fredag 27. april 2012

Halvsær og halvsøt jente søkjer mann

Eg er ei jente på 30 år, som ikkje heilt veit om eg har lyst på kjærast. Men eg kunne tenkje meg å ha ein kjærast for å sleppe folk som sett spørsmålsteikn ved min sivilstatus. Eg ønskjer altså å stoppe kjeften på håplaus familie, kollegaer og elles andre eg ikkje har vald å omgås. Blir eg forelska i deg, er det ein biverknad eg kan ta med på kjøpet.

Eg er 168 cm høg. Eg er korkje tjukk eller tynn, men eg er konstant mislukka med eige kropp. Eg gjer likevel med jamne mellomrom verkeleg narr av folk i panikkalderen som har eit forskrudd forhold til trening og kosthald (men innerst inne ønskjer eg litt at eg kunne hatt viljestyrke til all denne treninga sjølv).

Dietten min på våren og sommaren består av cava og jordbær. Eg finst ikkje måtehalden med alkohol, og det er ikkje berre på fest eg røykar, for å seie det slik. Men det er berre nikotin eg røykar, sjølv om eg er liberal.

Eg tykkjer sjølv eg er ganske pen. Spesielt etter eit visst inntak av alkohol. Då hender det at eg kan stå lenge og berre beundre meg sjølv i speilen mens eg seier: "Fy faen, Hanne, så bra du ser ut". Eg blir også ofte spurt om leg på polet, noko som seier meg at i alle fall damer i femtiårsalderen godt kan ta meg for å vere langt under 30 år.

Eg ønskjer at du skal vere pen. Eg har aldri hatt ein pen kjærast før, så no ønskjer eg meg ein skikkeleg kjekkas. Ein slik "vise-fram-gut". Du må gjerne vere litt yngre enn meg. Sidan eg er slik halvvegs i panikkalderen, ønskjer eg gjerne ein yngre kjærast. Viss du er veldig fit og smart, kan eg strekke alderen litt. Du må difor vere mellom 22 og 35 år. Eg gjer eit unntak for George Clooney. Ikkje Brad Pitt. Han har for mange ungar.

Du må vere smart. Du MÅ ikkje ha høgare utdanning, men det er ingen ulempe. Det er viktig for meg at du ikkje er ein belest arrogant drittsekk, så det er difor viktig at du har ei jordnær haldning til livet. Du må til dømes kunne bli med på DDE- eller Ole Ivars-konsert der du glir rett inn mens du gauler: "Her blir det liv!". Etter konserten kan vi godt sette oss ned for å diskutere Leo Tolstoj sitt forfattarskap, men det er viktig at du ikkje gjer narr av korkje det eine eller det andre. Du må også vere klar til å bli med meg som date på FrP sin valgcamp (og der opptrer ofte Ole Ivars).

Haldningar er likevel det viktigaste. Du må vere liberal i visse livssynsspørsmål, og eg kan ikkje under nokon som helst høve tolerere følgjande:

* Kjærleik til George Bush
* At du er tilhengjar av dødsstraff
* At du meiner homofile ikkje bør ha same rettar som heterofile
* Rasisme
* Motstand mot retten til sjølvbestemt abort
* Latterliggjering av nynorsk
* Latterliggjering av bygda (viss eg då ikkje sjølv er med på det)
* Kristenkonservative fordømmande gærningar

Du bør vere praktisk anlagt, slik at du kan fikse og ordne ting i huset. Du må også kunne fjerne edderkoppar. Det vil seie at du skal fjerne dei. IKKJE ta dei opp og skremme meg med dei. Mogleg du ser på det som flørting. Det er ondskap. Ikkje anna enn ondskap!

Du må vere glad i ein fest. Du må kunne sitje saman med meg og pælme fleire flaskar vin mens vi gjer alt frå å prate tull om banale ting til å lese dikt av Tor Jonsson. For ikkje å gløyme klininga!

Du må ha førarkort. Det kjem likevel ikkje på tale at du gjer narr av køyringa mi. Uansett. Du må heller ikkje seie eg er ein fantastisk dyktig sjåfør. Då veit eg du bløffar.

Du må vere fantastisk forelska i meg. Men ikkje så forelska at du blir som ein klegg. Du bør vere avslappa, og ikkje få panikk viss eg ikkje svarar på ein sms. Du bør ha ditt eige liv og gjere noko du brenn for. Eg har eit stort behov for armslag og åleinetid, og det er du nøydd til å respektere. Eg veit heller ikkje om eg nokon gong ønskjer meg ungar, og det må du ha forståing for (men du må gjerne prøve å overtale meg til det motsette).

Du kan ikkje vere ein person som klagar over livet ditt, men du må gjere noko med det viss du ikkje er nøgd.

Du må vere idealistisk. Spelar ingen rolle på kva for område, men det er viktig at eg beundrar deg for det du gjer, slik at ros og beundring frå meg kan vere ekte.

Du må ha mykje humor og ikkje ta deg sjølv så høgtideleg. Du skal gje meg rett og beundre meg over alt på jord, men du må gje meg motstand. Eg treng å bli utfordra. Eg har lett for å vere lat - både mentalt og fysisk, og det er viktig at du klarar å utfordre meg på begge plan.

Du kan ikkje gjere narr av mine interesser eller jobb. Du må tru heilt og haldent på det eg driv med, og du må vere interessert i jobben min og hobbyane mine. Du må ha forståing for sære interesser som Grand Prix, countrymusikk og harry duppedittar. Du må ikkje dele interessene, men du må finne interessene mine interessante.

Viss du kan matche alt dette, har du sjansen til å bli kjend med meg. Eg kan tilby humor, spanande samtaler, mange gode festar og eg lovar at du sjeldan kjem til å kjede deg i lag med meg. Det gjeld både på godt og vondt. Eg meiner eg sjølv er den mest fantastiske i verda, og trur du også kjem til å meine det. Om du blir kjend med meg.

Passar denne skildringa til deg, kan du sende meg ein mail, eller du kan dukke opp liksom heilt tilfeldig ein gong eg er på biblioteket. Slik kan vi møtast mens vi begge to grip etter ei diktsamling av Tor Jonsson. Då blir det meg og deg for alltid.

Bill.merk: "Harry, men halvsmart"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar