Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2012

Spesialundervisning utan resultat

Eg blir meir og meir overtydd om at spesialundervisninga i norsk skule må fjernast.

Spesialundervisning skulle vere ein eksklusiv rett for ei lita gruppe. I dag er det eit stadig aukande elevtal som får slik undervisning.


Det er ei kjend problemstilling at spesialundervisninga blir sett inn altfor seint i norsk skule. Vi har sein innsats i staden for tidleg innsats.I tillegg ser det ut til at spesialundervisninga ikkje fungerer. Faktisk kan den i mange tilfelle gjere vondt verre.


Stadig meir av dei kommunale budsjetta blir bunde opp i spesialundervisning. I undervisning ofte utført av assistentar eller personell utan kompetanse på spesialpedagogikk.


Når så mange pengar blir bunde opp i spesialundervisning, går det utover den tilpassa opplæringa. Dette er ein veldig vond sirkel, som kjem til å bli berre vondare om vi ikkje stoppar opp og vurderer heile spesialundervisinginstituttet.


Dess mindre ressursar det er å setje inn i ordinær undervisning, dess vanskelegare er det å hjelpe …

Korleis bli ein god lærar?

Eg har no verkeleg begynt å kjenne på frykten for å bli lærar frå hausten. Eg skulle ønskje det fanst ei lærebok som heitte: "Slik er du ein god lærar". Det gjer det ikkje. Eg må finne min eigen måte å vere på. Og eg veit eg ikkje kjem til å vere perfekt i starten, og det er vanskeleg for ein person som ønskjer å gjere alt rett.

Eg skal vere kontaktlærar for 18 elevar i klasse 8a. Eg skal undervise i faga norsk, rle, samfunnsfag og engelsk. I tillegg til valfag, som vi ikkje er heilt sikre på korleis blir utforma på Høyanger skule endå.

Eg har fått alle lærebøkene, eg har lese alle læreplanane, og eg har også starta på samanlikning av læreplanar og lærebøker. Og funne ut at det ikkje alltid er samanheng. Eg er jo ein person som ønskjer å helle meir mot læreplanane enn mot lærebøkene, men det er ikkje berre lett om ein kjem til eit system der dei er vant til å bruke læreboka for å strukturere planane sine (no veit ikkje eg kva for kultur eg kjem til, men poenget mitt er at …

Hakk i plata - på nynorsk

Her om dagen gjekk det opp for meg; den einaste saka som opptek meg om dagen, er nynorsk.

Det er ikkje rart at du føler du har mista det politiske engasjementet når det einaste du klarar å få opp engasjement rundt, er nynorsk.

Den siste saka eg tok opp som fylkespolitikar i Oppland var nynorsk. Eg har no fått fritak frå alle verv, sidan eg skal flytte til nynorskland. Men det siste spørsmålet eg tok opp var noko slik som dette (eg hugsar ikkje ordrett kva eg sa):

Oppland er eit fylke som har omtrent halvparten kvar av nynorsk- og bokmålskommunar. Resten er nøytrale. Vi veit at det er viktig at offentlege organ har ein medviten språkpolitikk, og at haldningane til offentlege organ også vil påverke innbyggjarane sine haldningar. At kommunal sektor går framfor som eit godt døme, er viktig.

Eg har til gode å få eit einaste saksdokument på nynorsk, planene eg les er på bokmål og alt eg finn på heimesidene til Oppland fylke er på bokmål.

Samtidig veit vi at Oppland er eit fylke som til døme…

20 dagar til flytting

Eg skal flytte snart. Om berre 20 dagar skal eg køyre flyttelass. Og det er fyrst no det begynner å gå verkeleg opp for meg at eg skal flytte.

Denne veka vart fritakssøknaden min frå alle folkevalde verv i Oppland fylkeskommune handsama. Eg har fått fritak. Eg er no ferdig med folkevald politikk (med unntak av at eg er 1.vara til Stortinget eitt år til). Det kjennast godt.

Eg får mange spørsmål i samband med flytting. Nokon veldig irriterande spørsmål (som eg må ta meg saman for å svare høfleg på) og nokon ikkje fullt så irriterande spørsmål. Her er nokre av spørsmåla eg har fått den siste tida, og svara eg har gjeve. Dette er spørsmål frå folk som kjenner meg godt og folk som kjenner meg mindre godt.

1. Skal du jobbe i Høyanger? (Nei, eg skal "Nave").

2. Kva er det som trekker deg til Høyanger? (Kjærleiken. Kjærleiken til nynorsk)

3. Kvifor i alle dagar valde du Høyanger? (Kvifor ikkje?)

4. Kjem du til å engasjere deg politisk i Høyanger? (Nei)

5. Kvifor kunne du ikkje …