Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2012

MGP i år - ikkje lovande

Inniblant arbeidet med plan for mitt eige liv og andre ting ein brukar sundagar til, må eg også bruke litt tid på å reflektere over Melodi Grand Prix. Dei to fyrste delfinalene har ikkje gjeve meg håp om finaleplass i Baku i år.

Eg er ein stor MGP-fan. Eg er så stor fan at det skal mykje til for at eg ikkje er heime for å sjå MGP dei laurdagane dette er på tv. Det blir prioritert framom det meste anna. Og når MGP er over, er vi midt inne i den svenske melodifestivalen. Og Melodifestivalen har stort sett mykje betre kvalitet enn MGP - både når det gjeld show og nivået på artistane. Så slik blir vinteren ikkje så aller verst likevel.

Etter å ha lese mange av kommentarane på debattforumet til NRK sine MGP-sider, skjønner eg likevel at eg nok berre er ein leikefan. Til dømes må eg bruke tre av fire laurdagar i februar på møte/middagar. Noko som irriterar meg grenselaust. Men då må MGP vike. Det fine er at eg nok har rukke å høyre alle låtene i forkant, så eg kan seie: "Neiiii...vann …

Femårsplan - for varig endring i livet mitt

Å skape varig endring i skular tek fem til sju år, seiast det. Difor tenkjer vi som jobbar med skuleutvikling langsiktig. Vi skal halde fast på dei same utviklingsmåla over tid, og vi lagar oss delmål undervegs.

Spørsmået eg gav meg sjølv tidlegare denne veka, var om eg jobbar på same måte for å få til endring i mitt eige liv. Har eg ein langsiktig plan for mitt eige liv?

I arbeidet med skuleutvikling har vi laga eit draumebilete av korleis vi ønskjer skulen skal vere om nokre år. Har eg gjort det i mitt eige liv? Javisst dagdrøymer eg, men har eg lagd eit varig dramuebilete som vil vere gyldig i dag, som om to år? Nei.

Har eg sett meg målsettingar for å nå drømmebilete mitt? Har eg vald meg ut nokre utviklingsområde? Tja..kvart år sett eg opp nokre målsettingar for det nye året. Problemet er at desse skiftar frå år til år utan at dei nødvendigvis heng saman. Også så mange då. Altfor mange. Det blir jo ikkje utvikling av slikt.

Har eg sett meg konkrete delmål med tidsfristar, som eit s…

Engasjement – straum på!

Det er laurdag ettermiddag og det er ei av desse helgene. Ei av desse helgene der eg veit eg har frist til i morgon klokka 14 til å levere mitt bidrag til spalta Blåmåndag i Dagsavisen. Hjernen min er heilt blank, og eg anar verkeleg ikkje kva eg skal skrive om.

Slik har det vore ofte, men eg kjem som oftast i mål. Nok eit teikn på at eg jobbar best under press. Det er liksom ikkje aktuelt å skrive til Dagsavisen: ”På grunn av akutt mangel på engasjement, har eg dessverre ikkje klart å finne på noko å skrive til dykk. Eg håper de har noko anna de kan fylle den manglande plassen på side 3 med”.

Eg prøver å leite etter nokre aktuelle saker å skrive om ved å surfe i nettavisene.

Hovudoppslaget på vg-nett er at bilistane må passe seg for glatte vegar. Det blir ganske fort utelukka som aktuelt tema å skrive om. Elles står det om at maraton kan skade hjartet. For oss som aldri har tenkt til å springe maraton i livet vårt kunne kanskje det vore noko å engasjere seg i. Eg føler likevel at å v…

Godt nytt år til vener og kjende

Vener og kjende!

Det er 2012, og i omnen står min eigenkomponerte ratatouille og godgjer seg. På butikken i dag handla eg berre grønsaker, slik at til og med kassadama på ko-operativen måtte kommentere; ”Så sunn du er då”.

Vel..eg tenkjer det er ein betre kommentar enn den førre kommentaren eg fekk frå tilsette i butikkar, nemleg frå Pål Polsjef her i Vågå som sa: ”Du..eg tenkjer vi skal ta inn ein ny type cava. Du har kanskje eit forslag på kva vi kan ta inn du?”.

Då veit du at du drikk for mykje.

Er eg blitt vaksen?
Eg er nok i ferd med å bli vaksen, sidan året er i gang med sunn mat og eit knallhardt treningsregime. Men lat oss seie det slik; det er lenge sidan eg opplevde at buksene stramma slik som dei gjer no. Utan at eg forstår kor det kjem frå – for det lenge sidan eg har vore så fysisk aktiv som no (øh..innbillar meg det sjølv i alle fall). Vel; eg er redd det er alderen. Dessverre. Eg føler meg som eg er i tjueåra slik psykisk, men fysisk har kroppen min funne ut at han må spa…

Test av skianlegget Åsemyra; You don't belong here, girl!

Heime i Bagn klokka 11, 24.desember fann eg ut at eg skulle gå på langrenn. Eg finn ut at eg skal prøve ut Åsemyra skianlegg. Dette er lysløypa i Sør-Aurdal, og i dei 15 åra eg budde i Bagn brukte eg aldri dette anlegget. Køyrte berre forbi. I ein alder av 30 år og på tur til å bli skikkeleg gærning finn eg ut at eg skal bruke det.

Eg reiser opp. Spenner på meg ski og er klar med iPod’en min og Swix-jakka. Eg finn løypa, og du kan gå både mot venstre og høgre. All fornuft seier jo at ein då tek til høgre og held seg i høgre spor. Eg er også sikker på at vanleg skiskikk er at du tek til høgre.

Eg er i godt humør og er klar med eit smil. Eg møter ein person fyrst. Som gryntar til meg. Så eit par til, som dreg eit forsiktig smil. Eg blir ikkje passert av folk, men berre møter folk. Eg går til høgre og dei går til venstre.

Alle saman gjev meg denne kjensla: ”You don’t belong here!”. Eg har ikkje følt meg meir utilpass sidan eg gjekk på Grey Hound i San Francisco og alle stira på meg, som …