Gå til hovedinnhold

Fy søren, så vakkert det er her!

Det var ein tanke som reiste gjennom hovudet mitt fleire gonger då eg i går køyrte til Høyanger over Sognefjellet frå Vågå. Ikkje minst då eg kom ned frå Sognefjellet (ein veg eg aldri har køyrt heilt over før) og ned i Luster. Kor grønt det var der. Kor flott det var der. Og kor idyllisk det var å køyre langs fjorden. Det er liksom så annleis frå det eg er vant til. Sjølv om det berre er rett over fjellet.

Eg starta klokka seks om morgonen. Køyrte gjennom kommunar eg aldri har vore i før. Gjorde ting eg aldri har gjort før. Som til dømes å køyre ferge med bilen min. Det var skummelt det. Spesielt etter som det var to filer til ferga, og to ulike ferger. Og ikkje tru det var godt merka. Så eg måtte spørje fergefolka om eg køyrte rett. Det gjorde eg. Dei såg eg var ei fergejomfru. Og hjalp meg mykje. Gav tommelen opp når eg køyrte av ferga også!
Bilen min ombord. På veg til ein plass eg ikkje hugsar kva heiter. Filla til Dragsvik eller noko slikt, heite fergeruta. Eg havna i alle fall i Balestrand.

Fire timar køyring (og fyrste gong eg var i Sogndal sidan eg var med Mamma på tur dit då eg var bittelita jente og budde i Aurland), og så framme i Høyanger. Då er det rett inn på skulen. Her ser du skulen eg skal jobbe på.


Møtte så elevane i 7a. Dei var sjølvsagt veldig spente. Vi fekk omlag 45 minutt i lag. Fyrst fekk vi prata litt saman. Dei stilte mange spørsmål. Det fyrste var: "Kor gamal er du?". Eg svarte: "Tretti". Dei sa: "Åjj...du ser MYKJE yngre ut!". "Vi trudde du kanskje var slik 22 eller noko". HAHA. Ta den!

Så fekk eg følgje av to av jentene i klassa ned til sentrum. Der besøkte vi fire av elevane som stod og selde vaflar til inntekt for Unicef. Det er elevane sine det!!

Etter det var det tid for overgangsmøte og prat med ho som er kontaktlærar no. Fekk også prata med ein del kollegaer. Høg smilefaktor i Sogn og Fjordane. Og for ei herleg dialekt! For ei herleg dialekt! Og tenk å flytte til ein plass der alle er einige om at det er nynorsk vi skal lære i skulen!

Så var det tid for rånetur med teknisk etat. Sett på tre ulike bustader. Har eliminert bort ein, så nå står det mellom to. Bestemmer meg i løpet av veka. (Oppdatering; har bestemt meg. No veit eg kvar eg skal bu. Ikkje drømmeplassen i Høyanger, men noko eg kan leve med)

Etter det åt eg middag på Høyanger hotell. Så køyrte eg meg ein tur. Her er bilete frå den flotte plassen Kyrkjebø. Der eg eigentleg kunne tenkje meg å bu.


Så prøvde eg å køyre oppover. Og oppover. Det er så bratt. Og så svingete. Det er slike vegar eg har mareritt om. Høgdeskrekk som eg har. Her ser de eit heller dårleg bilete (alle bileta er take med ipad'en min, så det er vel ikkje verdas beste bilete) frå høgt oppi høgget der ein ser ned på Høyanger sentrum. Det er bratt. Skikkeleg bratt!

Etter sightseeing var det klart for foreldremøte. Der fekk eg sett foreldra, og dei fekk sett meg. Og eg fekk sagt nokre ord om meg sjølv. Dei lurer vel på kva i alle dagar som kjem flyttande frå Vågå til Høyanger. Og kva eg flyktar frå. Eller kven eg flyktar til. :)

Så bar det heimover. Planen var å køyre bil til klokka 21, sjekke inn på eit hotell og så sjå Grand Prix-semifinale. Hotellet eg kjem til klokka 21 kostar 1300 kroner natta, det neste var fullt, og då eg kjem til Sogndal finn eg ut at no kan det søren med vere. Eg har høyrt alle låtene, og kan sjå semi'n i reprise. Eg avgjer så å køyre på. Men har dårleg kjensle. Eg tenkjer det er fordi eg gruer meg til å køyre åleine over Sognefjellet på natterstid. Eghar ein viss redsel for monster med ljå eller isøks som plutseleg dukkar opp når eg er mutters åleine på Sognefjellet.

Dårleg kjensle. Og begynner å bli trøtt. Drikk cola og et chips i bilen. Finn ut at eg kanskje skal booke meg inn i Skjolden.

Køyrer gjennom ein plass i Luster kommune. Vakker kveld. Tettbygd strøk, truleg. Sliten.

Plutseleg er det ein mann som vinker meg inn. I politiuniform. Dritpen. Eg får panikk. Tusen tankar går gjennom hovudet mitt: "Er det promillekontroll? Bilbeltekontroll?". "Kvifor tek han meg og ikkje han som køyrte før meg?". Plutseleg går det opp for meg: "Eg har køyrt for fort!". Etter å ha hatt lappen i snart 13 år skal eg få mi fyrste bot. Også tenkjer eg: "Fy søren, eg mistar lappen! Tenk om eg mistar lappen". Eg får skikkeleg fullstendig kjempepanikk.

Køyrer inn til sida. Ruller ned glaset. Den pene mannen ser stygt på meg. Eg spør: "Eg har køyrt for fort, har eg ikkje?". Han nikkar. Eg skrik: "Har eg mista lappen?". "Kor mykje for fort køyrte eg?". Han seier han ikkje veit. Eg tenkjer: "åhåh. Det er ille, det!". Plutseleg dukkar det opp ein ny mann frå buskaset. Han skrik: "75".

Eg får endå meir panikk. Sikker på det var 50-sone. Tenkjer: "No ryk førarkortet".

Får lyst til å kome med ein haug med herlege unnskuldningar om kvifor eg køyrte for fort. Alle vil få det til å sjå verre ut for meg. Som: "Eg var stressa". "Eg var trøytt". "Eg såg ikkje noko skilt, eg". Men eg skjønte det berre var å legge seg paddeflat. Eg har dumma meg ut.

Det var 60-sone. Den innihampen pene purken spør om eg er viljug til å vedta eit forenkla forelegg. Eg spør: "Har eg noko val?".

Mannen frå skogen kjem ned han også. Han er også pen (mogleg eg berre var så forstyrra at alle vart pene).

Eg bablar med dei begge to (anar ikkje kva eg seier). Og må signere. Med sjelvande hand. I feltet der eg skal signere står det "Siktede". Eg trur eg kommenterer at det er litt drøyt. Ein kriminell liksom.

Det verste er. Høflig som eg er, seier eg: "Takk skal de ha" før eg sett meg inni bilen. Kor kjem det frå, liksom? 2900 kroner i bot, og "Takk skal du ha". Trur eg slengte på ein "lykke til vidare!" også. Alt for å halde maska og framstå som ein sympatisk person.

To prikkar rikare og 2900 kroner fattigare køyrer eg vidare. Det kjem ikkje på tale å bruke pengar på overnatting no, for å seie det slik! Held fartsgrensene heile vegen heim til Vågå.  Ingen monster på Sognefjellet heller. Heime klokka halv to på natta. Skrubbsvolten. Einaste eg har er knekkebrød og ein boks makrell i tomat. Stappar i meg det, mens eg ser på Criminal Minds. Tenkjer: "Det var jo litt av ein dag!".

Sogn og Fjordane kjem for alltid til å vere plassen eg fekk mi fyrste fartsbot. Men det øydelegg ikkje det inntrykket eg har av fylket. Og det er: "Fy føren, så vakkert det er her". Bortsett frå at no tenkjer eg også: "Fy søren, så vakre menn det er her". Men så slemme. Så slemme!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…