Gå til hovedinnhold

Eg er ikkje kandidat til stortingsvalet

I desse dagar driv folk og lanserar seg sjølve som kandidatar til det komande stortingsvalet. Eg vil herved lansere meg sjølv som ikkje-kandidat.

For meg var det også ein stor draum å kome inn på Stortinget ein gong. Som ungdomspolitikar var det eit mål som lyste der langt framme, og som på mange måtar kunne verke uoppnåeleg. No er det ingenting med å vere stortingsrepresentant som fristar lenger.

Inneverande periode er eg 1.vara til Stortinget. Ved førre val var eg såkalla "kampkandidat". Eg låg inne på målingane heilt til siste veka. Eg kjempa. Og eg kjempa. Eg skulle inn på Stortinget. Det gjekk ikkje.

Etter valet måtte eg i staden vende attende til jobb som politisk rådgjevar på Stortinget. Eg visste at eg ikkje kunne vera der lenger, og søkte meg difor vekk. Eg havna i Vågå. Det har eg aldri angra på.

Eg hadde sagt at viss eg ikkje kom inn på Stortinget, skulle eg sjå på det som eit signal frå veljarane om at eg burde finne meg noko anna å gjere. Javisst var eg litt bitter, men eg var bestemt.

Eg hadde bestemt meg for å slutte med politikk på skikkeleg. Eg ville berre vere "vanlege Hanne". Eg visste allereie då at eg ikkje kom til å prøve å bli vald til Stortinget om fire år. Eg ville heller ikkje ha andre politiske verv.

Så fekk eg førespurnad om å bli med i sentralstyret til Framstegspartiet. Etter mykje tvil takka eg ja. Det har eg heller ikkje angra på. Men eg har vore klar på at det får vere med det. Eg er på langt nær klar til å bli heiltidspolitikar. Eg ønskjer å vere ei stemme inn i sentrale organ frå oss som ikkje driv med politikk elles i kvardagen.

Mange hadde nok trudd eg skulle søkje renominasjon att i Oppland. Det har eg visst heile tida at eg ikkje kom til å gjere. Eg vil ikkje. Eg har rett og slett ikkje lyst. Det er ingenting med å vere stortingsrepresentant som fristar meg - akkurat no.

Då eg dreiv med politikk på heiltid (kommunepolitikar, 1.nestformann i FpU og politisk rådgjevar på same tid) bevega eg meg fjernare og fjernare frå verkelegheita. Frå folk. Frå meg sjølv. Eg var ikkje ein gong glad i folk. Eg såg berre¨på verkelegheita rundt med meg følgjande blikk: "Kan eg få eit godt presseoppslag ut av dette?".

Javisst lytta eg til folk, javisst var eg flink og javisst var eg meir empatisk enn mange andre. Men eg var i ferd med å miste meg sjølv. Det var fleire gonger eg stilte meg sjølv spørsmålet: "Trur du eigentleg på dette sjølv, Hanne?".

No ser eg tydeleg kva for konsekvensar stortingsvedtak får for oss som jobbar i skulen. Som når Stortinget innfører valfag i ungdomsskulen, og forventar at skulane skal klare å presse inn dette valfaget (for berre eitt klassesteg) på akkurat same tid som tidlegare. Sagt på ein annan måte: skulane skal få inn ein halvtime ekstra, men bussen går på same tid som tidlegare. Enkel matematikk seier at dette ikkje går opp.

Eg ser at det truleg har vore ein dragkamp mellom ulike folk om å innføre valfaget. Kompromisset har blitt eit praktisk valfag med ekstremt teoretiske læreplanar, som nesten kunne vore eit hovudfagsstudium.

Javisst er det gode intensjonar, men det blir så feil, så feil.

Eg vil jobbe på grasrota. Eg vil erfare korleis overordna politikk påverkar oss som jobbar der ute. Til dømes i skuleverket, der eg jobbar. Det trur eg styrkar meg som menneske. Anten eg vel å vende attende til å bli heiltidspolitikar om fire eller seksten år, eller ikkje.

Eg tek ikkje attval som stortingskandidat. No flytter eg frå Oppland også, og då er det heller ingen tvil om den saken. Men eg hadde ikkje tatt attval om eg hadde blitt buande i Oppland heller. Eg vil rett og slett ikkje.

Mange seier: "Det var synd, Hanne" eller "Eg skulle ønskje du stilte". Det er eg heilt uenig i. Stortinget treng engasjerte folk som brenn kvar einaste dag for å endre samfunnet. Der er ikkje eg - no.

Men eg skal fortsette å seie i frå. Og eg skal fortsette å kjempe for ei betre verd. Men det gjer eg best som lærar for eit knippe ungdomsskuleelevar som er i ferd med å gå frå å vere ungar til vaksne.

Eg skal medverke til å få unge menneske til å tenkje sjølv. Til å bli gagns menneske. Eg kan verkeleg ikkje tenkje meg viktigare oppgåve enn akkurat det no.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…