mandag 20. februar 2012

Gummi-Tarzanen i oss

Det er ikkje berre Gummi-Tarzan som ufriviljug måtte hopp bukk i gymtimane i skulen.

I oppveksten var eg overvektig og tidvis lat, men eg hadde heldigvis talent for ballspel og eg trena både handball og fotball på fritida. Eg kom meg gjennom kroppsøvingstimane, sjølv om det aldri var mitt favorittfag. Eg grua meg ofte til gymtimane – fordi det i gymtimane er ekstra synleg når du dummar deg ut. Også eg hata å hoppe bukk.

Elevane i ring rundt. Du åleine mot bukken. Dei andre elevane som skratta når du mislukkast. For min del slutta det alltid med at eg ikkje ein gong orka å prøve. Fordi eg var så redd for å feile.

Eg har ofte tenkt i etterkant på kor forferdeleg mange må ha hatt det i gymtimane. Dei som ikkje klarte å ta i mot ballen, dei som ikkje eigde koordinasjon og dei som aldri følte meistring. Dette er ekstra synleg i eit fag som kroppsøvingsfaget.

Eg trur veldig mange vaksne i dag har eit minne om kroppsøvingslæraren frå helvete. Han eller ho i sine proffe treningsklede og fløyte og som såg ut som han fryda seg viss vi ikkje klarte noko.

Gymlæraren frå helvete gav ikkje medelevane kjeft fordi dei skratta av han som ikkje klarte. Gymlæraren frå helvete berre teia, og aksepterte slik latteren og hånflira. Ofte deltok han i det sjølv med eit lite smil i munnvika.

Kroppsøvingsfaget er nok det faget flest har dårlege minner frå når dei tenkjer attende på skuletida. Dei som har dårlege minner frå kroppsøvingsfaget er også dei som er mest inaktive i vaksen alder.

Også i kroppsøvingsfaget er det slik at dei som meistrar faget vil ha mest nytte av meir fysisk aktivitet. For mange kan meir fysisk aktivitet bety endå meir av det dei ikkje meistrar og det dei så grundig avskyr.

Det hjelp ikkje å gje ein elev som slit i matte meir matte. Vi må gje han annleis matte. Det hjelp aldri å pøse på med meir av det ein elev føler at han ikkje lukkast med. Det same gjeld fysisk aktivitet.

Det hjelp difor ikkje berre å gjere noko med mengda fysisk aktivitet i skulen viss vi vil ha meir aktive innbyggjarar og betre folkehelse. Vi må gjere noko med forma også. Glede over å vere i aktivitet må vere det viktigaste.

Vi treng ikkje fleire gymlærarar frå helvete som tvingar alle dei med ein Gummi-Tarzan i oss til å hoppe meir bukk og klatre endå høgare i ribbeveggen.

Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen 20.februar 2012.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar