søndag 1. juli 2012

Hanne testar sjekkenettstader, del 1

Eg har fått mange spørsmål på om eg har fått noko respons på den meir eller mindre seriøse kontaktannonsa eg la ut på bloggen min for nokre månader sidan. Det har eg altså ikkje fått. Ikkje ein gong fyllmeldingar klokka halv tre på natta.

For meg, som eigentleg ikkje ønskjer meg ein masete mann, har det liksom ikkje vore aktuelt å logge meg inn på sjekkenettstader. Men eg har ei veninne som heng på sukker.no, og ho er på date heile tida (ho treff dei ikkje berre der då). Treff nye menn ofte, og har det dødskult. Ho har eit ope syn til folk og tek livet som det kjem. Eg er berre fordomsfull og tykkjer alle folk er idiotar.

Eg har eit kjedeleg liv på den fronten. Og trivst eigentleg med det. Eg får eigentleg heilt vondt inni meg av tanken på å dele den vesle fritida eg har med ein mann. Då vil eg jo vere åleine og gjere Hanne-ting.

Men no kjedar eg meg. Også er eg nysgjerrig på korleis dette greiene fungerer. Og så sa eg på tull at viss eg ikkje fekk respons på annonsa mi på bloggen, skulle eg teste ut sjekkenettstader.

Fyrst registrerte eg meg på Møteplassen. Der fekk eg lagt ut heile annonsa mi, og det var ikkje kjempemange spørsmål som måtte fyllast ut. Men nettstaden fann ut automatisk at eg var interessert i menn mellom 27 og 38 år, sjølv om annonsa mi seier 22 til 35. Skjønner at eg har merkelege preferanser...Der har eg også lagt ut bilete, men det bilete eg ville legge ut funka ikkje fordi det ikkje viste nok av ansiktet mitt...typisk!

Så har eg testa ut sukker.no. Registreringa var eit mareritt. Du må fylle ut ein haug med spørsmål der du rangerer frå 1 til 10. Type: kor langt forhold er du interessert i? Frå superkortvarig til superseriøstlangt. Og så skal du seie om dette er "viktig", "avgjerande" eller "ikkje viktig".

Det er jo heilt umogleg å seie om du er interessert i eit kortvarig eller langvarig forhold! Det kjem jo an på mannen det!! For svingande! Og viss eg seier eg vil ha superkortvarige forhold, så vil eg jo berre tiltrekke meg dei menna som er på "sukker.no" for å få seg eit ligg. Det vil eg ikkje. Men eg vil jo ikkje ha dei som er klare for ekteskap og ungar heller. EG vil ha ein normal avslappa mann som ikkje er desp!

Og så skal du svare på om kva du tykkjer om porno i forholdet, korleis du likar sex og så vidare. Det er jo komplett umogleg å gjere. Herregud, liksom. ER ikkje det litt tidleg å røpe slikt, då? OG det kjem vel litt an på fyren igjen, det då!

Og ja, eg er konservativ og snerpete og tenkjer slikt ikkje høyrer heime på nettet. Og det er jo klin umogleg å svare: "vil ikkje svare på det" eller "ikkje relevant".

Og ikkje finst det plass på sukker.no som eg kan fylle inn heile kontaktannonsa mi. På skildring av drømmekjæraste får eg beskjed om at kontaktannonsa er for lang.

Og utan at eg har lagt inn dette, eller bilete, eller noko som helst anna enn dei derre dustete spørsmåla, har eg allereie fått mail om at ein fyr har "merket deg som interessant". Kva for idiot er liksom det då??

Så no har eg meir eller mindre gjeve opp heile greia. Sint på heile den dustete sida som ikkje passar meg. Skal ut å gå meg ein tur. Kanskje eg då tek meg saman og loggar meg på for å fylle inn resten. Eg er jo litt nysgjerrig på korleis dette fungerar.

Om eg kjem til å treffe nokon eg eventuelt kjem i kontakt med? NEPPE. Veeeldig usannsynleg at eg går på date med nokon eg har truffe på nettet. Men det er jo interessant å sjå om eg er hot på marknaden. Og finne ut om desse fyrane på sukker.no er like håplause som det eg innbillar meg.

Oppdatering følgjer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar