med ei liste over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Mest for å motivere meg sjølv til faktisk å gjere desse tinga. Berre å jobbe med lista hjelper. To av dei tinga eg hadde tenkt skulle stå på lista, har eg fått unnagjort i helga. Eg har besøkt Munch-museet (som eg aldri fekk gjort mens eg budde i Oslo) og eg har besøkt ein oljeplattform.

Å lage ei slik liste er ikkje lett, og no må eg også finne to nye ting som skal stå på lista sidan eg klarte å gjere unna to openbare kandidatar før lista var ferdig og laminert.

onsdag 6. juli 2011

Roxette - og så oljeeventyr i Nordsjøen

På grunn av stor gjeld til A/S Noreg (les; baksmell på skatten) blir det ikkje dei store turane i sommar. Planen er å bruke minst mogleg pengar og mest mogleg kaloriar. Ferie for meg i år blir difor å leve på det som finst i matskåpet på hytta, og heller bruke energi på å gå lange turar og vere redd for å støte på bjørn (ja, eg veit det er irrasjonelt, men eg høyrer og ser bjørn overalt når eg ferdast i naturen).

Det som kjem til å skje av spanande ting i sommar, skjer no difor i tidsrommet torsdag til laurdag denne veka.

I morgon ber det til Stavern for Roxette-konsert. Saman med nokre av desse fantastiske unge damene eg gjekk på ungdomsskulen saman med. No skal det vel seiast at dei var større fans enn meg (dei hadde til og med plakatar frå "Topp" på veggen), men også eg kan alle songane utanat. Og eg kjenner eg blir ung og gal att når eg høyrer låtane (når alt kjem til alt, så er eg forresten meir gal no enn då eg var 15 og seriøs). Dessutan; festival er moro. Og noastalgi er moro. Og øl er moro.

Etter Stavern blir det med eitt meir skummelt. Då skal eg til Nordsjøen. Nærare bestemt Sleipner. For ordens skuld; vi pratar ikkje om hesten til Odin, som hadde åtte bein, men plattformen Sleipner A, som kanskje også har åtte bein (viss ikkje, vil eg føle meg kraftig lurt).

Eg skal ærleg innrømme eg ikkje kan så mykje om oljeplattformar - ei heller kan eg mykje om oljeindustrien. Eg tenkjer at olje og gass er noko vi treng, og så får vi berre gjere det beste ut av det. Slik miljømessig. Eg har heller aldri hatt sterke meiningar om utbygging av nye oljefelt. Eg har den noko naive haldninga om at dette får dei som har peiling ta seg av.

Det eg tenkjer er heller berre at å besøke ein oljeplattform er ein av desse femti tinga på lista mi over kva ein bør gjere før ein døyr. Og no kjem sjansen min. Og når sjansen er der, då grip ein sjansen. Til tross for høgdeskrekk. Og til tross for at eg har litt problem med hav så langt augo kan sjå. For ikkje å prate om helikopter..

Pappan min har jobba i oljeindustrien i 25 år (minst, trur eg), og no får eg høve til å vitje han. Det skal bli moro å sjå kor han jobbar hen og korleis det eigentleg ser ut ute der (eg har jo liksom aldri heilt skjønt korleis kvardagen må vere for desse oljearbeidarane våre). Og så skal det bli artig å sjå om eg klarar å overleve dette her - både fysisk og psykisk.

"Det er ein fordel å ikkje ha på seg skjørt når du kjem" sa Pappan min til meg. Det tenkjer eg var eit godt råd, og gjorde at eg måtte ha med meg noko anna enn Hippie-kjolane mine når eg no pakkar for fjortis-eventyr med Roxette, og olje-eventyr i Nordsjøen.

mandag 4. juli 2011

Kva gale gjer vi mot gutane?

Kva er det vi gjer gale som gjer at gutane er i ferd med å bli skuletaparar?

Vi ser det i fråfallsstatistikken, vi ser det på nasjonale prøver og vi ser det viss vi tittar inn i eit klasserom i Noreg. Gutane gjer det ”dårlegare” enn jentene, dei er ikkje spesielt motiverte for skulearbeid og mange av dei kjedar vettet av seg i skulen. Siste Pisa-undersøking om elevane sine digitale lesedugleikar viste at Noreg er eitt av dei landa i verda med størst skilnader i prestasjonar mellom gutar og jenter.

Å diskutere denne problemstillinga er som å gå inn i eit vepsebol. Er det noko som er så grunnleggjande forskjellig ved gutar og jenter at det fordra ulike undervisning? Og viss vi rettar tiltak spesielt inn mot gutar, kan vi då gjere noko feil mot jentene?

For å gjere noko med problematikken, trur eg vi må erkjenne at jenter og gutar er ulike når det kjem til læring. Viss vi erkjenner dette, er det uproblematisk å seie at det er eit problem at det store fleirtal av lærarar i skulen er kvinner. Dette gjer truleg noko med metodane som blir brukt og relasjonen mellom elev og lærar.

Vi skal likevel vere forsiktige viss vi innfører tiltak retta inn mot gutane. Til dømes kan vi ha lett for å tru at gutane tykkjer det er lærerikt å mekke bil, gå på jakt eller andre ting vi ser på som ”maskuline”. Meir av slike ting, kan gjere at gutar som til dømes tykkjer dans, song og teater er midt i blinken, trivst enno mindre i skulen.

Eg trur vi som kvinnelege lærarar med fordel kan trekke inn mannlege ressurspersonar, som dagleg ikkje har sitt virke i skulen, i læringsarbeidet. Gutar (og jenter) treng mannlege rollemodellar – og dei treng å møte desse i skulen også. Når vi stort sett berre er kvinner i eit lærarkollegium, er det viktig å erkjenne at det kan vere viktig for elevane å sjå at det ikkje berre er damer som utøvar lærarrolla (og sjølvsagt må vi også gjere noko for å rekruttere fleire menn inn i læraryrket).

Å innføre tiltak i skulen som er meint å kome det eine kjønnet til gode, trur eg ikkje på. Nettopp fordi ein ofte ser like store skilnader frå gut til gut, som frå gut til jente. Eg trur at fleire praktiske undervisningsmetodar der elevane får bruke heile kroppen og alle sansane, kjem alle til gode. Også dei stille og pliktoppfyllande jentene som gjer det godt under dagens regime.

Publisert i Dagsavisen i spalta Blåmandag, måndag 4.juli