Gå til hovedinnhold

33: Reise på sydenferie åleine. Fullført 10-17.mai 2012

Tidlegare i år fullførte eg nok ein ting på lista over 50 ting eg skal gjere før eg døyr. Eg reiste til det berømte syden åleine (vel, ikkje her heller var eg åleine, men eg reiste utan reisefølgje).

Eg hadde akutt behov for ferie, og eg visste eg ville få problem med å ta ut all ferien min før eg slutta i jobben, så eg køyrte på og bestilte meg tur i ei rolig periode på jobb. Eg fann råbillig tur (det kan eg berre gløyme når eg blir lærar og har ferie når "alle andre" også har det). Destinasjonen vart noko tilfeldig Kreta. Eg oppdaga nett no at eg ikkje har eit einaste bilete frå turen, så dette blogginnlegget og skildringane frå turen blir utan bilete.

Eg hadde fleire mål med turen. Lese flest mogleg bøker, ikkje vere på facebook og twitter, prate minst mogleg, skrive på boka mi og ligge i sola timar i strekk utan å tenkje på andre enn meg sjølv.

Det viktigaste var likevel å unngå tomprat og det å forholde meg til andre menneske. Difor var den største frykten å treffe nokon eg kjenner på turen. For det fyrste; du føler då at du må forsvare at du reiser åleine på tur. For det andre; du må tomprate med folk du ikkje er interessert i å omgås.

Ganske tidleg på Gardermoen er det nokon som seier hei til meg. Dei ser kjende ut, men eg klarar ikkje plassere dei. Eg må ha sett heilt forvirra ut, for ho dama seier; "beklager, du kjenner sjølvsagt ikkje oss. Vi kjem frå X(ein plass i Valdres)". Eg får trøkt ut av meg at joda, det er noko kjend, før eg går vidare. Verka sikkert som verdas mest uhøflege menneske (eg kjende dei att altså, men om eg hadde klart å finne ut kva dei heiter? Neppe!).

Eg sa: pliz, pliz, pliz, lat dei ikkje vere på same turen som eg skal på. Sjølvsagt skulle dei det. Frå eg boarda flyet til eg var på hotellet hadde eg nasen i ei bok. Eg las mens eg satt, mens eg gjekk og mens eg stod. Alt for å sleppe unna folk og tomprat.Uhøfleg ja, men eg reiste på tur for å vere i fred!

Kom fram. Endeleg framme på hotellet eg skal bu på. Ikkje spor av kjenstfolk. Eg får sjekka inn. Får rom med terrasse på grunnplan. Fyrste håplause ting. Kjem fram omlag klokka 0200 på natta, og då går det ein vakt rundtomkring. Eg sett meg ut på terrassen for å ta eit glas vin. Vakta krinsar rundt terrassen min. Mogleg han er kjekk, men eg vil vere i fred. Reiser ikkje til Hellas for å sjekke opp Stavros. Det viser seg at kvar kveld eg sit på terrassen for å skrive, drikke vin og ete oliven, så krinsar han vakta rundt omkring (han gjekk på vakt klokka 23). Prat om å vere i fred, du!

Eg hadde ei flott veke. Dei hadde treningsrom på hotellet, så eg fekk trent kvar dag. Eg fekk sola meg kvar dag, og eg las sju bøker. Eg skreiv ein heil del, og eg drakk ein heil masse vin.

Eg var ute og åt middag åleine to kvelder. Og det er eigentleg det verste med å reise åleine. Du føler alle stirer på deg og lurer på kvifor du reiser åleine. Det var sjølvsagt også nokre av servitørane som lurte på det. Eg sa eg reiste ned for å skrive, men hadde mest lyst til å svare: "For å vere i fred".

Plassen eg reiste til var dritkjip (Platanias eller eit eller anna heitte det). Berre nordmenn og skikkeleg turistete og stygt, men det skal eg ikkje klage på når eg reiser til "Syden". Men eg reiste for å slappe av, og då spelar det ingen rolle eigentleg kor du er hen. Eg reiste jo ikkje på ei einaste utflukt, og det lengste eg bevega meg vekk frå hotellet var vel omtrent to kilometer.

Kom heim att utkvilt på ein heilt annan måte enn når du reiser med folk. Då må du alltid gje mykje av deg sjølv. No kunne eg berre gå rundt å vere sur ei heil veke blant folk eg ikkje kjende, og det passa meg bra. Sakna eg reisefølgje? Ja, når eg hadde lyst til ut for å ete middag. Neste gong reiser eg til Syden med ein person som kan bu på eit anna hotell, og som eg kan møte to eller tre kveldar til middag. Det hadde vore perfekt!

Kjem eg til å reise til "syden" åleine att? Skal ikkje utelukka det altså. Charter er veldig avslappande fordi alt er ordna, men du føler deg dum når du er åleine på chartertur (spesielt på flyturen og bussturen til hotellet). Det går mykje lettare når du tek vanleg rutefly og mekker saman opplegget sjølv. Men alt i alt så trivst eg veldig godt med å reise åleine, men ikkje så godt åleine på chartertur.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…