Det sa eg til meg sjølv med ein smule sarkasme då eg i mai vart vald inn i FrP sitt sentralstyre.
I løpet av det siste året har to sentralstyremedlemmar i FrP sagt frå seg sine verv, og det kan verke som om skandalane i vårt parti aldri tek slutt.
Prisen ein må betale for å ha sentrale verv i eit parti, er at feil vi gjer kan få så mykje større konsekvensar som ”sentral tillitsvald i FrP” enn dei ville gjort elles.
Før eg takka ja til å gå inn i FrP sitt sentralstyre måtte eg tenkje gjennom om eg har gjort ting som ikkje tåler å bli slått opp på fyrstesida i ei riksdekkande avis. Spørsmål eg stilte meg var: Har eg betalingsmerknader? Kan det hende at folk har lite flatterande fyllebilete av meg?
Eg måtte også tenke gjennom konsekvensar av framtidige handlingar. Eg hugsar eg tenkte gjennom eit hypotetisk tilfelle om å bli take i promillekontroll ein morgon etter at eg hadde drukke litt for mykje vin kvelden før. Som ”Vanlege Hanne” ville heilt sikkert innbyggjarane her i området dømt meg nord og ned.
Som medlem av sentralstyret i FrP vil eg i tillegg fått overskrifter som dette på kjøpet: ”Sentral tillitsvald i FrP fyllekøyrte langs veg full av ungar”. Då hadde eg ikkje berre vore kjend i Vågå som ho som køyrte i fylla, men heile Noreg ville for all framtid hugsa meg som ”ho derre FrP’aren som er litt hard på flaska”. Då ville eg i tillegg til fengselsstraff blitt straffa gjennom heile resten av mitt liv.
Vi skal sjølvsagt ikkje bryte lover. Men i blant kan det skje at du gjer det. Alle kan gjere dumme ting. Nokre dumme ting er lettare å tilgje enn andre. Det kan også skje at ein urettmessig kan bli skulda for å ha brote ein lov.
Media fråtsar i detaljar, og folk står klare for å dømme. Spesielt kan ein sjå dette i dei nye sosiale media. Folk dømmer før nokon i det heile take er dømt og før fakta er kome på bordet. Og mykje av det som blir sagt er både vondskapsfullt og spekulativt.
Som medmenneske må vi hugse på at også dei som er kjende politikarar er menneske som skal prøve å leve eit så normalt liv som mogleg. Vi må også hugse på demokratiske prinsipp om at folk er uskuldige inntil det motsette er bevist. Plutseleg kan det vere du eller meg som står der med kamera opp i ansiktet fordi vi har dumma oss skikkeleg ut.
Publisert i spalta Blåmandag i Dagsavisen, 26.september 2011
mandag 26. september 2011
mandag 19. september 2011
Kva gjekk gale med FrP?
Valet er no overstått. For FrP sin del kan vi vel trygt konkludere med at valet gjekk ganske dårleg. Attendegang i dei aller fleste kommunar, færre ordførarar og ei oppfatning blant innbyggjarane om eit parti som ikkje fungerer og som ikkje har tru på at vi skal klare å styre landet.
Enkelte plasser går det sjølvsagt bra. Det er ofte der vi har botnsolide ordførar som blir lønna for den gode jobben dei gjer. Austevoll er eit døme på dette. Hadsel er ein annan kommune der vi gjekk mykje fram.
Likevel kan vi seie det så klart som at valet gjekk dårleg. Og det er ingen tvil om at ting må endrast og at ting må bli gjort annleis i framtida. Vi MÅ lære av dei feila vi gjorde no (men då treng vi kunnskap om kva vi gjorde feil, og det er ikkje alltid like lett å sette ord på).
Eg har mine klare meiningar om kva som bør bli gjort annleis. Det har eg tenkt til å ha med meg i diskusjonane vi skal ha i Sentralstyret og Landsstyret utover hausten.
MEN, mine tankar er ikkje nok, og eg treng din hjelp. Eg ferdast i miljø der det ikkje er mange FrParar eller potensielle veljarar, eg diskuterer ikkje kjempemykje politikk i kvardagen og eg har heller ingen folkevalde verv. Det er difor eg treng innspel frå ALLE som har meiningar om kva som skar seg for FrP i valkampen (og før), og kva som kan gjerast betre.
Eg ønskjer meg spesielt innspel på følgjande:
1. Korleis følte du FrP framstod i valkampen?
2. Kva gjorde at du ikkje stemte FrP ved dette valet? (viss du då ikkje gjorde det)
3. Har du tillit til FrP sine lokale kandidatar?
4. Har du tillit til FrP sine sentrale talspersonar?
5. Kva skal til for at FrP skal få din stemme i framtida?
6. Kva for saker bør FrP jobbe for i tida framover?
Eg er også open for innspel på andre områder. Skriv innspela i kommentarfeltet her, eller send meg ein mail. Alle innspel vil eg ta med meg vidare til Sentralstyret, men eg skal sjølvsagt ikkje fortelje kven som har kome med dei (så viss du sender meg ein mail, så er det berre eg som vil vite kven som har sendt meg mailen).
Takhøgden er stor. Vi treng at de er ærlege. MEN; ikkje kom med stygg personhets på bloggen (til dømes: "Kandidat X i den kommunen er eit søppelhue"). Då må eg slette det.
Håper på mange innspel! :)

lørdag 17. september 2011
47: Gå oppå ein skikkeleg stor isbre og studere han på nært hald. Fullført 17.september 2011
Eg har studert geografi. Og eg kan ganske mykje om brear - slik teoretisk. Men eit elles labert ekskursjonsbudsjett då eg studerte naturgeografi ved NTNU, kan få litt av skulda for at vi aldri kom oss ut for å studere ein bre på nært hald. No hadde vi ein ekskursjon då altså, men då studerte vi vel mest jettegryter og andre ting som er blitt forma av vatnet (eller ikkje vatnet då, men det som vatnet fører med seg - for å vere heilt nøyaktig).
Difor har eg liksom alltid tenkt at isbrear er noko eg burde ha studert nærare, men eg har aldri fått surra meg til å gjere det. Eg kan kome med mange unnskuldningar for kvifor ikkje, men latskap er nok hovudgrunnen. Difor sette eg det altså opp på lista over 50 ting eg skulle gjere før eg døyr.
Så vart eg plutseleg invitert med på overnattingstur med 7.klasse på Lalm (nokre av dei elevane eg var lærar for i fjor). Eg takka sjølvsagt ja. Og etter kvart fann eg altså ut at dei hadde planlagt å gå på ein bre. Bøverbreen, som er ein brearm av Smørstabbreen, var breen vi skulle gå oppå. Smørstabbreen er den største breen i Jotunheimen, så eg føler altså at vi kan kalle denne breen "ein skikkeleg stor bre". Og eg har gått oppå han. Berre sjå her:

Det var ein fantastisk flott tur, og du kan sjå nokre bilete her:

Vi kom ikkje langt innpå breen (hadde ikkje tid), og eg tenkjer difor at eg i framtida skal studere ein bre meir grundig. Dette gav i alle fall meirsmak, og eg tenkjer at det blir ein neste gong - sjølv om målsetting strengt take kan seiast å vere oppfylt.

mandag 12. september 2011
Rar valkveld
Eg kjenner at "valkveld-stemninga" er i ferd med å kome innover meg no. Men dette er heilt annleis enn det har vore tidlegare val for min del - her eg sitt åleine foran tv'en forkjøla og smådårleg med eit glas raudvin.
Eg hugsar stortingsvalet for to år sidan. Då eg var kampkandidat, og hadde vore inne på meiningsmålingane heilt fram til ei veke før valet. Då valdagen kom var eg utslitt. Eg hadde gitt alt. Eg var heilt tom. Men allereie då valdagsmålingane kom, visste eg innerst inne at det ikkje ville gå vegen. Sjølv om eg hadde eit ørlite håp. Eg var nervøs, hadde det vondt og det var presse på alle kantar. Alle skulle ha ein kommentar på at det ikkje gjekk vegen, og eg måtte sette ord på skuffelsen min.
Eg hugsar kommunevalet for fire år sidan. Det var fyrste gong vi stilte med liste i Sør-Aurdal, eg var 1.kandidat og eg følte nesten at valet handla om meg som person. Det var eg som hadde stått bak opprettinga av laget, det var eg som var frontfigur og eg var så nervøs. Og så spent! Og eg drakk vin til den store gullmedaljen. Resultatet kom tidleg, og viste at vi hadde fått 16,8% oppslutnad og fire representantar inn. Det var veldig bra! Og enno gladare vart eg då eg nokre dagar seinare fann ut at eg hadde fått personstemmer frå 100 av 271 som stemte på oss. Og at eg fekk nest-mest slengarar etter ordføraren. Då var eg stolt! Det betydde mykje for meg (eg veit det høyrast ut som eg er høg på meg sjølv no, men eg må berre skildre korleis eg følte det då). Og eg følte i alle fall at eg gjekk inn i kommunepolitikken med eit klart mandat. Nesten tre år seinare meldte eg overflytting til Vågå, og sa frå meg både plass i formannskap og kommunestyre.
Eg hugsar fylkestingsvalet for åtte år sidan. Då eg vart vald inn i Fylkestinget og fekk mitt fyrste folkevalde verv. Då var eg også stolt. Eg var ungdomskandidat og hadde verkeleg kjempa hardt for å kome inn - med eigen brosjyre og greier og greier. Eg skulle jo redde verda! Og det gjennom fylkespolitikken. Fire år seinare trakk eg meg frå fylkespolitikk - fordi eg skulle satse på kommunepolitikk.
No - i år 2011 - har eg knapt nok drive valkamp (har berre hatt ein tv-debatt og vore på nokre få valgstands). Det er lenge sidan eg har hatt ein så roleg valkamp. Og eg er veldig roleg. Visstnok kjenner eg at eg er spent. Og eg kjenner at det blir moro å følgje med på resultat rundt omkring i landet. Eg er spent på Oslo. Eg er veldig spent på Oslo. Mykje fordi det er hovudstaden og mykje fordi eg har gode vener som står på liste der, og som eg håper kjem inn i bystyret. Eg ser også spent på vår sentrale valvake frå Oslo, ser mange vener og folk eg er glad i. Og skulle ønskje eg var der saman med dei.
Eg er spent på om dyktige ordførar blir gjenvalgt. Eg er spent på Austevoll mellom anna, der min gode sentralstyrekollega, Helge André, står på val. Han er drivande dyktig, og eg håper verkeleg han blir gjenvald.
Eg er spent på Nord-Aurdal og Øystre Slidre kommune her i Oppland. Eg traff FrP sin fyrstekandidat, Kjell Eggen, frå Øystre Slidre fyrste gong på laurdag. Og for ein mann! Tidlegare rådmann i Øystre Slidre stiller til val for FrP. Det tykkjer eg er tøft! Eg er sjølvsagt også spent på Sør-Aurdal, og håper dei gjer eit like bra val som då eg var 1.kandidat for fire år sidan.
Kommunestyreval handlar mykje om at velgjarane skal få seie sitt. Men det handlar også mykje om kven som klarar å samarbeide med kven. Difor kan vi få rare situasjonar der der partiet som får klart flest stemmer blir halde utanfor makt.
I Vågå er ikkje valet så spanande. Her kjem ordføraren også dei fire neste åra til å heite Rune Øygard. Og AP kjem til å få reint fleirtal. Det vedder eg ganske mykje på.
Eg? Jo..eg står på val eg også! Til fylkestingsvalet(!) Det har eg ein tendens til å gløyme - fordi eg føler kommunepolitikk er viktigare enn fylkespolitikk. Så joda...viss ikkje veljarane vil det heilt annleis, så kan eg om ikkje lenge kalle meg fylkestingsrepresentant. Som eg også stolt kunne kalle meg den spanande valnatta åtte år attende.

Abonner på:
Innlegg (Atom)