fredag 6. juli 2012

10: Gå Besseggen. Fullført 6.juli 2012

Eg har no fullført nok ein ting på lista mi over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Eg har gått Besseggen.

Det er to ting eg fryktar meir enn noko anna i verda. Edderkoppar og høgder. Begge deler finn du nok av på turen over Besseggen. Eg skal ikkje seie eg har hatt "turen i mitt liv", men eg har fullført. Om eg skal gå turen att? ALDRI I LIVET!! (Grunngjeving kjem seinare i innlegget)
Innfødde vagværer og fjellfolk seier; "det er så mange mykje finare turar enn Besseggen. På Besseggen går du berre i kø". Men det spelar ingen rolle for meg. Besseggen er den største kjendisen Vågå har (større kjendis enn Arne Brimi til og med).

Når folk lurer på kor Vågå ligg hen har samtala brukt å gå slik:
Hanne: Vågå er kommuna kor Besseggen ligg
Ukjend: Ja, Besseggen er verkeleg ein flott tur
Hanne: mmmm...

Det er ikkje noko moro å late som ein liksom kjenner Besseggen når ein ikkje har peiling. Verkeleg ikkje peiling. Min største kjennskap til Besseggen er jo at eg har køyrd forbi skiltet der det står "Besseggen" opptil fleire gonger.

Eg prøvde å gå Besseggen i fjor. Kom heilt opp til Gjendesheim. Parkerte bilen, såg eg måtte betale avgift, og då gjekk alt i stå. Eg ser til mi store skam at eg har gløymd att lommeboka (hallo? Kven tenkjer å ta med  lommebok på fjelltur). Vurderte eit sekund å tigge meg til både parkering og båttur, men slo det i frå meg fort. Eg hatar å tigge! Så eg snudde. Sur som ei padde. Det var siste helga båten gjekk i 2011.

I dag hugsa eg lommebok. Turen vart bestemt ganske på impuls, sidan dagen i dag var ein dag det faktisk var spådd fint vêr. Eg prøvde å få med meg nokon. Ingen ville, så eg bestemte meg for å reise av garde åleine (vel, åleine var eg ikkje oppi der akkurat).

Frå båtturen på veg innover til Memurubu, der turen skal starte. Eg føler meg som den tøffaste i heile verda, som gjer dette her.

I starten er det så bratt at eg held på å daue (fordi eg er sliten, altså). Dette er utsikten frå fyrste "topp". Eg er ikkje i nærleiken av å sjå den berømte "eggen" og tenkjer dette blir ein lang tur.

Her flatar det ut, og det er berre å hoppe bortover og kose seg. Og her ser eg jammen Besseggen også.

Her nærmar det seg verkeleg. No har eg gått i omlag to timar, og tek ein rast rett nedanfor eggen. Kjempelurt når du har høgdeskrekk. Stå nedanfor å stire opp. Tenkje: "Fy faen så smalt det er. Dette tør eg ikkje". Men eg gidd i alle fall ikkje gå attende.

Eg har ikkje bilete frå oppstiginga. Eg tørte ikkje snu meg, eg tørte ikkje ta bilete og eg tørte rett og slett ingenting.

Eg har alltid innbilt meg at det går ein sti opp eggen. Folk pratar om at "stien er to meter på det smalaste". Det er pokker med ingen sti der. Det er steinrøys! Ikkje noko anna enn steinrøys! Du går ikkje på ein sti. Du klamrar deg fast i steinrøysa, mens du tenkjer: "viss den steinen plutseleg begynner å rulle, så er eg dau". "Viss eg mistar taket no, så er eg dau". Og eg ville verkeleg ikkje døy der!

Eg overdriv litt, men eg hadde det jævleg ei periode. Omlag ti minutt av turen var som å oppleve mareritt eg ofte har om natta. Omlag 2/3 oppå eggen var ei periode som var heilt grusom. Det fine var at eg verkeleg fekk opp dampen. Ingen som passerte meg på veg opp Besseggen for å seie det slik!

Og på heile turen var det faktisk færre som passerte meg enn det eg passerte. Noko som får meg til å tenkje at eg ikkje er i så dårleg form som eg trur.

Her er eg i lykkeland (men eit veldig nervøst smil). På toppen. Og då kan eg endeleg snu meg, og eg ser dette:

Gærningar som går nedover! Av alle ting eg IKKJE skal gjere i livet mitt, så er det å gå ned Besseggen. GÆRNINGAR!

Du trur liksom du er ferdig då. Når du har gått Besseggen. Men då står det mest selsomme att. Langt og lengre enn langt i slitsamt fjellandskap. Ein ting er når det går bortover, men marerittet er når det går nedover. Du ser Gjendesheim langt der nede, men du kjem søren med aldri fram. Alt er vondt, og det går i eit skikkeleg håplaust tempo.

Eg registrerer meg sjølv inn på tida 5 t og 10 minutt. At ein eller annan fyr har klart å springe Besseggen på ein time og eit kvarter er for meg ubegripeleg. Heilt ubegripeleg!

Korleis var turen? Fin. Men det er jo ikkje noko poeng i å gå ein tur med utsikt når du ikkje tør sjå på utsikten fordi du er pissredd for høgder. Og fy satan så svære (og svarte ) og mange edderkoppar det finst på denne turen.

Det er eit under at det ikkje dukka opp ein edderkopp då eg klamra meg fast til ein stein halvvegs oppe på Besseggen. Hadde det skjedd, hadde å gå Besseggen blitt den siste tingen eg gjorde før eg døyde.

(PS: å gå "åleine" på tur er veldig fint. Du kan halde ditt eige tempo, og det er kjempemange trivelege nordmenn du kan prate med undervegs. Og ja; i dag var nordmenna mykje trivelegare enn utlendingane. Dei var sure og sa ikkje hei ein gong (vel..eg held på skikken om å helse på alle eg treffer i fjellet. Den skikken gjeld tydeligvis IKKJE på Besseggen)).

5 kommentarer:

  1. Den gongen eg gjekk over eggen, i september -96 var det perfekt for ein som slit med store høgder, tjukk skodde og snø i lufta. Oppe på toppen var det kome omlag 15 cm ned nysnø. Einaste gongen eg såg Gjende på tur opp eggen, var på botnen ved Bessvatnet. Etterpå var det berre skodde og atter skodde.

    Nok eit levande og underhaldane innlegg frå di hånd, Hanne, kjenner meg så godt att. Ser fram neste :-)

    SvarSlett
  2. Vi var fem som startet frisk og rask lørdag 7 juli fra Memburu. Yr og skodde gjekk over til regn, vind og skodde. Bratt opp første timen, for så å flate ut, for så å gå ned og så opp og så gå ned. Da vi hadde gått i ca 2 timer og 15 min skulle vi runde første knausen før vi kom ned på selve beltet. Beltet er flata før eggen. Her på denne knausen gjorde 2 mann vendereise.Stiv av skrekk over synet som dei såg framom seg. Eg, min far og en kompis sy es dette var lett overkommelig og fortsatte mot beltet og eggen. Men fy faen..... Når vi begynnte på eggen så var sikta 5-7 meter. Vi klivra på alle fire først i ti min. Kikket ned, fy faen kor e angra. Smalt og jævlig og bratt som faen. Panikken tok meg, ka i helvete e det eg styra med i denne jævla tåka. Ligg å rota på en smal fuckings ukjent smal egg i nesten 1700m høgde. No måtte eg beholde maska overfor dei andre tenkte eg. Sørga for å klivre midt på heilt til eg møtte en vegg. Da måtte eg ut på kanten, og der, ja der, var det to skritt ekstra før det var 400 m rett ned i vannet. Skal si eg var rask å komme meg opp fra den kanten. Det var regn, sleipe steiner og skodde. Men no kunne vi ikkje snu. For den som går motsatt e fan ikkje riktig klokk. Det e jo fan meg rett ned med stup på begge sider. Eg var så overlykkelig da vi kom opp på toppen og kunne skimte en stein med en rød T på. Et nytt liv begynnte. Eg misunnte dei to i følget som snudde. Eg har sove dårlig i to dager siden turen. Og foreldre som tar med unger på denne turen burde vøre innebura.. Men, mulig eg forandra meining hvis eg hadde gått den i klart vær.... Men gud bedre, Besseggen e noe som du husker.... På godt og vondt. God tur og lykke til.......Det treng du!!

    SvarSlett
  3. kjenner jeg blir nervøs av å lese dette. Skal gå turen om 3 uker og har høydeskrekk. Tenker som så man må utfordre seg selv litt. HU jeg skal gå med tror jeg faktisk er værre enn meg...så får se hvem som er tøffest....bobler venter på rommet hvis man klarer dette. Tøffe var dere.

    SvarSlett
  4. Jeg og en venninde gikk denne turen i går, 17.juli. Flott vær, fantastisk utsyn. Da vi nærmet oss eggen trodde jeg ikke mine egne øyne, hun trodde heller ikke sine. Vi ble enige om at det helt sikkert så verre ut enn det var. "Slapp av, det er jo ikke en gjeng med selvmordskandidater som går, eh, klatrer der" sa jeg. "Nei, det er garantert ikke så jævlig som det ser ut herfra, det sier jo seg selv", svarte min venninde. Dermed fortsatte vi. Da vi hadde klatret et stykke kjente jeg at jeg ville snu. Nok er nok. Jeg har aldri hatt høydeskrekk men synet av det grønne Gjendevannet hadde en hypnotiserende ubehagelig effekt. Det var selvfølgelig ingen option å snu, som dere andre skriver: ingen med vettet i behold klatrer ned igjen!Det var bare å kjøre på, tror vi brukte en time der opp eggen.(Kan anbefale å stappe masse bomull i ørene før oppstigningen, det hjelper noe mot svimling og trykk.) Merkinga av T-stien burde forresten hatt røde djevelhorn og hale både ved oppstigningen og ned mot sivilisasjonen. Akk ja, sivilisasjonen, ville vi noengang få oppleve den igjen? Sannsynligvis ikke, men heldigvis er vettet sånn laget at en gjør sitt beste. Det reddet nok livet vårt, he he. Mantraet ble: dette klarer jeg, dette klarer jeg. Så ble det: dette klarer jeg ikke, dette klarer jeg ikke. Så ble det litt hyperventilering og litt -"skal bare kosa fjellet" (= når man klamrer HELE kroppen samt klistrer panna inntil fjellsiden.)Når vi endelig nådde toppen var lykken stor! Endelig kunne jeg åpne opp hetta(!) og se meg rundt. For en utsikt! Etter vel endt tur var vi skjønt enige om at vi ikke gjentar dette. Heller et strikkhopp enn Besseggen igjen.
    Men til alle dere med god kroppskontroll: nyt det fantastiske utsynet naturen byr på i løpet av denne turen, jeg kommer aldri til å glemme hvor vakkert det var!(eller hvor redd jeg var..!)

    SvarSlett
  5. Jeg og noen venner gikk denne turen i går, men siden det var lang kø til båtene, og vi måtte vente i minst to timer før vi kom om bord, bestemte vi oss for å gå motsatt vei, altså fra Gjendesheim til Memurubu.

    Med andre ord, vi gikk ned Besseggen ;) Faktisk var det ganske mange som gjorde det, og det gikk helt fint. Var smånervøs til tider, men det værste med turen for min del var hvor ekstremt langt det var fra bunnen av Beseggen og ned mot Memurubu.

    Også bør den som går denne turen være en tanke bedre trent en meg... Har ikke trent på mange år, og det merkes på kroppen i dag. Hadde faktisk feber når jeg kom hjem.

    Jeg er faktisk glad vi ikke gikk den "riktige" veien. Jeg tror jeg hadde mistet motet av synet av eggen så langt ut i turen. Vi brukte til sammenligning 7,5 timer...

    SvarSlett