Heime i Bagn klokka 11, 24.desember fann eg ut at eg skulle gå på langrenn. Eg finn ut at eg skal prøve ut Åsemyra skianlegg. Dette er lysløypa i Sør-Aurdal, og i dei 15 åra eg budde i Bagn brukte eg aldri dette anlegget. Køyrte berre forbi. I ein alder av 30 år og på tur til å bli skikkeleg gærning finn eg ut at eg skal bruke det.
Eg reiser opp. Spenner på meg ski og er klar med iPod’en min og Swix-jakka. Eg finn løypa, og du kan gå både mot venstre og høgre. All fornuft seier jo at ein då tek til høgre og held seg i høgre spor. Eg er også sikker på at vanleg skiskikk er at du tek til høgre.
Eg er i godt humør og er klar med eit smil. Eg møter ein person fyrst. Som gryntar til meg. Så eit par til, som dreg eit forsiktig smil. Eg blir ikkje passert av folk, men berre møter folk. Eg går til høgre og dei går til venstre.
Alle saman gjev meg denne kjensla: ”You don’t belong here!”. Eg har ikkje følt meg meir utilpass sidan eg gjekk på Grey Hound i San Francisco og alle stira på meg, som kom inn med Chanel-veske og Dior-solbriller.
Eg bør jo ta hintet. Desse superspreke folka i proft treningsklede og utstyr, som truleg bur i skiløypa. Altså; alle dei som er så gærne at dei går på ski på julekvelden. Alle dei går mot meg i løypa. Då bør du snu og gjere som dei gjer. Eg gjer ikkje det.
Ikkje før eg møter ein fyr som faktisk smiler (det var få smil før det). Han fortel meg: ”Du går feil veg”. Eg blir nesten litt hissig; ER det liksom nokon rett og feil veg i skiløypene no? Hallo?!; kva har skjedd med verda??
Men eg snur. Og føler meg med eitt meir heime. Ikkje blir eg passert av nokon heller. Dei fleste hadde vel gått heim for å feire julekveld.
Vel. Det vart med den eine gongen til Åsemyra skianlegg. Litt på grunn av uværet som gjorde løypene om til is, men også fordi eg mest fekk kjensla av at dette var eit privat anlegg, for dei spreke og dei få, heller enn for dei mange. Som ikkje smiler og seier hei når dei møter folk, men som heller ser stygt på deg fordi du anten går feil veg eller ikkje har teknikken i orden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar