søndag 24. juni 2012

Korleis bli ein god lærar?

Eg har no verkeleg begynt å kjenne på frykten for å bli lærar frå hausten. Eg skulle ønskje det fanst ei lærebok som heitte: "Slik er du ein god lærar". Det gjer det ikkje. Eg må finne min eigen måte å vere på. Og eg veit eg ikkje kjem til å vere perfekt i starten, og det er vanskeleg for ein person som ønskjer å gjere alt rett.

Eg skal vere kontaktlærar for 18 elevar i klasse 8a. Eg skal undervise i faga norsk, rle, samfunnsfag og engelsk. I tillegg til valfag, som vi ikkje er heilt sikre på korleis blir utforma på Høyanger skule endå.

Eg har fått alle lærebøkene, eg har lese alle læreplanane, og eg har også starta på samanlikning av læreplanar og lærebøker. Og funne ut at det ikkje alltid er samanheng. Eg er jo ein person som ønskjer å helle meir mot læreplanane enn mot lærebøkene, men det er ikkje berre lett om ein kjem til eit system der dei er vant til å bruke læreboka for å strukturere planane sine (no veit ikkje eg kva for kultur eg kjem til, men poenget mitt er at eg kan ikkje lage fagplanane for klassen min utan samanheng med det som skjer i 8b og 8c).

Faga gler eg meg til. Eg gler meg til å lese meg opp i norskfaget. Det er ti år sidan eg tok mellomfag i nordisk ved NTNU, så det er mykje i hjernen min som ikkje er heilt oppdatert. Eg vil tru samfunnfag og rle er dei faga som vil bli "lettast" å undervise i, sidan eg tross alt har mastergrad innanfor samfunnfag. Det er også fag det er "lett" å kombinere med andre fag, og det er mykje artig metodikk ein kan prøve ut i desse faga. Eg gler meg også til å undervise i engelsk, sjølv om eg veit det kjem til å bli hardt arbeid, sidan dette er eit fag det ofte er veldig stor variasjon i nivået elevane ligg på.

Det mest utfordrande blir nok forholdet til elevane. Eg må skape ein relasjon som består av både tillit og respekt. Eg veit den største utfordringa for meg blir å ikkje bli for mykje kompis med elevane. Eg, som mange andre, vil jo veldig gjerne bli likt. Men blir eg veninne med elevane, vil dette gjere noko med respekten dei har for meg som vakseperson.

Eg ønskjer å bli ein lærar elevane respekterer, men som dei stolar på. Som dei respekterer fagleg, men som dei føler er open for nye idear eller synspunkt. Mitt viktigaste mål er å stimulere til nysgjerrighet hjå elevane. Å få elevane til å tenkje sjølv ser eg på som min viktigaste oppgåve. Eg har ikkje alle svara, men eg kan hjelpe elevane i å finne svara sjølve.

Foreldremøte, elevsamtaler, vurdering, elevdemokrati, nasjonale prøver og spesialundervisning er andre ting eg skal få erfaring i til hausten. Eg veit eg kjem til å famle mykje i starten. Det er ein heilt ny kvardag. Ein heilt ny kommune. Ein heilt ny skule. Heilt nye kollegaer. Det kjem til å bli utfordrande, men forhåpentligvis også veldig givande. Eg trur jobben kjem til å gje meg meir energi enn han tappar meg for energi. Og eg veit det siste også er opp til meg sjølv.

I tillegg til å lære elevane faga, skal vi også lære elevane å bli miljømedvitne, meiningssøkjande, samarbeidande, skapande, arbeidande, allmenndanna og integrerte. Og helst bør vi få tid til litt ekstra fysisk aktivitet. Vi skal tilpasse opplæringa til kvar enkelt (ekstremt viktig!), tenkje tverrfagleg og bruke varierte metodar. Og til slutt; vi skal også hugse å vere ein motvekt til ungdomskulturen.

Alt i alt handlar læraryrket om dette; å lære opp elevar til å ta ansvar for seg sjølv og for samfunnet, og vi må sørgje for, i samarbeid med heimen, at elevane klarar seg bra i privatliv og arbeidsliv. Så enkelt, men likevel så vanskeleg.

(Ps: om nokon har tips til ei god bok som innheld, om ikkje alt, men nokre gode konkrete tips i læraryrket, tek eg i mot dette med takk. Eg les no boka: "Variert undervisning - med læring" av Repstad og Tallaksen. Meget bra!).

3 kommentarer:

  1. Jo, du kan lage fagplanene til klassen din uavhengig av hva som skjer i de andre klassene... Det er ingenting annet enn latskap og eventuell ydmykhet som ny på en skole, som tilsier at du må gjøre som de andre...

    SvarSlett
  2. Haha! Vi får sjå kva eg gjer (eg vil jo gjerne gjere ting på MIN måte). OG eg må berre seie at i mitt tilfelle er det audmjukheit som stoppar meg (sjølv om det sikkert vil overraske mange!). :)

    SvarSlett
  3. Dette kommer du til å klare fint :) Anbefaler deg å være bestemt, men forståelsesfull, eller autoritativ som det heter på fagspråket. Har selv erfaring fra praksis med at elever i ungdomsskolen faktisk setter pris på klare rammer. Lykke til :)

    SvarSlett