Det er laurdag ettermiddag og det er ei av desse helgene. Ei av desse helgene der eg veit eg har frist til i morgon klokka 14 til å levere mitt bidrag til spalta Blåmåndag i Dagsavisen. Hjernen min er heilt blank, og eg anar verkeleg ikkje kva eg skal skrive om.
Slik har det vore ofte, men eg kjem som oftast i mål. Nok eit teikn på at eg jobbar best under press. Det er liksom ikkje aktuelt å skrive til Dagsavisen: ”På grunn av akutt mangel på engasjement, har eg dessverre ikkje klart å finne på noko å skrive til dykk. Eg håper de har noko anna de kan fylle den manglande plassen på side 3 med”.
Eg prøver å leite etter nokre aktuelle saker å skrive om ved å surfe i nettavisene.
Hovudoppslaget på vg-nett er at bilistane må passe seg for glatte vegar. Det blir ganske fort utelukka som aktuelt tema å skrive om. Elles står det om at maraton kan skade hjartet. For oss som aldri har tenkt til å springe maraton i livet vårt kunne kanskje det vore noko å engasjere seg i. Eg føler likevel at å vere moralpoliti og åtvare folk til å springe langt ikkje passar for meg.
Eg føler heller ikkje at nyheitene om Idol-Jenny, Aune Sand eller Tone Damli Aaberge er Dagsavisen-stoff. Det står også mykje om dei amerikanske primærvala. Ei heller føler eg at det er eit tema eg er ekspert på, så eg utelukkar også det ganske raskt. Dessutan heier eg på Barack Obama, så eg føler at eg eigentleg ikkje bryr meg så mykje om kven som blir republikanaranes kandidat.
Konklusjonen var at det ikkje var noko på vg-nett som inspirerte meg til å skrive noko som helst.
Vi prøver dagbladet.no. Også der er hovudoppslaget været. At det kan kome 30cm snø på Austlandet i løpet av dagen. Det er jo fint. Vi har mykje snø og mykje vær her i Vågå, så det er jo eit tema eg begynner å bli ekspert på. Dagsavisen-stoff? Neppe!
Andre sakar er om ein spiker inne i eit hovud. Ein unge som hadde fødselsvekt som ein brusboks. Ingrid Aleksandra fyller år. Og ikkje minst; den litt artige saken om to jenter som lenka seg fast med handjern til ei seng og mista nøkkelen.
Det er også nokre sakar som kunne nærma seg interesse for eit smart innlegg i Dagsavisen. Det eine er om ein treåring som må forlate landet innan tre veker. Det andre er om nokre som ønskjer auka boligskatt. Også har vi denne demonstrasjonen utanfor Stortinget denne veka, der oppmuntrande få faktisk dukka opp.
Konklusjonen er at dagbladet.no ikkje inspirerte meg til noko som helst, og ikkje klarte å vekke engasjementet mitt. Eg vel difor å gå til noko som går for å vere ei litt smartare avis. Eg går til aftenposten.no
Hovudoppslaget der er om Janne Kristiansen og at ho er eit menneske ho også. Det er jo fint tenkjer eg, men eg føler at dette mennesket og dette mennesket sine handlingar er så utdebattert at det ikkje er aktuelt for meg å skrive om.
Den mest leste saka på aftenposten.no er: ”sparket fordi hun jobbet i lunsjen”. Det er såpass interessant at eg må klikke på saka. USA sjølvsagt. Og ikkje noko som passar til Dagsavisen. Elles er det eit oppslag om at ungar har 500 leker kvar. Det kjenner eg engasjerer litt. Og at det kunne vore noko å skrive om. Men eg følte at eg skreiv om forbrukarsamfunn og hysteri i mitt førre innlegg, og tenkjer at eg bør prøve å variere litt.
Eit anna oppslag som kunne vore aktuelt er at soldatar står for eit seksuelt overgrep kvar sjuande time. Det er sjokkerande. Dessverre føler eg at dette er noko eg har for lite kunnskap om. Eg kan seie det er forferdeleg, men kva gjer vi for å stoppe slikt? Eg veit ikkje. Elles er det ein sak om at overgrepsmottak ikkje rapporterer ofra sine skader fullt ut. Det kunne vore noko som vekka engasjement, men også denne saken føler eg at kanskje andre er meir egna til å debattere.
Aftenposten klarte heller ikkje vekke engasjementet mitt. Eg går difor til mitt siste håp. Dagsavisen.no. Den smartaste av dei smarte avisene. Som ikkje skriv om tabloide ting, men intellektuelle ting. Så intellektuelle at eg aldri kjem meg gjennom heile avisa.
Erik Solheim meiner at tru er stadig viktigare i utviklinga av samfunnet. Umiddelbar reaksjon: Boring! Elles står det om Gingrich som er på frammarsj i USA. Dette er eg så lite oppdatert på at eg ikkje ein gong veit korleis eg uttaler namnet hans.
Eg gjev opp. Eg konkluderer med at eg ikkje bryr meg om noko som helst i verda.
Før eg finn ut at eg kan gå til dei nære tinga. Lokalvisene. Eg prøver gd.no. Leiarstrid i Rødt. Who cares? Namnet Gudbrandsdalsost skal bli juridisk beskytta. Så fint då. Småbygder kan tape på vegutbygging. Overraskar meg heller ikkje, men ikkje noko eg føler eg har lyst til å skrive om.
Vi vender heim til oppvekststad. Vi prøver avisa-valdres.no. Ski, ski og atter ski. Neppe spalte-stoff.
Eg går ut. Eg hentar posten. Fyrstesida av papirutgåva til Dagavisen er det eg føler kan vekke litt engasjement. Der står det at årets spelemann langer ut mot kvardagsrasisme. Det er eit tema som engasjerer! Det vil eg skrive om. Trur eg!
Men skal eg røpe kva det er som vekker engasjementet mitt mest i dag? Grand Prix!! Og det er ikkje på grunn av Plumbo eller spelemannsprisutdeling. Men fordi eg har vore stor fan av heile dette fantastiske grand prix-sirkuset sidan eg var lita jente. Og i dag startar det på nytt. Eg er frå meg av begeistring, og skal sitje klistra framom tv'en i kveld. Dei neste laurdagane kjem eg til å grine, juble, bli sint, bli begeistra. Og eg kjem til å skrive mykje om det på bloggen min.
Men kjem eg til å skrive om det i Dagsavisen måndag? Neppe! For eg også likar å framstå smart. Og ikkje som ein av desse overflatiske folk flest som diggar både Grand Prix og Hotel Cæsar.
(Oppdatering klokka 1705: Fann nettopp ut at ho som syng min favorittlåt i årets MGP også spelar i Hotel Cæsar! Tilfeldig?? Neppe!)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar