Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2012

Fy søren, så vakkert det er her!

Det var ein tanke som reiste gjennom hovudet mitt fleire gonger då eg i går køyrte til Høyanger over Sognefjellet frå Vågå. Ikkje minst då eg kom ned frå Sognefjellet (ein veg eg aldri har køyrt heilt over før) og ned i Luster. Kor grønt det var der. Kor flott det var der. Og kor idyllisk det var å køyre langs fjorden. Det er liksom så annleis frå det eg er vant til. Sjølv om det berre er rett over fjellet.

Eg starta klokka seks om morgonen. Køyrte gjennom kommunar eg aldri har vore i før. Gjorde ting eg aldri har gjort før. Som til dømes å køyre ferge med bilen min. Det var skummelt det. Spesielt etter som det var to filer til ferga, og to ulike ferger. Og ikkje tru det var godt merka. Så eg måtte spørje fergefolka om eg køyrte rett. Det gjorde eg. Dei såg eg var ei fergejomfru. Og hjalp meg mykje. Gav tommelen opp når eg køyrte av ferga også!
Bilen min ombord. På veg til ein plass eg ikkje hugsar kva heiter. Filla til Dragsvik eller noko slikt, heite fergeruta. Eg havna i alle fall…

Gitter og glamour

Denne veka er det Eurovision Song Contest (ESC) for alle penga. Frå eit land som kan kallast alt anna enn demokratisk.

Frå eg var lita jente har eg elska denne konkurransen. Eg har høyrt deltakarar synge om politikk, fred og krig. Men det er ikkje på grunn av djupe songtekster eg har elska konkurransen. Eg har elska han fordi han har gjort meg grunnleggjande glad.
Brot på menneskerettar gjer meg grunnleggjande trist. For ei jente som bekymringslaust har vakse opp i Noreg, er det vanskeleg for meg å tenkje korleis det er å leve i eit land som Aserbajdsjan.
Aserbajdsjan har lagt ned milliardar av kroner for å ruste opp landet sitt sidan sigeren i fjor. No skal dei framstå som eit glamorøst og demokratisk land der alt er velstand. Det er lettare å bli fascinert av glitter og glamour, enn det er å engasjere seg i aktivistar bak gitter.
Når vi veit at folk har blitt kasta ut av heimane sine utan varsel fordi myndigheitene skal byggje scene til årets mest glamorøse show, då påverkar dett…

Eg skal verkeleg flytte!

No har eg nettopp fullført søknad om fritak frå politiske verv i Oppland fylkeskommune. Eg har ikkje sendt han inn endå, men veit eg må gjere det i løpet av neste veke.

Eg er i ferd med å ta ut all ferie eg har krav på før eg sluttar i jobben. Det er hardt arbeid, men det går.

På tysdag reiser eg til Høyanger for å delta på overgangsmøte og foreldremøte. Invitasjon til foreldremøte er allereie sendt ut underskrive skuleleiinga og kontaktlærarane. Der står mellom anna mitt namn.

På tysdag skal eg også bestemme meg for kva for bustad eg skal flytte inn i.

Eg har sagt opp leiligheten i Vågå. Pappa har bestilt flyttebil til ein bestemt dato i juli. Og eg veit eg snart må starte nedpakkinga.

Dette er rart. Dette er berre veldig rart. Eg skal bli innbyggjar i Sogn og Fjordane. På Vestlandet!

Eg vil ikkje flytte frå Vågå. Eg har absolutt ikkje lyst til å gje slepp på jobben eg har. Det gode miljøet der. Dei fantastiske folka. Og den herlege atmosfæra.

Men nokon gonger er det berre slik…

Topp 10; ESC-vinnarar

Eg har tidlegare laga liste over dei beste låtene som ikkje vann. No er det på tide å laga ei liste over dei ti beste vinnarane gjennom historia. Her er ho. Min eigen subjektive meining om dei beste låtene som har vunne denne fantastiske konkurransa gjennom historia.
Nesten på lista: Israel 1998. Dana International: Diva Hellas, 2005. Helena Paparizou: My number one Irland, 1992. Linda Martin: Why me Strobritannia, 1967: Sandie Shaw: Puppet on a string 10.plass
Sverige 1999 Charlotte Nilsson: Take me to your heaven


Eg er ein stor fan av svensk slager. Det er det nok ingen tvil om. Dette året var eg 18 år. Eg elska denne låta. Eg høyrer ofte på den i dag. Også Charlotte Nilsson hadde hatt høgare stjerne hjå meg i dag om ikkje hadde stilt opp på nytt og på nytt. Og på nytt i Melodifestivalen. Når du flopper i internasjonal finale på nytt, prøv for guds skuld ikkje ein gong til i nasjonal finale i Sverige. Det gjorde Charlotte. I år. Og floppa. Skikkeleg. Men låta frå 1999 vekker fortsa…

Topp 10: Sleske menn i Eurovision song contest

10. Storbritannia 1992 Michael Ball: One step out of time

Hadde dette vore i dag ville han nok piffa opp showet sitt litt meir. Men take ut i frå konteksten, er nok dette frykteleg sleskt. Er liksom berre noko med menn i lys dress som står og vrikkar på seg utan eigentleg å gjere noko meir ut av seg. Eg får litt Tor Endresen-kjensle, og det er aldri eit godt teikn! Og sjå når han dreg handa si gjennom dei fantastisk fine krøllene sine! Nyyydeleg!

9. Sverige 1995 Jan Johanson - Se på mig

Det er sikkert berre eg som er blitt kynisk med alderen. Men eg trur ingenting på ein mann med så snille, så snille augo som syng: "Og hos deg stannar jag kvar" og "aldri lämnar jag deg". For ikkje å prate om: "Jag går med deg der du går" (for meg høyrast dette forresten ut som ein skikkeleg stalker).  Og kva er det med den grusomme skinnjakka? Nei du; deg hadde eg ikkje stolt eit sekund på!
8. Kviterussland 2007 Koldun: Work your magic

Open skjorte og e…

Åtte på topp i årets Eurovision song contest

Eg har no høyrt gjennom alle låtene til årets Eurovision Song Contest. Eg er difor klar til å lage min eigen topp-liste, så får vi sjå 26.mai om min smak er i samsvar med Europas musikksmak. Årsaken til at det vart åtte er at eg ikkje klarte å skilje frå kvarandre det rælete andre.

8. Kypros

Ivi Adamou: La La Love


Dette er slik musikk eg blir i godt humør av. Eg likar dette. Eg trur låta kan kome høgt.

7. Norge

Tooji: Stay


Eg må jo få nokre hotte menn på denne lista også. Eg elskar Tooji. Eg tykkjer likevel han er betre på scena enn på iPad'en. Med eit forrykande show kan Tooji kome høgt opp. Eg tippar rundt femteplass. Dette blir moro. Eg gler meg. Satsar eg ikkje skal gå slukøra heim frå semifinale-fest med norsk flagg i veska mi, slik eg gjorde i fjor.


6. Tyskland

Roman Lob: Standing Still


Eg likar denne låta. Ikkje slik typisk MGP-låt eg brukar å like. For eg er tradisjonell - liker songar med høgt tempo i desse konkurransane. Men dette er ein låt eg kan høyre på mens eg sit i sofa…

Eg er ikkje kandidat til stortingsvalet

I desse dagar driv folk og lanserar seg sjølve som kandidatar til det komande stortingsvalet. Eg vil herved lansere meg sjølv som ikkje-kandidat.

For meg var det også ein stor draum å kome inn på Stortinget ein gong. Som ungdomspolitikar var det eit mål som lyste der langt framme, og som på mange måtar kunne verke uoppnåeleg. No er det ingenting med å vere stortingsrepresentant som fristar lenger.

Inneverande periode er eg 1.vara til Stortinget. Ved førre val var eg såkalla "kampkandidat". Eg låg inne på målingane heilt til siste veka. Eg kjempa. Og eg kjempa. Eg skulle inn på Stortinget. Det gjekk ikkje.

Etter valet måtte eg i staden vende attende til jobb som politisk rådgjevar på Stortinget. Eg visste at eg ikkje kunne vera der lenger, og søkte meg difor vekk. Eg havna i Vågå. Det har eg aldri angra på.

Eg hadde sagt at viss eg ikkje kom inn på Stortinget, skulle eg sjå på det som eit signal frå veljarane om at eg burde finne meg noko anna å gjere. Javisst var eg litt…

Utdanningspolitikk på dagsorden

Eg har fått den store æra av å vere leiar for Framstegspartiets temautval for skule-, utdannings- og forskingspolitikk. Denne komiteen skal kome med forslag til Framstegspartiets stortingsvalsprogram innanfor dette området.

Programarbeidet denne gongen er organisert slik at vi har ein programkomité leia av Per Sandberg, mens vi har fire temakomitear. Desse temakomiteane er for helse og sosial, beredskap og sikkerheit, finans og infrastruktur og altså utdannings- og forskingspolitikk. Komiteane er leia av Per Arne Olsen (2.nestleiar), Jon Pieter Flølo (ordførar i Bamble og tidlegare lensmann), Ketil Solvik Olsen (finanspolitisk talsmann i FrP) og altså eg som leiar den siste.

Vi har fått ein kort tidsfrist for arbeidet vårt. Allereie 1.september skal vi kome med våre forslag til ny tekst til programmet, og dei naudsynte bakgrunnsnotat for å forklare forslaga vår.

Samansettinga av komiteane er spanande. Og det er slik at du nesten blir overraska over kor mykje kompetanse det faktisk …