Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2012

Kva slags perverse folk er det som mishandlar dyr?

Det går nesten ikkje ei veke utan at eg kan lese groteske oppslag om dyremishandling i anten riksaviser eller i lokalaviser. I lokalmiljøet her kan ein ofte høyre om husdyr som ikkje får mat, vatn eller blir forsømt på andre måtar. Også kjæledyra sine er folk slemme mot.

På VG-nett i dag kan vi lese om katten Thelma som har blitt mishandla på det grovaste. Det eine auga var stukke ut, bakbeina var skåre av, og katten var ikkje til å kjenne att.

 Katteeigarane fryktar no at det er ein kattemishandlar laus på Raufoss. Også ein annan katt har fått bakbeina skåre av - den levde så vidt, men måtte avlivast.

Det er knapt noko som får meg til å bli meir lei meg og sint enn mishandling av uskuldige. Anten det er menneske eller dyr. Og dyra er heilt avhengig av at vi menneska er snille mot dei. Dei kan ofte ikkje kjempe i mot. Difor er det så lett for forskrudde folk å la sin aggresjon eller perverse fantasiar gå utover desse stakkars dyra.

Og politiet har ikkje ressursar til å etterforske …

Gummi-Tarzanen i oss

Det er ikkje berre Gummi-Tarzan som ufriviljug måtte hopp bukk i gymtimane i skulen.

I oppveksten var eg overvektig og tidvis lat, men eg hadde heldigvis talent for ballspel og eg trena både handball og fotball på fritida. Eg kom meg gjennom kroppsøvingstimane, sjølv om det aldri var mitt favorittfag. Eg grua meg ofte til gymtimane – fordi det i gymtimane er ekstra synleg når du dummar deg ut. Også eg hata å hoppe bukk.

Elevane i ring rundt. Du åleine mot bukken. Dei andre elevane som skratta når du mislukkast. For min del slutta det alltid med at eg ikkje ein gong orka å prøve. Fordi eg var så redd for å feile.

Eg har ofte tenkt i etterkant på kor forferdeleg mange må ha hatt det i gymtimane. Dei som ikkje klarte å ta i mot ballen, dei som ikkje eigde koordinasjon og dei som aldri følte meistring. Dette er ekstra synleg i eit fag som kroppsøvingsfaget.

Eg trur veldig mange vaksne i dag har eit minne om kroppsøvingslæraren frå helvete. Han eller ho i sine proffe treningsklede og fløyt…

Skal skulen ta ansvar for at ungane er fysisk aktive?

Ungdom er latare enn aldri før. Det er eigentleg ikkje nokon nyheit, men Dagsavisen kunne presentere nye tal førre veke om at 15-åringar sitt meir i ro enn pensjonistar.

Vi likar jo å tru at vi er så aktive i Noreg, men statistikk viser at vi slett ikkje er best i Europa. Faktisk ligg vi ganske langt ned på lista. Ja, faktisk er vi i ferd med å nå att USA når det kjem til å vere tjukke og late.

Det er eit paradoks at vi brukar stadig meir pengar på treningsstudio og flott utstyr, men at vi aldri har vore feitare og latare enn no.

Vi på bygda liker også å tru at vi er mykje meir aktive enn dei i byane. Vi har jo naturen rundt oss og det er berre å spenne på seg skia for å gå ut i skogen. Vi går rundt i Bergans-jakker og swix-dresser heile tida.

Eg hadde ein ambisjon om at eg skulle gå på ski i dag, og tok difor på meg skikleda mine frå morgonen av. Den har eg vandra rundt omkring i heile dag, mens eg køyrte ein tur til Lom der eg var innom biblioteket og Bakeriet i Lom. Etterpå gjekk …

Kommunane som nynorskeigarar

Eg hadde tenkt å skrive om kommunane si rolle som skuleeigar. Så kom framlegget om endringar i norskfaget, som gjer at eg må omtale vår rolle som nynorskeigarar.

Du bur truleg i ein kommune som i alle fall på papiret har ei offensiv haldning til nynorsk, men også i våre kommunar merkar ein presset mot nynorsk. Vi opplever foreldre som går saman og krev bokmålsklasser for elevane, og veldig mange av elevane vel å byte målform til bokmål når dei kjem i vidaregåande skule.

Når elevane sjølv vel å byte til bokmål, ja då har vi eit problem. Då gjer vi ikkje ein god nok jobb i kommunane med å spreie språkglede og skape positive haldningar til nynorsk.

Eg var ein av desse altfor mange som bytte hovudmål frå nynorsk til bokmål då eg gjekk på vidaregåande. Eg vart umotivert av å få attende nynorskstilar der det var raude strekar under annakvart ord, og der attendemeldingane handla om alt som ikkje var lov.

Eg bar med meg ei haldning om at nynorsk var veldig vanskeleg, og eg trudde dei som klarte å…