Gå til hovedinnhold

Topp 10; ESC-vinnarar

Eg har tidlegare laga liste over dei beste låtene som ikkje vann. No er det på tide å laga ei liste over dei ti beste vinnarane gjennom historia. Her er ho. Min eigen subjektive meining om dei beste låtene som har vunne denne fantastiske konkurransa gjennom historia.

Nesten på lista:
Israel 1998. Dana International: Diva
Hellas, 2005. Helena Paparizou: My number one
Irland, 1992. Linda Martin: Why me
Strobritannia, 1967: Sandie Shaw: Puppet on a string

 

10.plass


Sverige 1999
Charlotte Nilsson: Take me to your heaven



Eg er ein stor fan av svensk slager. Det er det nok ingen tvil om. Dette året var eg 18 år. Eg elska denne låta. Eg høyrer ofte på den i dag. Også Charlotte Nilsson hadde hatt høgare stjerne hjå meg i dag om ikkje hadde stilt opp på nytt og på nytt. Og på nytt i Melodifestivalen. Når du flopper i internasjonal finale på nytt, prøv for guds skuld ikkje ein gong til i nasjonal finale i Sverige. Det gjorde Charlotte. I år. Og floppa. Skikkeleg. Men låta frå 1999 vekker fortsatt gode minner hjå meg. Skikkeleg slager dette.

9.plass


England 1981
Bucks Fizz - Making your mind up



Dette er året eg vart fødd. Det er neppe tilfeldig at vinnarlåta frå dette året er ei skikkeleg gladlåt. Eg hugsar sjølvsagt ikkje dette, men dette er ein låt eg har lært meg å like i seinare tid. Eg blir glad av dette. Dett funkar på fest. Og dette funkar for å bli glad.

 

8.plass


Serbia, 2007
Marija Serifovic: Molitva



Denne låta veks kvar gong eg høyrer ho. Endå. Mange år etter at låta vann. Sterk låt, og ein av dei få rolige låter på lista mi. Dette er power altså. Og eg digger artisten også. Ho ser kul ut. Ein slik som truleg er kul å feste med, men som sikkert også er litt skummel. Fordi ho gjev så fullstendig blaffen i korleis ho ser ut, og feminine kvinneideal. Eg skulle litt ønskje eg kunne vore slik sjølv.


7.plass


Italia 1990
Toto Cutugno: Insieme:1992



Ein song eg ikkje har eit spesielt forhold til. Eg var ni år då denne vann, og eg hugsar det ærleg talt ikkje. Og sjølv om eg såg på, tvilar eg at eg likte denne spesielt godt på denne tida. Jahn Teigen var jo helten!! Men når eg høyrer låta no; så nydeleg, så nydeleg. Så sterkt. Så sterkt!!

6.plass

Sverige 1991
Carola: Fängad av en stormvind


Eg var 10 år det året denne vann. Og elska låta då. Eg elska Carola då. Ho var så søt. Songen var så bra, og eg var så glad. I løpet av åra som har gått, har Carola falle litt i verdi. Ho er liksom ikkje den søte og uskuldige lenger. Ho er meir i retning litt sprø. Men songen held seg bra, og det er fortsatt denne og Främling som skapar mest liv på fest.


5.plass


2006: Finland
Lordi: Hard rock halleluja



Dette var året det var ekstremt mange gode bidrag i Eurovision Song Contest. Og det var våren eg budde i USA. Eg fekk difor ikkje meg oppkøyringa på same måte som eg brukar, men eg høyrte likevel gjennom alle låtene. Lordi sin låt havna på mp3-spelaren min umiddelbart etter eg hadde høyrt songen. Det same gjorde Carola og Anna Vissi. For ikkje å prate om Danmark, Kroatia og Makedonia sine bidrag. Alle var med meg då eg reiste åleine på tvers av USA i mai/juni. Eg får difor umiddelbart USA-kjensla når eg høyrer Lordi si låt. I tillegg så er det ei knakande god låt!

 

4.plass


2004: Ukraina
Ruslana: Wild dances




Det er inga låt som får meg til å ville danse som denne låta. Og ja; det blir vill dansing. For denne låta er eigentleg umogleg å danse til. Eg elska horna dei bles i ved starten, eg elska dansen, eg elska antrekket og eg elska Ruslana det året låta vann. Ruslana hadde bestemt seg for at ho skulle vinne i 2004, og det gjorde ho.

3.plass



1997: Storbritannia
Katrina and the waves





Det var året då "one hit wonderet" Katrina and the waves skulle delta. Dei hadde vore ute av rampelyset i mange år, og skulle prøve å få merksemd att gjennom Melodi Grand Prix. Og som det funka. Eg har elska denne låta sidan eg høyrte den fyrste gongen. Og det er ingenting som får opp allsong-faktoren som denne låta. Eg for min del syng for full hals mens eg samstundes får lyst til å gråte når eg høyrer den. Herleg, herleg.



2.plass


Sverige 1974
Abba: Waterloo



Ein song som held seg overraskande godt til å vere så gamal. Vi rocker like bra på fest til denne som foreldra våre sikkert gjorde på 70-talet. Denne er eit hederleg unntak på lista mi, som har stort sett berre låtar av nyare tid. Og ja; eg er stoooor Abba-fan!


1.plass


Norge 2009
Alexander Rybak: Fairytale


Ein kan si kva ein vil om personen Alexander Rybak, men det er altså ein grunn til at dette er låta som har fått mest poeng gjennom historia. Det var fordi denne låta traff så blink som det er mogleg å treffe. Eg elskar denne låta. Eg blir aldri lei av låta. Eg har aldri vore så lukkeleg som då denne låta vann (sjølv om det vart vel fuktig under poenggjevinga og eg ikkje hugsar absolutt alt). Det er rett og slett berre ein kanonlåt. Og ja, det er litt dust å kåre ei norsk låt som vinnar, men her hadde eg ikkje noko val. Faktisk.









Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…