Eg skal flytte snart. Om berre 20 dagar skal eg køyre flyttelass. Og det er fyrst no det begynner å gå verkeleg opp for meg at eg skal flytte.
Denne veka vart fritakssøknaden min frå alle folkevalde verv i Oppland fylkeskommune handsama. Eg har fått fritak. Eg er no ferdig med folkevald politikk (med unntak av at eg er 1.vara til Stortinget eitt år til). Det kjennast godt.
Eg får mange spørsmål i samband med flytting. Nokon veldig irriterande spørsmål (som eg må ta meg saman for å svare høfleg på) og nokon ikkje fullt så irriterande spørsmål. Her er nokre av spørsmåla eg har fått den siste tida, og svara eg har gjeve. Dette er spørsmål frå folk som kjenner meg godt og folk som kjenner meg mindre godt.
1. Skal du jobbe i Høyanger? (Nei, eg skal "Nave").
2. Kva er det som trekker deg til Høyanger? (Kjærleiken. Kjærleiken til nynorsk)
3. Kvifor i alle dagar valde du Høyanger? (Kvifor ikkje?)
4. Kjem du til å engasjere deg politisk i Høyanger? (Nei)
5. Kvifor kunne du ikkje jobbe ein plass i Oppland? (Eg er lei av Oppland. Eg vil prøve noko nytt)
6. Kvifor kunne du ikkje heller vald ein by som Lillehammer? (Eg vil ikkje bu på Lillehammer)
7. Kvifor kunne du ikkje velje ein by? (Eg vil til nynorskkommune)
Okey..eg veit mange ser på meg som uhøfleg når eg gjev korte svar. Men eg er verkeleg veldig lei av å stå til forsvar for mine val. Eg veit de ikkje meiner det vondt, altså.
Det spørsmålet dei fleste heng seg opp i er altså "Kvifor Høyanger". Her er den offisielle versjonen:
Eg ønskja å jobbe som lærar. I grunnskulen. Eg ønskja ikkje å jobbe som lærar i same kommunen eg har vore prosjektleiar i. Det hadde gjort ting vanskeleg, ikkje minst for meg sjølv (tenk når eg vart uenig i den retninga prosjektet tok, eg ville jo blitt ein sytelærar som hadde glidd rett inn i dei oppbyggjande delane av Utdanningsforbundet). Eg starta difor å søkje jobbar rett etter jul. Eg søkte omtrent 10 plassar (trur eg). Høyanger var defintivt fyrst ute med å invitere meg til intervju. Eg tenkte: "herregud, eg skal vel ikkje til Høyanger. Eg søkte jo berre for moro". Men eg sa ja til intervjuet. På video frå Nav-kontoret i Vågå. Dei verka som dei ville eg skulle kome dit (og då blir eg smigra). Eg fekk tilbod. Og då begynte eg å tenkje: "Kvifor ikkje?". Og då starta eg å takke nei til nye intervju eg fekk tilbod om. Eg reiste over på besøk. Og då var det gjort. Solid skuleleiing, nynorsk og noko heilt anna enn det eg er vant til. Slik når det kjem til natur og folk. Og sa eg nynorsk?
Og etter at eg tok valet mitt, har eg ikkje angra eit sekund. Som eg gler meg no!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar