Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2012

Kvifor eg er liberalist

Mange spør meg om kvifor i alle dagar eg er med i Framstegspartiet. Eg skal her forklare kvifor.

Eg kjem frå ein liberal heim, men ikkje ein liberalistisk heim. Eg har foreldre som har lært meg opp til aldri å skulde på andre viss det ikkje går meg vel her i verda. Eg kjem også frå ein heim som har eit grunnleggjande liberalt grunnsyn der menneske skal respekterast for handlingane sine, ikkje ut i frå kva slags hudfarge dei har eller kva for legning dei har.
Eg har foreldre som aldri hadde stemt Framstegspartiet. Likevel valde eg i ung alder å kalle meg liberalist og å melde meg inn i FpU.
Eg vart liberalist fordi eg trur på enkeltmenneske. Eg trur meir på enkeltmennesket enn på system.
Eg er liberalist fordi eg trur enkeltmennesket er dei som er best egna til å disponere sine eigne pengar. Eg meiner det er ineffektivt med politikarar som dreg inn pengar for så å fordele dei ut att til kva dei meiner er gode formål. Eg meiner at det er du sjølv som veit best kva du treng i livet, og ik…