mandag 22. august 2011

Gøy på landet?

Reality-tv er tydeligvis det som skal redde bygda. Nyaste skot på stammen over "Bygde-reality" er "Gøy på landet" på TvNorge, som hadde premiere i dag.

Konseptet er slik: ein gjeng med jenter frå Oslo-området blir bussa rundt frå bygd til bygd. For å finne drømmemannen og drømmeplassen. Viss dei fell for sjarmoffensiven til bygda(som varar i fire dagar), kan dei velje å hoppe av bussen for å bli att der. Alle jentene skal visstnok ha lyst til å flytte frå byen til bygda.

Eg var skeptisk. Eg var skikkeleg skeptisk. Feministen i meg skrik; herregud, du treng vel ikkje ein mann for å flytte frå by til bygd? Er du lei av hovudstaden er det vel berre å flytte? Ta deg saman, jente!

Og eg tykkjer vel nokon av desse BygdeReality-programma har ein tendens til å byggje opp under fordommar og myter vi måtte ha om byen og bygda. Og er med på å forsterke bygda som ein harry plass der det luktar kumøkk, der folk går i FK-caps på butikken og det er umogleg å få tak i kaffi latte. Og vi som bur på bygda kan sjølvsagt ikkje pynte oss.

Dei fyrste fem minutta himla eg konstant med augo. Eg blir vel ikkje kjempebegeistra for den klisjéaktige innleiinga, som går noko slikt:

"Bygda ser ut som en nasjonalromantisk drøm, men det er mørke skyer som truer i horisonten. Fråflytting truer, og det er spesielt damene som flytter ut. Vi har proppa full en buss av eventyrlystne, deilige damer som står klare for å finne drømmemannen og drømmeplassen".

I løpet av dei fyrste fem minutta av programmet vart det sagt minst tre gonger at jentene flytter ut av bygda og at vi treng fleire jenter. Myten om at bygda er full av håplause ungkarar, vart slik ytterlegare forsterka. Noko som får meg til å lure på kva i alle dagar slike som meg gjer her.

Fyrste program besøker vi Audnedal. Der har ordførar og heile bygda møtt opp for å ønskje jentene velkomne. Eg blir positivt overraska då ei av jentene på bussen blir intervju og fyrst trekker fram at det er staden som må vere hyggeleg og flott for at ho skal bli - mannen kjem i andre rekke (verkar det som). Det overraska meg - fordi eg trudde at dette var jenter som ikkje ville flytte til bygda av redsel for å bli åleine, og var nøydd om å ha ein mann for å røre på seg.

Det skulle vise seg at det blei med denne overraskinga. Etter dette var det mest håplaus fnising og "small talk" der alt handla om "å finne nokon".

Vi møter ungkarane Erik, Tom Erik og Harald. Ungkarane skal liksom vere det beste bygda har å by på, og dei er nøye utvald - forstår vi. Dei skal vise fram bygda - men mest seg sjølv. Når jentene blir intervjua, er det ikkje naturen, atmosfæren, butikkane eller servicetilbodet dei blir spurt om, men kva dei tykkjer om "ungkarane".

Resten av programmet er som "Jakten på kjærligheten" all over again. Fordommar by og bygd har mot kvarandre blir bygd opp under, gjennom sitat som dette:

"De så ikke ut som bønder"

"Ei bydame for meg er ei som sitter på kafé og nipper til kaffe latte hele dagen".

Vi får ikkje vite om damene vil ha drømmeprinsen/drømmeplassen denne episoden. Vi må vente til i morgon.

Om eg kjem til å sjå på? Garantert!

Eg kjenner eg har eit veldig ambivalent forhold til dette konseptet. Eg tykkjer det er bra at Tv-kanalene våre prøver å få fleire innbyggjarar til bygda, men eg blir provosert over at dei bruker så mykje tid på å byggje opp under klisjeane om Bygde-Noreg (sjølv om eg veit dei må gjere dette for at det skal bli god tv). Også har eg vel ei kjensle av at det er minst like viktig for dei som er medå kome på tv, som å finne seg mann.

Og for guds skuld; du treng ikkje mann for å finne drømmeplassen. Finn drømmeplassen fyrst, så vil mannen kome etter kvart!

Seier eg. Som flytta frå Oslo til Vågå for 1 1/2 år sidan - og enno er singel. Til tross for at det liksom skulle vere kvinneunderskot her.

Vel..kanskje eg berre er blitt grinete og er misunneleg fordi eg sjølv ikkje har ein flokk med ungkarar som står på døra mi for å be meg om å bli her. Og fordi eg aldri aldri hadde turt å melde meg på Reality-tv.

PS: Øksekasting er ikkje ein vanleg leik på bygda.

mandag 15. august 2011

23: Lese "Anna Karenina". Fullført 11.august 2011

No har eg fullført nok ein ting av dei 50 tinga eg ønskjer å gjere før eg døyr. Eg har lese Leo Tolstoj sitt store kjærleiksverk; Anna Karenina.

Fyrst av alt; Anne Karenina er ikkje vanskeleg å lese. Verket er relativt lettlest - sjølv om det er på omlag tusen sider. Då eg starta på boka, så var eg faktisk veldig sjokkert over at det gjekk så lett. Boka var faktisk nesten slik eg har trudd at romanar av Jane Austen må vere.

Romanen Anna Karenina handlar altså om frua Anna Karenina, som var ei skikkeleg rik og fornem dame på slutten av 1800-talet i Russland. Ho er gift med ein fyr som er veldig important, men ikkje så veldig sympatisk og han er ein del eldre enn ho. Dei har ein son saman.

Romanen opnar med at vi møter Kitty, som er veldig forelska i Vrjonskij. Levin er forelska i Kitty, og frir til ho. Ho seier nei fordi ho trur Vronskij skal fri til ho. Men Vronskij berre leiker med ho. Den kvelden Kitty trur han skal fri, møter han Anna Karenina. Dei forelskar seg i kvarandre, og innleiar eit forhold.

Kitty blir knust. Det blir også Levin, som reiser ut på landet for å drive garden sin. Der syslar han med store tankar om korleis han skal få arbeidarane sine til å føle ansvar for den jobben dei gjer og yte enno meir. Han har store idear om landbrukssamvirket. Også er han veldig sint. Veldig ofte. Og tenkjer litt for masse. Og til slutt bestemmer han seg for å fri til Kitty. Dei giftar seg til slutt, men eg tykkjer ikkje dei verkar spesielt lykkelege.

Verket handlar like mykje om Levin som det handlar om Anna Karenina. Anna Karenina og Levin møter kvarandre berre ein gong. Også Levin blir nesten forelska i Anna Karenina då han treffer ho. Og Kitty blir kjempesjalu (i det heile take tykkjer eg folk er veldig mykje sjalu i denne boka).

Anna Karenina går frå mannen sin for å leve med Vronskij. Men ho får ikkje skilsmisse. Og ho får ikkje med seg sønnen sin. Eg liker Anna Karenina i starten. Men etter kvart tykkjer eg ho blir meir og meir survete. Og sjalu. Og masete. Vronskij, som eg i starten tykte var ein skikkeleg glatt tulling, får eg litt meir sympati med etter kvart. Dei to får forresten også ein unge saman. Men den ungen vil ikkje Anna Karenina vite av - for ho driv berre og maser om sønnen sin.

I alle fall; Anna Karenina mistar trua på at Vronskij elskar henne. Og difor blir ho gnagete og kjip, noko som får Vronskij til å elske ho enno mindre. Så kan ein jo diskutere kva som kjem fyrst; begynner han å miste interessen fordi ho er masete, eller blir ho masete fordi han har mista interessen? Spørsmålet har fått meg til å tenkje gjennom mitt eige liv, og mitt forhold til menn. I alle fall.

Det ender med at Anna Karenina kaster seg framover eit tog. For det såg ho nokon gjorde heilt i starten av verket. Og då må liksom berre ho gjere det same. Slik heng romanen saman på ein måte.

Boka er fin altså. Mange bra sitat! Og eg er blitt litt klokare. Det mest slitsomme er vel eigentleg alle namna; kvar person har minst tre ulike namn, som blir brukt i ulike samanhengar. Også har desse russarane ein tendens til å prate fransk når dei skal vere fine. Merkelege greier..


Gode sitat frå boka, er:

Han gikk ned mot isen og lot være å se på henne lenge ad gangen, slik man ser på solen, men han så henne, akkurat som man ser solen, også når man ikke ser på henne (Levin tenkjer når han ser Kitty)

Jeg har prøvet og innser nå at jeg ikke kan utrette noenting (Levin)

Enten er du så innskrenket at du ikke har oversikt over alt som står i din makt å utrette, eller så vil du ikke oppgi din ro, din forfengelighet, jeg vet ikke hva jeg skal kalle det, for å utrette noe (Ein fyr til Levin)

Jeg tror at ingen virksomhet kan være velfundert om den ikke bygger på personlig interesse (Levin)

Jeg vil ikke bevise noe som helst, jeg vil rett og slett leve, ikke volde andre enn meg selv vondt (Anna Karenina)

Jeg har bestandig vært glad i deg og er man glad i noen, så er man glad i hele mennesket slik som det er og ikke slik jeg skulle ønske det var (Anna Karenina)

Og min desiderte favoritt (som eg trur det var Anna Karenina som tenkte):

Respekt er noe som er oppfunnet for å dekke over det tomme stedet hvor kjærlighet skulle ha vært.

tirsdag 9. august 2011

Etisk dillemma; skal eg stemme eller ikkje stemme?

I dag fann eg valkort frå "Den norske kirke" i postkassa mi. Der står det at eg "er oppført i Den norske kirkes medlemsregister med stemmerett i Vågå sokn, Vågåmo valgkrets". Det tykkjer eg er fint. Det er slik det burde vere. Eg vil vere medlem av statskyrkja.

Problemet mitt er at eg ikkje er døypt. Men eg har tydelivis vore oppført som medlem av den norske kyrkje i over tretti år. Dette fann eg fyrst ut for fire år sidan då eg fekk litt av eit sjokk då eg fekk valkort i posten frå den norske kyrkje.

Eg valde då å stemme ved valet. Ikkje berre stemte eg, men eg sette meg nøye inn i kva dei ulike kandidatane stod for. Eg var litt nervøs då eg skulle stemme - var litt redd eg skulle bli stoppa av dei som var "vakter" som skulle seie; "du er ikkje døypt. Vi veit du kjem frå ein ukristeleg familie!".

Eg kjem frå ein familie som ikkje er det spor kristne. Mine søsken er båe konfirmert borgerleg. Min familie er ein human-etisk og liberal familie (litt slik "typisk Venstre"). Oppteken av at ungane skal få velje religion og livssyn sjølve. Mine søsken valde Human-Etisk forbund og borgerleg konfirmasjon. Eg valde å avstå frå alt. Fordi eg tvilte. Eg tvilte meir enn eg visste, og ville difor korkje velje det eine eller det andre.

Seinare har eg vald kristendommen fordi eg trur nesten like mykje som eg tviler (og Mamma gav meg ein flott bibel i julegåve det året eg var 20, noko som viser at eg har ein familie med respekt for mine val). Men eg har ikkje funne noko kristeleg samfunn eg føler meg heime i (sjølv om eg spøkefullt seier at eg held på å bli mormoner under eit opphald i Salt Lake City, der eg vart take inn i det mormonske fellesskap av ein haug med gifteklare menn). Eg har kanskje ikkje leitt så mykje heller. Men eg kjenner at eg ønskjer å vere med i "Den norske kyrkje". Til tross for at eg er sterk motstandar av statskyrkja.

Eg hadde eit snev av dårleg samvit sist eg stemte under kyrkjevalet. Det har eg også no når eg får valkortet. Eg føler meg rett og slett som ein kvasi-medlem av den norske kyrkja. Eg veit dei er glade for alle medlemmar dei har, men eg føler meg som eit uekte medlem.

Eg vil gjerne vere medlem av den norske kyrkje. Eg vil gjerne stemme til kyrkjevalet. Men kan eg vere eit rett medlem av kyrkja når eg ikkje er døypt? Kan eg verkeleg påstå eg er ein ekte kristen viss eg ikkje har spesielt stor tru på dåp?

No skal eg vel også påstå at eg vil tykkje det er flaut, teit og pinleg om eg skulle døype meg i ein alder av 30 år også. Der slår også forfengelegheiten inn..

Det er no eg kjenner behov for å prate med ein prest. Ein klok prest. Ein open prest. Eller ein som kan seie rett ut til meg: "Hanne, eg stryk deg som medlem i den norske kyrkje viss du ikkje døyper deg - for før det skjer kan vi ikkje rekne deg som eit rettruande medlem av den norske kyrkje".

Eg er dessverre redd det ikkje vil skje, og at eg må slite med denne problemstillinga heilt åleine.

Eg tenkjer uansett at eg no skal starte på punkt nr 39 av dei tinga eg skal gjere før eg døyr; lese Bibelen frå perm til perm. Kanskje klarar eg då å gje meg sjølv svar på spørsmåla eg stiller meg.

mandag 1. august 2011

Då Hanne Maren vart sett på plass av niese på fire år

Tante Hanne Maren er ute og går tur med Bisken og si lille niese på fire år ein gong i sommar. Det har nettopp regna, og Hanne si niese har med seg sin nye rosa Hello Kitty-paraply som ho håper ho skal få brukt. Det er masse søledammar. Niese har insistert på å gå med joggesko sidan det er altfor tungt å gå med store gummistøvlar på asfalt.

Det som skjer etter at dei to har gått ei lite stund, er at niese prøvande går gjennom ein søledam. Tante Hanne løftar niese ut av søledammen, sett seg ned på huk og ser ho inn i augo:
- Du kan ikkje gå i søledammar når du ikkje har gummistøvlar på. Forstår du det?
- Jaaa...seier lille niese med litt flaut blikk (sannsynligheten er vel stor for at ho allereie visste det ikkje var akseptabelt å gå i søledammar).

Etter å ha gått ei god stund, skal dei to så gå attende forbi dei same søledammane. Niese går litt framfor Tante Hanne. Så sett ho i gang med å springe gjennom søledammen. Tante Hanne blir veldig sint. Tek niese i armen, sett seg nok ein gong ned på huk, og ser niese inn i augo.

Tante Hanne: Kva var det eg sa om søledammar?
Niese: At eg ikkje fekk lov til å gå i dei
Tante Hanne: Og kva gjorde du nettopp no?
Niese: Eg sprang

Det er i slike augeblink ein dreven politikar ikkje har fleire argument.

Sann historie frå unge Blåfjelldal sitt liv i sommar.