Gå til hovedinnhold

Spesialundervisning utan resultat

Eg blir meir og meir overtydd om at spesialundervisninga i norsk skule må fjernast.

Spesialundervisning skulle vere ein eksklusiv rett for ei lita gruppe. I dag er det eit stadig aukande elevtal som får slik undervisning.


Det er ei kjend problemstilling at spesialundervisninga blir sett inn altfor seint i norsk skule. Vi har sein innsats i staden for tidleg innsats.  I tillegg ser det ut til at spesialundervisninga ikkje fungerer. Faktisk kan den i mange tilfelle gjere vondt verre.


Stadig meir av dei kommunale budsjetta blir bunde opp i spesialundervisning. I undervisning ofte utført av assistentar eller personell utan kompetanse på spesialpedagogikk.


Når så mange pengar blir bunde opp i spesialundervisning, går det utover den tilpassa opplæringa. Dette er ein veldig vond sirkel, som kjem til å bli berre vondare om vi ikkje stoppar opp og vurderer heile spesialundervisinginstituttet.


Dess mindre ressursar det er å setje inn i ordinær undervisning, dess vanskelegare er det å hjelpe dei som treng ekstra oppfylging. Og kva blir resultatet då? Jo, vi ber om ei utgreiing om spesialundervisning på den eleven vi ikkje klarar å følgje opp i klasserommet.


Mantraet i norsk skule er i ferd med å bli: ”Vi må få eit vedtak på han” i staden for å setje inn ressursane i tilpassa opplæring.


Og når vedtaket om spesialundervisning kjem, er det altså veldig ofte folk utan kompetanse som utfører denne undervisninga. Ofte ved å ta enkeltelevar ut av klassemiljøet sitt og utan at det er samanheng med det som skjer i det ordinære klasserommet.


For å setje det på spissen finn vi no kompetansen på lærevanskar, på kontor der dei behandlar stadig fleire søknadar. Desse menneska burde vore ute i klasseromma, i lag med elevane og lærarane for å styrke den tilpassa opplæringa.


Ved å fjerne spesialundervisninga i norsk skule kan vi setje inn ressursane tidlegare og på ein myke meir fleksibel måte enn det vi klarar i dag. Vi kan til dømes arrangere intensive lesekurs og mattekurs etter behov for dei elevane som treng det. Og utan at elevane som i dag får spesialundervisning føler seg stigmatiserte.


I dag er det dessverre slik at det mange elevar får ut av eit vedtak om spesialundervisning, berre er ein individuell opplæringsplan. Ikkje betre undervisning, slik dei burde ha fått.

Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen 25.juni 2012

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein