Gå til hovedinnhold

Godt nytt år til vener og kjende

Vener og kjende!

Det er 2012, og i omnen står min eigenkomponerte ratatouille og godgjer seg. På butikken i dag handla eg berre grønsaker, slik at til og med kassadama på ko-operativen måtte kommentere; ”Så sunn du er då”.

Vel..eg tenkjer det er ein betre kommentar enn den førre kommentaren eg fekk frå tilsette i butikkar, nemleg frå Pål Polsjef her i Vågå som sa: ”Du..eg tenkjer vi skal ta inn ein ny type cava. Du har kanskje eit forslag på kva vi kan ta inn du?”.

Då veit du at du drikk for mykje.

Er eg blitt vaksen?
Eg er nok i ferd med å bli vaksen, sidan året er i gang med sunn mat og eit knallhardt treningsregime. Men lat oss seie det slik; det er lenge sidan eg opplevde at buksene stramma slik som dei gjer no. Utan at eg forstår kor det kjem frå – for det lenge sidan eg har vore så fysisk aktiv som no (øh..innbillar meg det sjølv i alle fall). Vel; eg er redd det er alderen. Dessverre. Eg føler meg som eg er i tjueåra slik psykisk, men fysisk har kroppen min funne ut at han må spare på feittet til dårlege tider.

Eg hadde forresten planlagt treningsøkt i dag, men det måtte eg avstå frå i dag sidan eg måtte sette av tid til å skrive denne mailen. Eg er vel redd for at eg utover året kjem til å bli enno meir fantasifull i mine gode unnskyldningar for kvifor eg ikkje kan trene. Fluktmanøvre var eit ord eg lærte for slikt – av ein klok lærar på vidaregåande.

Til nye mottakarar av denne e-posten: Du les no den vanlege nyttårseposten frå unge Blåfjelldal der eg oppsummerar året som har gått, kva som har skjedd i den store verda, i mi vesle verd og om eg har oppnådd målsettingane og draumane mine for 2011. Eg sett meg også nokre nye målsettingar for 2012, og ikkje minst våger eg å drøyme litt for det nye året. Nytt for året er at eg legg inn lenkar til bloggen min der eg har skrive om alt som har skjedd i 2011. Eg vil også krydre med nokre bilete.

Enno i Vågå
Kor er eg hen i verda no? Eg er enno i Vågå. Eg har enno same jobb som sist. Eg er prosjektleiar for eit skule- og samfunnsutviklingsprosjekt i Vågå, der vi no er over i hovudprosjektet. Eg er mellombels tilsett, men har nett no skrive ny kontrakt for 2012. Det vil seie at eg er inne i mitt tredje år i jobben. Og sidan eg enno er her, betyr vel det at folk må vere slik passe nøgd med den jobben eg gjer.
Bilete viser eitt av mange høgdepunkt i jobben min i år. Tur med elevane på ein isbre.

Og JA; Eg er dritlei spørsmålet: ”Kor lenge blir du i Vågå då?”. Eg vil tippe omtrent alle som mottek denne e-posten har spurt meg om dette, og du skal vere glad eg ikkje har slått deg i hovudet med noko hardt i staden for å svare høfleg. Å spørje meg om kor lenge eg blir i Vågå er omtrent like dumt som å spørje: ”Kor lenge skal du leve då?”, eller: ”Skal du ha denne jobben resten av livet” eller ”Kor mange ungar skal du ha då?”. Det er vel ingen som veit kor lenge dei blir ein plass, for guds skuld. I alle fall gjer ikkje eg det. Så ver snill; ikkje spør. Eg veit sjølvsagt ikkje kor lenge eg blir her. Like lite som eg veit når eg kjem til å døy.


Nær døden-oppleving
Apropos døy. For under ein månad sidan trudde eg at eg skulle døy. Slik på skikkeleg. Det var både rart og skremmande. Eg hadde gått rundt og surra i høghelte sko heile arbeidsdagen. Dette var 19.desember, og etter jobb skulle eg ut for å ete julemat med kollegaer. Det er då eg kjenner at eg har ein stein eller noko i skoen. Eg tenkjer; dette får eg leve med. Eg går attende på kontoret, bytter sko og går heim att før eg skal til Lalm for å få med meg juleavslutninga der. Då eg kjem heim tek eg av meg gode vintersko. Det er då eg kjenner det; eg klarar knapt å gå på høgre sko. Jaja, tenkjer eg; det går vel over. Så sett eg meg i sofaen for å slappe av litt. Då kjenner eg at eg er heilt nummen i høgre hand. Og i foten. Så begynner det å gå rundt, og eg tenkjer; kva i alle dagar.

Det er då eg hugsar ei veninne av meg fortalte ei historie om ein person som hadde fått eit glasskår i foten; det hadde gått inn i blodomløpet og gått heilt til hjernen og forårsaka slag. Difor hadde denne veninna mi respekt for glasskår. Eg begynner sjølvsagt å tenkje; herregud; tenk om det er det som skjer med meg no.

Eg får fullstendig panikk. Men tenkjer; kva gjer eg no? Eg kan jo ikkje ringe 113 liksom…

Eg bestemmer meg for å reise til Lalm. Tek med meg kamera og reiser. Tenkjer det er betre å vere der det er folk enn heilt åleine om eg skulle dette saman. Men tenkjer også at det blir litt flaut om eg plutseleg dett saman med mange tidlegare elevar til stades.

I bilen på veg til Lalm begynner eg å kjenne at eg er i ferd med å bli lam i høgre side på andletet. Det kriblar og eg begynner å kjenne det både i armen og i andletet. Eg er pissredd, vurderer å stoppe bilen og ringe nokon; men tenkjer; herregud, Hanne. Ta deg saman!

Eg kjem fram til Lalm. Er dritnervøs når eg skal parkere, så nervøs at eg kjem bort i tuta og tuter i veg slik at folk skvett til alle kantar.

Eg går ut, eg går inn på samfunnshuset, tenkjer eg må ta meg saman, prøver å vere blid og sett meg heilt fremst med kameraet mitt. Men meg sjølv er eg ikkje. I periodar går det heilt fint, men kjensla av å miste kjensle i høgre side kjem attende med jamne mellomrom. Det kjennast som eg ikkje er til stades, men ser på meg sjølv utanfor.

Eg begynner etter kvart å slappe av, men dette var verkeleg ei rar oppleving. Og eg føler meg ikkje riktig bra. Bileta eg tek blir så som så.

Eg kjem meg heim att etter framsyninga, og tenkjer; har eg ikkje døydd enno, så overlever eg nok. Det er sikkert ikkje eit glasskår som kjem til å gå opp i hjernen min.

Men då eg legg meg den natta er eg riktig bekymra for at eg aldri skal vakne opp att. Og lurer på kor lang tid det kjem til å gå før eg blir etterlyst.

Vel..eg lever. Men det var rart. Var kjensla eit resultat av fantasien min? Eller var det eit angstanfall eg fekk? Eg er eigentleg mest redd for at det skal vere noko psykisk, men det har ikkje rabla for meg enno, så vi får tru det går bra.

Dette skjedde elles i 2011
Vel..bortsett frå at eg haldt på å døy, så vil eg hugse 2011 som året då følgjande skjedde i mitt liv:

- Eg debuterte som lærar på barneskulen
- Eg var på Taylor Swift-konsert
- Eg fekk beskjed frå Cecilie om at eg og Bettina skulle vere hennar forlovarar (halleluja!)
- Eg lagde liste over 50 ting eg skal gjere før eg skal døy (og har klart å oppnå tre av dei)
- Eg besøkte ein oljeplattform
- Eg vart vald inn i Sentralstyret i Framstegpartiet. Og tv2 skreiv eg var ein bygdetulling på høge heler.
- Eg vart 30 år
- Eg begynte å gå på ski att, etter at det er minst ti år sidan sist
- Eg var deltakar under det store fjelleventyret på Beitostølen. I den greina som heiter noko så flott som: ”Fjellgeita”.





I den store verda var det mykje som skjedde i 2011, og 2011 er eit år vi kjem til å hugse for resten av våre liv. 2011 kjem fyrst og fremst til å bli hugsa for 22.juli. Eg var i Oslo 22.juli og dagane etterpå, og det var ei spesiell kjensle. Eg gjekk også i rosetog i Vågå. Eg skreiv om dette på bloggen min, og brukte desse orda til å skildre kva eg følte:

Dei siste dagane har ein vore innom dei fleste av kjenslene som finst i eit menneske. Avmakt, oppgitthet, sinne, kjærleik, glede og stoltheit


Elles var 2011 det året då mange leiarar i verda gjekk av med døden. Mange store personlegdomar døyde også i 2011.

Eg vil spesielt minnast NRK-mannen Erling Lægreid. Eg møtte han i debatt om nynorsk berre nokre dagar før han døyde. Han var i fin form, sarkastisk, frekk, ærleg og fantastisk kjapp i replikken. Han var ein stor mann som har gjort mykje for nynorsken. Han er ein av dei personane eg vil hugse frå 2011.

Alt blir liksom så lite og ubetydeleg i 2011. Det var ikkje eit godt år. Likevel vil eg prøve å hugse dei gode tinga. Samhaldet, respekten, demokratiideala. Og korleis Noreg og våre leiarar viser seg når det står på som verst. Det er godt å tenkje på.

Vel…på tide å bli navlebeskuande att.

Målsettingane for 2011
Eg sette meg nokre målsettingar for 2011. Det er på tide å sjå på om eg klarte å oppnå dei.

1. Bli friluftsmenneske (ikkje slik skikkeleg gærning altså, men vere meir ute i naturen, lære meg litt førstehjelp, kart og kompass og bruke ski og sko litt meir. Eg meiner; du kan ikkje bu oppi høgget her og ikkje bruke naturen. Det er ein skam!)

Eg er blitt meir friluftsmenneske. Eg er ikkje blitt slik skikkeleg gærning, og kan vel heller ikkje påstå eg er ein kløppar på korkje førstehjelp, kompass eller kart. MEN; eg har brukt ski og sko litt meir.

Også er eg blitt litt gærning då. I alle fall følte eg meg som ein halvgærning då eg fann ut at skulle gå på ski på juleftan. Heime i Bagn klokka 11, 24.desember fann eg ut at eg skulle gå på langrenn. Eg finn ut at eg skal prøve ut Åsemyra skianlegg. Dette er lysløypa i Sør-Aurdal, og i dei 15 åra eg budde i Bagn brukte eg aldri dette anlegget. Køyrte berre forbi. I ein alder av 30 år og på tur til å bli skikkeleg gærning finn eg ut at eg skal bruke det.

Eg reiser opp. Spenner på meg ski og er klar med iPod’en min og Swix-jakka. Eg finn løypa, og du kan gå både mot venstre og høgre. All fornuft seier jo at ein då tek til høgre og held seg i høgre spor. Eg er også sikker på at vanleg skiskikk er at du tek til høgre.

Eg er i godt humor og er klar med eit smil. Eg møter ein person fyrst. Som gryntar til meg. Så eit par til, som dreg eit forsiktig smil. Eg blir ikkje passert av folk, men berre møter folk. Eg går til høgre og dei går til venstre.

Alle saman gjev meg denne kjensla: ”You don’t belong here!”. Eg har ikkje følt meg meir utilpass sidan eg gjekk på Grey Hound i San Francisco og alle stira på meg som kom inn med Chanel-veske og Dior-solbriller.

Eg bør jo ta hintet. Desse superspreke folka i proft treningsklede og utstyr, som truleg bur i skiløypa. Altså; alle dei som er så gærne at dei går på ski på julekvelden. Alle dei går mot meg i løypa. Då bør du snu og gjere som dei gjer. Eg gjer ikkje det.

Ikkje før eg møter ein fyr som faktisk smiler (det var få smil før det). Han fortel meg: ”Du går feil veg”. Eg blir nesten litt hissig; ER det liksom nokon rett og feil veg i skiløypene no? Hallo?!; kva har skjedd med verda??

Men eg snur. Og føler meg med eitt meir heime. Ikkje blir eg passert av nokon heller. Dei fleste hadde vel gått heim for å feire julekveld.

Vel. Det vart med den eine gongen til Åsemyra skianlegg. Og det var mest fordi eg mest fekk kjensla av at dette var eit privat anlegg, for dei spreke og dei få som ikkje smiler og seier hei når dei møter folk, men som heller ser stygt på deg fordi du anten går feil veg eller ikkje har teknikken i orden.

For meg er friluft å nyte fri luft – ikkje hesepese forbi folk utan å smile. Ein skal smile og ha det fint ute i naturen. Her i Vågå ser eg no mest etter skiløyper der det ikkje er så mange folk. Eg blir i dårleg humør av å møte alle desse treningsgærningane som berre hesebleser forbi, sure og proffe og som trener til Birken. Då er det betre å vere heilt åleine på sundagstur, mens eg syng av full hals: ”Optimist; eg veit det går bra til sist”. Så ja; eg er blitt litt meir friluftsmenneske.

2. Bli Noregs beste lærar (som eit skritt i retning å lage Noregs beste skule)

Eg er nok ikkje Noregs beste lærar enno. Håvard Tjora er nok både litt flinkare (og penare) enn meg enno. Men eg kjem meg. Eg kom meg veldig i løpet av dei fem månadane eg var lærar. Og ikkje minst fekk eg nokre aha-opplevingar; som til dømes at ein faktisk blir glad i alle elevane sine. Også merka eg at eg faktisk bryr meg om folk. Eg har kjensler. Eg bryr meg om korleis desse små fantastiske menneska har det. Dette er kanskje sjølvsagt for mange. For meg var det ikkje det – nokre år i politikken kan faktisk øydelegge deg og gjere deg litt for kynisk.

3. Skrive ferdig romanen min

Eg har ikkje skrive ferdig romanen min. Men eg er på veg. Eg har skrive over hundre sider, og med dette tempoet er eg ferdig om ein fire-fem år tenkjer eg. Og det er jo betre enn ingenting.

4. Måle meir

Tja..eg har nok ikkje måla meir. Men eg har måla så mykje at eg fekk gjett bort eit måleri i julegåve til Mamma. Og niesa mi på snart fem år hadde gjeve denne kommentaren då ho høyrte at det var eg som hadde måla det: ”Då ho var stor eller liten?”. Til stor latter frå Mamma, som har fortalt denne historia minst ti gonger i jula (neidå; det blir ikkje slitsamt etter femte gongen). Så tydeligvis har ikkje kunsten min slått an i eigen familie. Men ein blir jo aldri profet i eige land..eller noko slikt.

5. Lære meg spansk (denne sommaren blir det, så sant økonomien tillet det, spanskkurs i Panama)

Målsetting IKKJE oppnådd. Men; heng saman med at ønskje om økonomi ikkje gjekk i orden. Kjem attende til det nedanfor.

6. Reise meir i verda (og då samanliknar eg med 2010 der dei få turane gjekk til Gran Canaria, Brussel, Budapest og Hurghada).

Joda…eg har nå fått reist litt i Noreg. Eg har vore i Bodø og på Frøya. Også var eg på harrytur til Charlottenberg rett før jul.

Også har eg vore to turar til Tyskland.

Men eg innrømmer det; målsetting ikkje oppnådd.

7. Bli flinkare til å rose folk

Eg trur eg er blitt flinkare til dette. Eg er ganske sikker faktisk på at eg er blitt flinkare til dette. Har nok litt med at eg vart lærar og fant ut at eg eigentleg var ganske snill. Når du finn ut slik så blir du blidare, meir energisk og kan gje meir av deg sjølv. Noko som har ført meg til den konklusjon at det er lærar eg skal bli.

8. Lære meg å spele eit instrument (vi pratar ikkje fele her, men xylofon eller noko slikt)

Huff. Huff. Og atter huff. Det verste er at eg underviste 7.klasse i musikk i fem månadar. Rapporten frå ungdomsskulen no er at stakkars elevane heilt øydelagt, og dei vil no setje strengare krav til fagkompetanse til lærarar som underviser i musikk.

9. Bli meir tålmodig

Eg vil vel ikkje påstå eg er kjempetålmodig, men eg trur eg er bittelitt meir tålmodig etter nokre månadar som lærarar. Kanskje. Eg er enno ei kruttønne, som nok tolererer litt for lite av andre menneske. Eller for å sitere Tante Sofie, i Egner-året 2012; ”Viss alle andre var som meg, så ville alt bli bra”. Eller kanskje ikkje…eg trur kanskje at hadde eg møtt ein person som meg sjølv ville eg klikka i vinkel. Men det blir dessverre ein uprøvd hypotese.

10. Besøke Oslo meir

Eg har vore meir i Oslo. Heng saman med nytt verv som gjev meg ein Oslo-tur om lag ein gong i månaden. Underbart! UNDERBART!


Ønskja for 2011

Også var det ønskja mine for 2011 då..har dei gått i oppfylling tru?

1. At baksmellen på skatten ikkje skal bli så stor som eg fryktar.

Om ønskje ikkje gjekk i oppfylling, så kan ein i alle fall seie at eg kan stole på intuisjonen min. Etter å ha fornekta sanninga i mange veker gjennom å ikkje gå inn på nettet for å sjekke skatteoppgjeret, dukka det til slutt opp i posten. Eg let fyrst brevet ligge i postkassa nokre dagar. Så sneik det seg med inn gjennom reklame og ei avis. Då ”mista” eg brevet under sofaen. Der låg det fint. Heilt til eg såg på ei episode av luksusfellen på Tv3 og fann ut at ikkje ville identifisere meg med dei på tv’en. Det svartna for augo mine då eg opna brevet. Det var så vondt så vondt. Eg vurderte alle moglegheiter. Eg søkte til og med etter sommarjobb. Baksmellen var femsifra, og er betalt no. Men det førte nok til at eg ikkje fekk reist så mykje i verda som eg ønskja. Samt at eg auka skattetrekket med tusen kroner per månad. Vi får tru det hjelp på i dette året. Dette vil eg aldri oppleve att!

2. At eg skal få seld leiligheten min i Oslo for meir enn kva eg kjøpte han for (dumme Hanne kjøper når prisane er på topp og til og med i ein av desse utskjelte burettslaga med skyhøg fellesgjeld).

Eg fekk takst på leiligheta. Eg erkjente at eg ikkje ville bli rik på å selje han. Eg eig han enno. Og vil neppe klare å kvitte meg med han. Litt fordi eg er glad i han, men mest fordi eg er glad i Oslo.

3. At eg kan slå meg til ro og berre verre nøgd, som normale folk – og slutte å drøyme om andre tider, andre stader og så vidare.

Jadajada. Så var det liksom det med å setje seg litt realistiske ønskjer då. Men eg er jo ein drøymar. Og veit eigentleg ikkje om eg vil gje slepp på draumane mine.

4. At min kjære søster, Ida, kjem seg velberga gjennom svangerskapet, at ho får ein velskapt unge og at alt ordnar seg for ho og at ho blir lukkeleg. Det er ingen som fortener det meir enn ho (så får eg håpe ho bærer over min til tider manglande empati og trong til å vere ærleg når eg seier ting som at eg tykkjer det er dritekkelt å ha ultralydbilete som profilbilete på facebook (og ja, eg meiner det, men det er berre min meining, og ingenting å bry seg med)).

Lille Eiril er kome til verden, og ho er så søt så søt. Kjempesøt og kjempeblid!

5. Unngå ulykker (etter eg begynte å køyre så mykje bil, og etter eg køyrte på ein elg, er eg plutseleg blitt så redd for å døy. Som eg liksom har noko å leve for….makan!!)

Eg har unngått ulykker, men eg har jo hatt ein nær døden-oppleving. Jada..eg veit det er eg som overdramatiserer, men det var slik eg følte det, og kjensler skal ein ikkje kimse av.

6. Fortsatt gode vener og lykkeleg liv i Vågå.

Eg er lykkeleg. Hadde eg ikkje vore lykkeleg hadde eg gjort noko med livet mitt.

7. Mot, kraft og tolmod til å dra prosjektet i Vågå i land, og drahjelp frå alle aktørane i Vågå.

JA!! Det er drage i land. Samrøystes vedteken i Kommunestyret 8.februar. Vedteke å setje i gang med eit femårig utviklingsarbeid. Og vi har fått nesten to millionar i eksterne midlar til prosjektet dette året. Og det er satt av midlar i budsjettet her til neste år. Og dette trur eg verkeleg på. Og etter kvart fleire og fleire i Vågå også. Det er moro!

8. Å vere gift og ha ungar før eg fyller 30 år.

….
9. Nei då, eg kødda. Eg ønskjer meg eit heidundrande 30-årslag 27.mai 2011. Det skal bli årets fest!!

Årets fest vart det vel ikkje. Men det var koseleg. Heile Bagns-gjengen i Vågå. Eg fekk Nespresso-maskin i gåve. Det auka livskvaliteten min mane prosent. Og albumet! Takk for albumet! Med bilete og ord frå mangeårig venskap. Alle i heile verda burde hatt eit slikt album! Takk til fantastiske veninner heime i Bagn. Glad i dykk alle saman!! 

Så er det på tide å sjå framover att då…kva ønskjer eg at 2012 skal bringe, og kva skal eg setje som mål for eige liv?


Målsettingar for 2012

Her er mine målsettingar for 2012:

1. Kome inn att i svindyr rosa drømmekjole (størrelse 36). Det blir vanskeleg. Så vanskeleg det nok blir, men eg skal klare det.

2. Bli ein betre fotograf

3. Gå Besseggen

4. Skrive ferdig boka mi

5. Klare å springe 10 km

6. Bli vegetarianar att (ja; eg slutta då eg kom til Vågå fordi eg følte det vart for vanskeleg å forsvare, men eg var lukkelegare, sunnare og tynnare som vegetarianar, så no er det back to happiness).

7. Spare opp ein buffer som tilsvarar ei månadsløn

8. Gå på kurs og lære noko nyttig

9. Bli kjend med nokre nye folk

10. Reise meir i verda

Ønskjer for 2012
Mine mål er sjølvsagt mine ønskjer også, men tillat meg å drøyme litt for det nye året. Og no skal eg drøyme skikkeleg:

1. Vinne masse pengar slik at eg kan ta meg eit friår og reise jorda rundt.
2. Reise til LA til sommaren, treffe ein hot amerikanar og så flytte til USA for å leve lukkeleg i alle mine dagar
3. Bli ferdig med boka mi og vere nøgd med resultatet
4. At familie og vener held seg friske og lykkelege gjennom året
5. At eg unngår ulykker, sjukdom og glaskår i foten
6. Et eg held på motivasjonen i jobben eg har no og at eg i løpet av året når målsettinga mi; gjere meg sjølv overflødig.


Endeleg snart slutt

Eg trur dette held. Eg trur dette held i massevis. Og eg trur det no er på tide å avslutte. Eg burde avslutta for lengst.

Eg skal i år att avslutte med nokre sitat. I år vil mailen bli avslutta med nokre sitat frå min beste leseoppleving i 2011; nemleg Anna Karenina.

Eg håper eg i 2012 kan leve etter denne regelen:
Jeg vil ikkje bevise noe som helst, jeg vil rett og slett leve, ikke volde andre enn meg selv vondt

Eg håper ikkje livet mitt vil følast slik ut i 2012:
Hele denne dagen hadde hun en følelse av at hun spilte på teatret saman med skuespillere som var bedre enn henne, og at hennes dårlige spill ødela det hele.

Også må vi alltid hugse dette (noko inspirert av konferanse om fysisk aktivitet i dag, og ikkje minst auka fokus på fysisk aktivitet i skuleprosjektet det neste året):
Jeg trenger fysisk aktivitet, elles blir min karakter helt fordervet

Med ønskje om eit godt liv for dykk alle i 2012

Hanne. :)

Glad i meg sjølv er eg også enno. OG glad i mitt eige selskap.

Kommentarer

  1. Godt oppsummert, kjære Hanne!

    SvarSlett
  2. Du opplevde visst mye ifjor, på godt og vondt...

    Hva synes du om Taylor Swiftkonserten? Det var iallefall et av høydepunktene ifjor for min del :-)

    SvarSlett
  3. Veldig underhaldande lesnad, Hanne! ..og ingen er vel meir stilig enn deg i tørrdrakt :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…