Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2012

Frå ein drømmejobb til ein annan!

Eg skal skifte jobb. Frå og med 1.august blir eg lærar. Eg har visst det lenge at det er lærar eg skal bli, men eg har hatt det så fint i jobben min som prosjektleiar i Vågå. Det har eg fortsatt.

Eg fekk drømmejobben då eg flytta frå Oslo til Vågå, som prosjektleiar for eit samfunnsutviklingsprosjekt med mål om å lage Noregs beste skule. Men prosjekt er prosjekt, og eg kan ikkje vere prosjektleiar for alltid. Eg visste difor at eg ikkje ville klare å halde oppe energinivået i nok eit år som prosjektleiar, og dessutan trur eg det er sunt for både meg sjølv og for satsinga i Vågå at andre tek over. For eg kan ikkje vere der for alltid.

Hovudgrunnen til at eg bytar jobb er likevel at eg har ein draum. Eg har ein draum om å jobbe som lærar. Å medverke til at unge menneske tenkjer sjølv, og utviklar seg til gagns menneske. Det er kva eg vil gjere, og det er det eg skal gjere.

Eg begynte difor å søkje lærarjobbar med ein gong stillingane for neste skuleår vart lyst ut. Eg har søkt fleire pl…

Eg har det i meg!

Eg har utdanna meg til verdas beste og viktigaste yrke.
Lærarutdanninga var verkeleg lågstatus då eg var ferdig i vidaregåande skule for over ti år sidan. Vi brukte å seie at dei sløvaste av dei sløve, med høgast fråvær og dårlegast karakterar, var dei som søkte seg inn på lærarutdanninga. Det gjorde ikkje akkurat at eg ønskja å bli lærar. Kjære vene; eg hadde då ambisjonar!

I løpet av mine år med studiar mot ein mastergrad, sa eg alltid litt spøkefullt; viss eg ikkje får nokon annan jobb, kan eg jo alltids bli lærar. Å bli lærar var ein slags back up-plan viss eg feila på alle andre område.

Så vart eg politisk rådgjevar på utdanningsfeltet. Eg tok praktisk pedagogisk utdanning for å forstå litt meir av det eg jobba med. Så vart eg prosjektleiar for eit skuleutviklingsprosjekt. Og snart var ikkje læraryrket så framand for meg lenger.

I løpet av desse fem åra eg har jobba med skulepolitikk og skuleutvikling, har eg skjønt at skal vi få til endringar, må desse endringane skje i det enke…

32: Gå på kino åleine i Noreg. Fullført 18.mars 2012

Det er no lenge sidan eg har gløtta på lista over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Men i dag var tida inne for å gjennomføre ein ting til. Eg er i Oslo, og i dag bestemte eg meg for at tida er overmoden for å gå på kino åleine (eg var på kino åleine i Denver då eg reiste åleine på tvers av USA, men det reknar eg ikkje med sidan settinga var heilt annleis).

Filmvalet var feigt, men enkelt. Eg har ikkje fått sett The Iron Lady endå, og det er jo liksom ein film eg berre MÅ sjå, som den gode liberalisten eg er. Og ja; eg veit det er ein film det kanskje er meir akseptabelt å gå åleine for å sjå, enn filmar i mange andre genre, men eg hadde lyst til å sjå denne filmen. Og ja, eg gjekk på framsyning klokka 13, men det var då eg hadde tid (og ja, sjølvsagt hadde det vore tøffare å kvinne seg opp for å sjå ei kveldsframsyning).

Det var mindre pinleg enn eg hadde frykta. Eg var stolt, så stolt då eg gjekk inn i kinosalen. Eg gjekk med heva hovud, kom inn presis klokka 13, midt under rekla…

Kvifor er folk i Oslo så sure og sinte?

Eg har no vore på ei tredagars samling i lag med skule- og barnehageleiarar i Vågå. Dette har gjort at vi måtte både traske ein del og køyre litt bil i Oslo, og det har overraska meg kor sure og sinte folk i Oslo er. Dei er faktisk så sure og sinte at eg har fått lyst til å både hytte og banne attende. Noko som seier meg at dette er ein frykteleg ond sirkel som gjer at heile byen blir sur til slutt. Og truleg oppdaga eg ikkje dette då eg sjølv budde i Oslo - for eg var då sur sjølv.

Eksempel 1: Tuting i bilane.

Folk er jævlig utålmodige i denne byen og dei tutar for alt. Viss du ikkje er i gang etter eit sekund i eit lyskryss når det blir grønt. Viss du ikkje heilt veit kor du skal. Folk tutar i hytt og vær. Og det er slik aggresiv tuting. Det er ikkje berre eit lite advarseltut - neidå; dei held tuteknappen inne i fleire minutt, så du berre ser for deg korleis dei bannar og svertar, der dei sit i dei fine bilane sine og skal rekke tennistrening eller spa.

Eksempel 2: Generell surhe…

La meg ta deg med til byen min (nok ein gong)!

Det finst ikkje noko betre enn å ha ei møtefri og ubrukt helg framfor seg. I alle fall ikkje når du veit du skal vere heile denne helga i Oslo. Min favorittby over alle favorittbyar.

Eg var ferdig med alle jobboppdrag klokka 15, og etter å ha sjekka inn på hotellet (tenk det; eg er gjest i min eigen by) bestemte eg meg for å gå same vegen som eg gjekk til jobb i to og eit halvt år mens eg budde her. Frå sentrum og opp til Bjølsen. Det var akkurat det same. I alle fall nesten det same. Nokre butikker er skifta ut. Det er komen ein ny kaffesjappe som heiter Wayne´s coffee og også nokre andre småbutikker langs vegen. Stresset, mangfaldet av folk og trafikken var den same. Når eg nærma meg Sagene kjende eg at eg var i ferd med å kome heim. Bunnprisen var borte på grunn av røyskader. Så der har det vore brann ja?

Eg kom opp til Bjølsen. Der stod han. Leiligheten min. Leiligheten som eg har lyst til å bu i, men som eg ikkje kan bu i. ÅÅ..den som kunne hatt råd til å bu på bygda og ha feriele…