mandag 7. mai 2012

Topp 10: Sleske menn i Eurovision song contest

10. Storbritannia 1992

Michael Ball: One step out of time



Hadde dette vore i dag ville han nok piffa opp showet sitt litt meir. Men take ut i frå konteksten, er nok dette frykteleg sleskt. Er liksom berre noko med menn i lys dress som står og vrikkar på seg utan eigentleg å gjere noko meir ut av seg. Eg får litt Tor Endresen-kjensle, og det er aldri eit godt teikn! Og sjå når han dreg handa si gjennom dei fantastisk fine krøllene sine! Nyyydeleg!

9. Sverige 1995

Jan Johanson - Se på mig



Det er sikkert berre eg som er blitt kynisk med alderen. Men eg trur ingenting på ein mann med så snille, så snille augo som syng: "Og hos deg stannar jag kvar" og "aldri lämnar jag deg". For ikkje å prate om: "Jag går med deg der du går" (for meg høyrast dette forresten ut som ein skikkeleg stalker).  Og kva er det med den grusomme skinnjakka? Nei du; deg hadde eg ikkje stolt eit sekund på!

 

8. Kviterussland 2007

Koldun: Work your magic



Open skjorte og eit sleskt smil med krittkvite tenner. Akkurat slik vi likar det. For ikkje å prate om dansarane som klatrar på veggen bak han. Ekte mann dette her!!


7. Tyrkia 2007

Kenan Dogulo: Shake it up Sekerim




Kommentarar overflødig. Det eg ikkje forstår er korleis i alle dagar denne låta kunne klare å få ein fjerdeplass. Låta er grusom, og fyren er grusom. Sjølv om eg veit han tykkjer anna om seg sjølv.

6. Romania 2006

Mihai Traistariu: Tornero





Eg likar denne låta. Det var ein av favorittane mine dette året. Men så sleskt, så sleskt. Og kva slags sminke er det eigentleg han brukar? Det beste i låta er: "I just really miss you, and I wanna kiss you.ihihihihihi". Då tek det av!

5. Storbritannia 1988

Scott Fitzgerald: Go



Hihihi. Han hadde defintivt ikkje klart å lure meg! UK var i alle fall det på 80- og 90-talet som Hellas er no; paradis for sleske menn!


 4. Russland 2008 (vinner)

Dima Bilan: Believe


Også han kledd i kvitt. Sjølvsagt. Men i motsetnad til dei greske gudane (som vi kjem til snart) sitt han på golvet under (nesten) heile nummeret sitt. Også barbeint då. Sjølvsagt! Og det tek jo fullstendig av når det kjem inn ein kunstløper på slutten. Dette er klasse!



3. Hellas 2004

Sakis Rouvas Shake it


Kva er det med grekarar kledd i kvitt? Og kvit dressjakke denne gongen. Og den fantastiske romperistinga då. Eg trur eg dånar! Og bar mage her også. Nyyyyydeleg! Det beste er likevel då han dreg opp oransje tørkler frå damene han har rundt seg. Og damer som stripper? Det har jo dette nummeret også. Sjølv om eg eigentleg hadde forventa meg at det var Sakis sjølv som skulle strippe. Javisst ja; han gjer jo det han også jo!


2. Hellas 2009

Sakis Rouvas: This is our night



Sakis nok ein gong. Kledd i kvitt, sjølvsagt. Ikkje berre har han bar mage, men vi får jammen sjå han gli bortover på eit samleband også. Også går han jo bokstaveleg talt til himmels på slutten. Om eg gjer det? Neppe!


(TROMMEVIRVEL)

1. Hellas 2010

Giorgos Alkaios & Friends: "Opa"


Kva må til for å slå Sakis? Ein grekar, sjølvsagt!! Trudde ikkje det var mogleg å presse inn så mykje testosteron i eit musikknummer. Som eg elskar koringa som berre er: "Hvouv, Hvouv" som høyrast ut som jungelbrøl. For ikkje å prate om at alle dansarane også er kledd i kvitt. Skal det symbolisere uskuld? Også den fine kvite t-skjorta han har på seg, og er det perler? Kvite plastikkperler? Dette er berre så herleg jævleg at det nesten blir bra. Soleklar siger!

Og hadde han klart å lure meg seint ein kveld på Bjørungs? Definitivt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar