Gå til hovedinnhold

Utdanningspolitikk på dagsorden

Eg har fått den store æra av å vere leiar for Framstegspartiets temautval for skule-, utdannings- og forskingspolitikk. Denne komiteen skal kome med forslag til Framstegspartiets stortingsvalsprogram innanfor dette området.

Programarbeidet denne gongen er organisert slik at vi har ein programkomité leia av Per Sandberg, mens vi har fire temakomitear. Desse temakomiteane er for helse og sosial, beredskap og sikkerheit, finans og infrastruktur og altså utdannings- og forskingspolitikk. Komiteane er leia av Per Arne Olsen (2.nestleiar), Jon Pieter Flølo (ordførar i Bamble og tidlegare lensmann), Ketil Solvik Olsen (finanspolitisk talsmann i FrP) og altså eg som leiar den siste.

Vi har fått ein kort tidsfrist for arbeidet vårt. Allereie 1.september skal vi kome med våre forslag til ny tekst til programmet, og dei naudsynte bakgrunnsnotat for å forklare forslaga vår.

Samansettinga av komiteane er spanande. Og det er slik at du nesten blir overraska over kor mykje kompetanse det faktisk finst i partiet vårt(!) I komiteen for utdannings- og forskingspolitikk er vi fleirtal av lærarutdanna, noko som sjølvsagt kan by på utfordringar. Det er også fleirtal av vestlendingar, men vi får håpe vi overlever det også. :)

Torkil Åmland er utdanna lektor og jobbar i vidaregåande skule i Bergen. Han har tidlegare vore skuleleiar. Renate Møgster Klepsvik frå Austevoll er under utdanning for å bli grunnskulelærar (5-10.trin). Ho har difor ei unik erfaring frå korleis den nye lærarutdanninga fungerar. Tord Lien har mastergrad i historie og er stortingsrepresentant og medlem av KUF-komiteen. Han er kanongod på forskingsbiten. Erik Tørrisen er FpU sin representant, og den som kan ta vare på både studentperspektivet og ikkje minst sørgje for at vi ikkje mister liberalismen av syne. Komiteen sin sekretær er Hårek Hansen, som er politisk rådgjevar på Stortinget på feltet. Også er det altså meg då, som er lektorutdanna, og som startar som lærar i grunnskulen til hausten.

Vi har hatt eitt møte i komiteen vår. Vi prøvde då å bli kjende med kvarandre, og legge fram ein del tankar vi hadde knytt til feltet. Vi har bestemt oss frå å starte arbeidet frå "scratch" i starten. Det vil seie at vi skal ta utgangspunkt i ideologien vår, og ikkje sjå så mykje på etablert politikk.

Vi brukte også mykje tid på å diskutere "grunntanken i skulepolitikken". Kva bør vere vår grunnidé knytt til utdanningspolitikk og korleis den skal påverke resten av politikken vår. Fram til neste møte skal kvar og ein av oss lage eit kort notat på akkurat dette, så får vi sjå om vi blir einige.

I tillegg har kvar og ein av oss take på seg å presentere politiske og ideologiske uttfordringar på område vi er spesielt oppteken av. Tema her er til dømes fridom til skuleeigar kontra behovet for nasjonal styring, motivasjon i skuleløpet, lærarutdanninga og forskingspolitikken, for å nevne noko.

Eg skal ta eit spesielt ansvar i å sjå på spenningen mellom behovet for utjamning og like moglegheitar for alle, kontra familiane sin valfridom. Dette er eit spanande område, og her kjem vi inn på tema som utvida skuledag, skulemåltid og fysisk aktivitet i skulen. Med andre ord; kva skal skulen ta ansvar for og kva skal familiane og enkeltmennesket ta ansvar for? Interessante problemstillingar frå eit liberalistisk perspektiv.

Neste møte i utvalet skal vere 24. og 25.mai. Då set vi av ein dag til grunnutdanning og ein dag til høgare utdanning og forsking. Vi skal både ha høringar med ulike organisasjonar som vil kome med innspel til oss, og vi skal ha diskusjonar i utvalet. Det blir to hektiske dagar.

Etter dette vil det gå slag i slag, og eg reknar med at eg vil bruke juli til å arbeide med dette. I saman med flytting. Eg har også gjeve beskjed til folka i komiteen om at her jobbar vi i komiteen, vi "sitt ikkje i komiteen". Og det er alle innstilt på.

Arbeidet er spanande, og det blir veldig utfordrande. For meg er det spesielt utfordrande, sidan eg dei siste to åra har jobba som prosjektleiar for eit skule- og samfunnsutviklingsprosjekt der eg har prøvd å vere minst mogleg politisk, og jobben min har vore å gjennomføre politikk, ikkje skape politikk. No skal eg jobbe med å utforme politikk på feltet dei neste fire åra. Og det blir krevande. Og eg lover at vi skal kome med nokre kontroversielle forslag som vil skape debatt! Vi skal ikkje gå stille i dørene.

Har du innspel til arbeidet vårt kan du legge att ein kommentar her, eller du kan sende e-post til meg på hmb@frp.no. Vi ønskjer innspel. Det er berre slik vi kan bli betre og utfordre oss sjølve.

Kommentarer

  1. Stian H Langeland1. mai 2012 kl. 20:36

    Hei Hanne,
    Etter 2 år i Tønsberg er det mye å ta tak i. Vi diskuterte mye den gang og det bør være et bra utgangspunkt. Tenker kompetanse, kompetanse, prasisfellesskaper og virksomhet. Engers bok om identitet og praksisfellesskaperer bra!
    Tenker at kommunikasjon er vesentlig.
    Et godt utgangspunkt er vel at det barn/ ungdom sier og gjør er like bra og interresant som det voksne sie og gjør.

    SvarSlett
  2. Som eg saknar diskusjonane våre i bilen fram og attende til Tønsberg! Så mykje interessant vi diskuterte der - ikkje minst om det fantastiske stuiet vi tok!!

    Tusen takk for innspel!

    Vi burde jaggu ta ein pils i Oslo ein gong for å diskutere vidare!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…