Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2012

Høyanger i bilete - del 2

Trappene i Høyanger Høyanger er kjend for to trapper. Ei på 2500 trinn og ei på omlag 1250 trinn. Den siste heiter Siplo-trappa, og er den du ser på bilete. Eg gjekk til toppen i den veldig bratte trappa, og under kan du sjå fleire bilete frå mi ferd mot toppen. I gode gamle dagar gjekk trappa forresten mykje lenger. Då sprang Einar Førde opp tråppa for å kome seg til fjells for å gå på ski (las eg i boka hans om Høyanger). Ikkje rart dei var mykje sprekare før i tida....




Frå Høyanger-sentrum  Noko slite rådhus.
Telefonkiosk!! Det er så herleg!
Opningstider på polet. Veldig viktig!
Litt av industriområdet i Høyanger. I regntungt vêr. Å regne gjer det visst ofte her. I følgje Einar Førde. Tell Teigen-monumentet Tell Teigen var ein kjend balansekunstnar og sirkusartist frå Høyanger. Monumentet nedanfor er også ein "norsk attraksjon" og sjølvaste Linda Eide var på besøk her i Høyanger for å omtale dette.
Høyangerbadet  Måtte jo berre ta med denne skrivefeilen. Men Hø…

Høyanger i bilete - del 1

Har i går og i dag vore turist på ny heimplass. Her kan du sjå nokre bilete av turistattraksjonar og anna som blir viktig for meg i tida framover. Rett etter innkøyringa til Høyanger etter at du kjem gjennom Høyanger-tunnelen frå Balestrand kommune.

Høyangerbadet (og fyrste skrivefeil eg fann i Høyanger)

' Høyanger vidaregåande skule.

Hovudbygget på Høyanger skule. Det er her klassa mi, 8a, skal ha klasserom. Dette bygget er for 5-10.klasse.


Skulebygget der 1-4.klasse held til.
Administrasjonsbygget på Høyanger skule, og der eg skal ha arbeidsrom/arbeidspult. 



Bustadområdet i sentrum av Høyanger.


Høyanger samfunnshus, der mellom anna min gode ven biblioteket er. Og for eit bibliotek!!


Her er ein eigen avdeling med "chic lit". Er det kult enn?

Kjærleiksavdelinga. Kiosklitteraturavdeling, eller husmorporno om du vil.

 Eg lånte denne (som alt er lese ut). Kva for bibliotek låner ut signerte utgåver av Einar Førde sin litteratur? DET er kult. Fyrste signerte utgåve o…

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei.


Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden.

No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram.

Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser eg heldigvis ein fy…

På plass i Høyanger

Eg sit no ute på verandaen min og ser på fossane som fell nedover dei bratte fjellsidene her i Høyanger. Eg kosar meg med eit glas vin mens eg tenkjer på kva i alle dagar eg har gjeve meg ut på. Eg kjenner ikkje ein sjel her (med unntak av sjef for kommunale bustader då, og dei kollegaene eg hilsa på sist eg var innom) og eg lurer litt på korleis dette i alle dagar skal gå. Flytte hit åleine til Høyanger. Kva er det du finn på, jente?

Eg kom med flyttelasset i går. Det vil seie, Pappa køyrte flyttelasset for meg (korleis skulle eg klart meg utan snille foreldre?). Så mange ting! No har eg levd i kaos i omlag eit døgn, men no begynner eg heldigvis å kome til orden. I den kommunale bustaden eg leiger. Som heldigvis er ganske fin, men eg har funne mange daude kryp under vask i dag, og krypa ser ut som slik eg forestiller meg at kakkerlakkar ser ut. Eg tenkjer det er eit godt teikn at dei er daude.

Eg har hage også, men har heldigvis ikkje sett brunsnigler der. På vegen innover hit i går…

Takk, Vågå!

I dag har eg hatt min siste dag på jobb i Vågå kommune. No driv eg og pakkar ned tinga i bustaden min, og eg har att berre to dagar som innbyggjar i Vågå kommune. På torsdag sett eg kursen vestover mot Sogn og Høyanger.

Eg har vore 2 1/2 år i Vågå. Eg har hatt fantastiske år her. Både privat og i jobbsamanheng. Slik sett er det eigentleg heilt grusomt å reise frå ein plass der du trivst så godt, men eg føler for å kome meg vidare i livet.

Eg har lært utruleg mykje av å vere prosjektleiar for skule- og samfunnsutviklingsprosjektet i Vågå, men no ønskjer eg å bruke alle ideane mine og all energien min i lag med elevane. Fordi eg kan ikkje tenkje meg viktigare oppgåve enn å vere lærar. Det hadde vore heilt umogleg for meg å vere lærar i ein kommune der eg i så stor grad blir knytt opp mot skuleprosjektet i Vågå, populært kalla "Noregs beste skule". Difor ønskja eg å bli lærar i ein annan kommune.

Eg har lært utruleg mykje av jobben eg har hatt. Eg har blitt endå meir hardhud…

33: Reise på sydenferie åleine. Fullført 10-17.mai 2012

Tidlegare i år fullførte eg nok ein ting på lista over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Eg reiste til det berømte syden åleine (vel, ikkje her heller var eg åleine, men eg reiste utan reisefølgje).

Eg hadde akutt behov for ferie, og eg visste eg ville få problem med å ta ut all ferien min før eg slutta i jobben, så eg køyrte på og bestilte meg tur i ei rolig periode på jobb. Eg fann råbillig tur (det kan eg berre gløyme når eg blir lærar og har ferie når "alle andre" også har det). Destinasjonen vart noko tilfeldig Kreta. Eg oppdaga nett no at eg ikkje har eit einaste bilete frå turen, så dette blogginnlegget og skildringane frå turen blir utan bilete.

Eg hadde fleire mål med turen. Lese flest mogleg bøker, ikkje vere på facebook og twitter, prate minst mogleg, skrive på boka mi og ligge i sola timar i strekk utan å tenkje på andre enn meg sjølv.

Det viktigaste var likevel å unngå tomprat og det å forholde meg til andre menneske. Difor var den største frykten å treffe n…

10: Gå Besseggen. Fullført 6.juli 2012

Eg har no fullført nok ein ting på lista mi over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Eg har gått Besseggen.

Det er to ting eg fryktar meir enn noko anna i verda. Edderkoppar og høgder. Begge deler finn du nok av på turen over Besseggen. Eg skal ikkje seie eg har hatt "turen i mitt liv", men eg har fullført. Om eg skal gå turen att? ALDRI I LIVET!! (Grunngjeving kjem seinare i innlegget)
Innfødde vagværer og fjellfolk seier; "det er så mange mykje finare turar enn Besseggen. På Besseggen går du berre i kø". Men det spelar ingen rolle for meg. Besseggen er den største kjendisen Vågå har (større kjendis enn Arne Brimi til og med).

Når folk lurer på kor Vågå ligg hen har samtala brukt å gå slik:
Hanne: Vågå er kommuna kor Besseggen ligg
Ukjend: Ja, Besseggen er verkeleg ein flott tur
Hanne: mmmm...

Det er ikkje noko moro å late som ein liksom kjenner Besseggen når ein ikkje har peiling. Verkeleg ikkje peiling. Min største kjennskap til Besseggen er jo at eg har køyrd f…

To keep or not to keep

Eg har no begynt å rydde i ræl. Eg køyrer flyttelass om ti dagar og eg nektar å ha med meg alt av ting i kåken min. Sidan eg ikkje bruker meir enn ein brøkdel av det eg har, er det på tide å kvitte seg med ein del.

Her har eg take fram pappen eg har til å pakke i. Det er eit mareitt å sortere alt ein har, men det er naudsynt. Her er det cd'ane mine som skal få gjennomgå (eg høyrer stort sett ikkje på cdar anna enn i bilen lenger).

Men å avgjere kva som skal bort og kva som ikkje skal bort, er ikkje lett. Berre sjå her.

Seksjonen min, som eg er veldig glad i, men som er stor og som eg ikkje er sikker på om eg får plass til i ny leilighet. Denne havnar i "not to keep" viss nokon kjem og hentar han. Han er enkel å frakte med seg, men det trengst plass!

Romaskin frakta frå Trondheim-Lillehammer-Oslo-Valdres-Vågå. Det har gått opp for meg at roing ikkje er noko for meg, så denne kvittar eg med. Kjøpte den dyrt. Gjev den bort no.


Eg elskar desse skoa, men det er på tide å …