8. Kypros
Ivi Adamou: La La Love
Dette er slik musikk eg blir i godt humør av. Eg likar dette. Eg trur låta kan kome høgt.
7. Norge
Tooji: Stay
Eg må jo få nokre hotte menn på denne lista også. Eg elskar Tooji. Eg tykkjer likevel han er betre på scena enn på iPad'en. Med eit forrykande show kan Tooji kome høgt opp. Eg tippar rundt femteplass. Dette blir moro. Eg gler meg. Satsar eg ikkje skal gå slukøra heim frå semifinale-fest med norsk flagg i veska mi, slik eg gjorde i fjor.
6. Tyskland
Roman Lob: Standing Still
Eg likar denne låta. Ikkje slik typisk MGP-låt eg brukar å like. For eg er tradisjonell - liker songar med høgt tempo i desse konkurransane. Men dette er ein låt eg kan høyre på mens eg sit i sofaen og filosoferar over eit glas vin. Bra, Tyskland!
5. Island
Greta Salome og Jonsi: Never forget
Dette er slik passe dramatisk, som eg likar. Tommelen opp for Island i år.
4. Sverige
Loreen: Euphoria
Eg skal innrømme eg tykte denne låta var kjempekjedeleg då eg høyrte den fyrste gongen. Eg likte den ikkje i det heile take. Men den veks kvar gong eg høyrer låta. Ikkje min favoritt på Ipod'en i år, men hørbar. Kan Sverige vinne? Kanskje..Låta er i alle fall storfavoritt.
3. Romania
Mandinga: Zaleilah
Sekkepipe og trommer og sympatiske folk. Dette er ein skikkeleg gladlåt. Me like!
2. Hellas
Eleftheria Eleftheriou: Aphrodisiac
Slik typis ESC-låt som eg likar. Dansbar og elles ganske intetsigande, men eg blir glad av dette. Og for eit tøft namn artisten har. Trur eg Hellas vinn? Neppe. Og eg trur heller ikkje dei har veldig lyst til å arrangere den europeiske finala til neste år.
1. Italia
Nina Zilli: L'amore E Femmina
Kva i alle dagar skjer med Italia? Dei som alltid sender ræl til ESC? No sender dei altså ein kanongod låt. Og for ein fantastisk kul artist. Eg elskar stilen hennar! Og stemma hennar! Dette kan gå heilt til topps for Italia. Dei blir farlege!!
I år heier eg på Italia. For fyrste gong i ei finale i Eurovision Song Contest. Det hadde eg aldri trudd kom til å skje!
.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar