Gå til hovedinnhold

Frå ein drømmejobb til ein annan!

Eg skal skifte jobb. Frå og med 1.august blir eg lærar. Eg har visst det lenge at det er lærar eg skal bli, men eg har hatt det så fint i jobben min som prosjektleiar i Vågå. Det har eg fortsatt.

Eg fekk drømmejobben då eg flytta frå Oslo til Vågå, som prosjektleiar for eit samfunnsutviklingsprosjekt med mål om å lage Noregs beste skule. Men prosjekt er prosjekt, og eg kan ikkje vere prosjektleiar for alltid. Eg visste difor at eg ikkje ville klare å halde oppe energinivået i nok eit år som prosjektleiar, og dessutan trur eg det er sunt for både meg sjølv og for satsinga i Vågå at andre tek over. For eg kan ikkje vere der for alltid.

Hovudgrunnen til at eg bytar jobb er likevel at eg har ein draum. Eg har ein draum om å jobbe som lærar. Å medverke til at unge menneske tenkjer sjølv, og utviklar seg til gagns menneske. Det er kva eg vil gjere, og det er det eg skal gjere.

Eg begynte difor å søkje lærarjobbar med ein gong stillingane for neste skuleår vart lyst ut. Eg har søkt fleire plassar. Eg søkte der eg tykte det høyrtes triveleg ut å bu eller jobbe. Det var ikkje alle plassar eg søkte. Eg ønskja meg til ein plass eg ikkje kjende frå før, og der folk heller ikkje visste kven eg var. Eg var klar for å oppleve noko nytt.

Høyanger kommune var tidlegast ute med utlysinga si. På nynorsk.

Høyanger kommune var også tidlegast ute med å invitere meg i til intervju.

Høyanger kommune var fyrst ute med å gje meg eit jobbtilbod.

Eg likte klangen i namnet. Eg likte folka som møtte meg. Eg tenkte umiddelbart: dette er nok ein plass eg kunne tenkje meg å bu.

Eg reiste over til Høyanger. Høyanger møtte meg i strålande sol. Elevane var blide. Dei vaksne var blide. Eg følte heile kommunen ønskja meg velkomen. Til tross for at bilen min så vidt fekk plass på vegen inn dit.

Eg har takka ja til jobb i Høyanger og skal etter planen flytte dit i løpet av sommaren og startar i ny jobb 1.august.

Eg gler meg. Eg kjem ikkje til å ombestemme meg. Men eg kjenner litt på frykta.

Kva er det du driv med? Du som trivst så godt i Vågå, Hanne? Du som eigentleg har tenkt å flytte attende til Oslo, Hanne? Tenk om du ikkje kjem til å trivst klemt mellom fjord og fjell, Hanne? Tenk om du ikkje får nokon vener der, Hanne? Er det ikkje på tide å slå seg til ro med mann og barn, Hanne?

Men eg vil oppleve ulike stader. Eg vil oppleve ulike menneske.

Eg er livredd for å slå meg til ro. Eg er livredd for å kjede meg. Eg vil ha det moro. Eg vil leve ut draumane mine. Draumane mine handlar ikkje om å byggje hus, få meg ungar og mann - korkje i Vågå eller Oslo. Draumane mine handlar om noko heilt anna.

No skal eg bli lærar. Eg skal bli Noregs beste lærar.

Eg kan knapt vente til skulestart i august når eg sett i gang med det som truleg blir mitt livs største utfordring; å føle eg strekk til som pedagog og som medmenneske.

Min største draum akkkurat no er å klare nettopp det.

Kommentarer

  1. Velkomen til framtidsfylket :-) Kjekt å lese kvifor det vart Høyanger, og eg håper du kjem til å trivast.

    SvarSlett
  2. God dag Hanne. DU hugsar sikkert ikkje meg, eg var tidligare medlem av FPU då du sat i sentralstyre. EG bur no i Høyanger og trivast godt med det. DU kan berre gleda deg, men mannfolk eller kvinnfolk finn du ikkje her.. hehehe..

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…