torsdag 23. februar 2012
Frå innsida i Oppland fylkesting
Eg har ikkje skrive om korleis min karriere som resirkulert fylkespolitikar går. Det har eg ikkje klart å mobilisere nok motivasjon til å gjere enno. Faktisk har den einaste motivasjonen eg har funne så langt som fylkespolitikar, vore å formulere alternative forslag på nynorsk. Og eg kjenner at eg har mest lyst til å engasjere meg i at nynorsk burde vore meir brukt i Oppland. Då skjønner du kanskje at du ikkje er verdas mest motiverte fylkespolitikar.
Men altså; kva er eigentleg Fylkestinget? Og kva driv dei eigentleg med? Det har du kanskje spurt deg sjølv. Viss det er ei trøst, så trur eg ikkje mange av oss som er medlemmar i Fylkestinget som klarar å svare på det andre spørsmålet her heller.
Fylkestinget i Oppland har 37 medlemmar. Vi møtast omlag to-tre dagar for å behandle sakar. Då møtast vi stort sett på hotell rundt omkring. Det er Ap/SP/SV som styrer skuta. Åj..eg gløymte KrF. Dei er også i posisjon. Opposisjonen er Høgre, Venstre og oss.
No er vi på Fagernes i Valdres. Vi skal vere i lag i tre dagar. No skal eg fortelje kva vi har gjort så langt – slik over halvvegs i samlinga.
Onsdag
Vi møtte opp klokka 10.
Frå klokka ti til tolv hadde vi gruppemøte. Det vil seie at vi tre i gruppa til FrP møtte kvarandre for å diskutere sakane vi skal behandle.
Så var det lunsj.
Etter lunsj skulle Valdres som region presentere seg. Det er viktig slik at vi blir kjend med regionane i fylket vårt. Eg stilte spørsmål om kvifor dei ikkje brukar meir nynorsk i Valdres, men fekk ikkje noko godt svar.
Når det er sagt så var Valdres flinke til å presentere seg, og nokre av ordførarane var rett så flinke til både å synge og til å vere artige.
Klokka fem var vi ferdige med program. Då gjekk eg for å trene. Når vi har Fylkesting, så et vi mykje. Og dess meir vi sitt i ro, dess meir svolten blir ein. Difor droppa eg pause-baguett og gjekk for å trene. Vart fullstendig dehydrert i tide til middagen.
Klokka 19 var det klart for middag på Valdres folkemuseum – Fagernes. God mat, og fantastisk flott bygg dei har fått opp der. Eg vart øydelagt av eit glas med vin, og drakk pepsi max resten av middagen.
Attende på hotellet gjekk eg for å legge meg. Eg les litt, og då eg legg hovudet ned på puta høyrast det ut som mannen i pianobaren sitt inne på badet mitt. Sint som ei fele går eg ned i resepsjonen, og får heldigvis nytt rom. Klokka kvart på eitt sovna eg lukkeleg på nytt rom og utan slitsam musikk.
Torsdag
Stod opp halv åtte, og stakk ned for å bruke treningsrommet (som er det desidert beste med Fagernes hotell). Hadde med meg vassflaske denne gongen, av redsel for å bli endå meir dehydrert enn i går.
Går for å ete frukost. Et frukost mens eg les aviser på iPad’en min. Åj…det gløymte eg å seie. Alle vi politikarar har fått iPad for å bli papirlause. Så no har vi både fin iPad og vi får sakspapir i posten. Men det er berre mellombels altså. Vi må berre få systemet på iPad’en til å funke fyrst.
Klokka 10 er det nytt gruppemøte. Då møtast både Høgre, FrP og Venstre for å sjå om vi kan kome til einigheit om ein del av sakene og at vi kan fremme felles forslag. Eg lager eit forslag – på nynorsk.
Klokka 1230 møtast vi i Fylkestingssalen for utdeling av vaksenopplæringsprisen. Prisvinnar er Abdul Wahed Mohammadi, som kom til Noreg oog Otta som einsleg mindreårig flyktning i 2004. Utan grunnskuleutdanning og kunne ikkje ein gong skrive på eige morsmål. No går han på politihøgskulen. Fantastisk historie, som kan motivere oss alle til å stå på for å nå våre mål i livet.
Klokka 13 er det lunsj, og klokka 14 fortsett vi gruppemøta våre.
Fyrst klokka 1530 møtast vi endeleg for å starte behandling av sakane. No er klokka 1652, og så langt har fylkesordførar berre svart på spørsmål. No diskuterer vi setebelte på buss for elevar. Forslag frå FrP, Høgre og Venstre om at vi må finne ut om vi har økonomi til å gje alle elevar sittteplass og setebelte på skulebussen blir samrøystes vedteken.
No er det pause. Klokka er 1654 og det er mat.
Klokka er 1716
Vi er i gang med å behandle fyrste sak. Om opplæring for folk i institusjon. Eg knasker på min favorittgrønsak; stangselleri, som vi har fått i pausa. Mange fylkestingsrepresentantar var kjempesvoltne, og tykte kanskje stangselleri ikkje metta nok. Innstilling samrøytes vedteken etter litt debattt.
Klokka 1726
Vi startar på ein sak om bompengeselskap på Austlandet – ny og meir effektiv organisering. Det er truleg den saken som vil ta lengst tid i dag. Eg er ikkje bompengepolitisk talskvinne, og skal vere i ro i dag. Mine sakar; kultur, folkehelse og lærlingar, kjem fyrst i morgon. Så det er altså grunnen til at eg kan bruke tid på lytting og blogging i dag. I morgon skal eg prate.
Lasse Lehre frå Høgre legg fram forslag på vegne av opposisjonen. Anbud er tema. Lasse har jobba med denne saken i heile dag, og eg trur han gler seg til saka er ferdigbehandla.
Gunnar frå oss tek ordet. Han er bompengepolitisk talsmann.
Her omtrent vart alt sletta av dette blogginnlegget. I dag - fredag - fann eg det heldigvis att på politisk.no. Så no har eg limt det inn att.
No er det fredag og klokka er 1143. Eg har vore møteplagar og hatt lange innlegg i to sakar. Det er særdeles umotiverande å halde innlegg for ein gjeng der alle ser ned i ipad'en sin.
Og på bloggen er det no fullstendig umogleg å få til avsnitt. Alt er kluss. Heia min ikt-kompetanse!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar