Gå til hovedinnhold

La meg ta deg med til byen min (nok ein gong)!

Det finst ikkje noko betre enn å ha ei møtefri og ubrukt helg framfor seg. I alle fall ikkje når du veit du skal vere heile denne helga i Oslo. Min favorittby over alle favorittbyar.

Eg var ferdig med alle jobboppdrag klokka 15, og etter å ha sjekka inn på hotellet (tenk det; eg er gjest i min eigen by) bestemte eg meg for å gå same vegen som eg gjekk til jobb i to og eit halvt år mens eg budde her. Frå sentrum og opp til Bjølsen. Det var akkurat det same. I alle fall nesten det same. Nokre butikker er skifta ut. Det er komen ein ny kaffesjappe som heiter Wayne´s coffee og også nokre andre småbutikker langs vegen. Stresset, mangfaldet av folk og trafikken var den same. Når eg nærma meg Sagene kjende eg at eg var i ferd med å kome heim. Bunnprisen var borte på grunn av røyskader. Så der har det vore brann ja?

Eg kom opp til Bjølsen. Der stod han. Leiligheten min. Leiligheten som eg har lyst til å bu i, men som eg ikkje kan bu i. ÅÅ..den som kunne hatt råd til å bu på bygda og ha ferieleilighet i Oslo. Det skal eg satse på  når eg blir rik.

Eg kjende på kjensla at eg skal attende til Oslo ein gong. Men ikkje enno. Tida er ikkje inne for å flytte inn att hit for godt. Han kjem, men ikkje enno.

Inntil vidare skal eg oppleve bygdelivet. I alle fall i nokre år til.

Så får eg heller passe på  å ta nokre helger  i byen min. Det finst ikkje vakrare plass på jord enn når sola byrjer å skine i Oslo og folk dreg fram smilet att.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…