Gå til hovedinnhold

Høyanger i bilete - del 2

Trappene i Høyanger

Høyanger er kjend for to trapper. Ei på 2500 trinn og ei på omlag 1250 trinn. Den siste heiter Siplo-trappa, og er den du ser på bilete. Eg gjekk til toppen i den veldig bratte trappa, og under kan du sjå fleire bilete frå mi ferd mot toppen. I gode gamle dagar gjekk trappa forresten mykje lenger. Då sprang Einar Førde opp tråppa for å kome seg til fjells for å gå på ski (las eg i boka hans om Høyanger). Ikkje rart dei var mykje sprekare før i tida....




 

Frå Høyanger-sentrum

 Noko slite rådhus.

Telefonkiosk!! Det er så herleg!

Opningstider på polet. Veldig viktig!

Litt av industriområdet i Høyanger. I regntungt vêr. Å regne gjer det visst ofte her. I følgje Einar Førde.

 

Tell Teigen-monumentet

Tell Teigen var ein kjend balansekunstnar og sirkusartist frå Høyanger. Monumentet nedanfor er også ein "norsk attraksjon" og sjølvaste Linda Eide var på besøk her i Høyanger for å omtale dette.

 

Høyangerbadet

 Måtte jo berre ta med denne skrivefeilen. Men Høyangerbadet er eit flott symjeanlegg og med sklier, stupebrett og alt det folk vil ha. Godt å vite at elevane på Høyanger skule har alle moglegheitar til å få god symjeopplæring også.

Sky i fjellet

Ikkje vant til å sjå skyer som liksom ligg oppetter fjellsidene, men har sett mykje rart etter eg kom hit. Og lokale byger har verkeleg fått ny meining. Du kan faktisk omtrent gå ein meter, og då har du bevega deg frå sol til regn.

Kommentarer

  1. Var med å lande med et sjøfly i Høyanger - Havet var så speiblankt at vi ikke så hvor havet begynte, så flygern turde ikke lande. Men etter å ha fløyet over vannet noen ganger klarte vi framkalle litt krusing slik at vi kom oss nedpå. Kjente meg plutselig igjen på bildet av fjorden bak deg(?).

    SvarSlett
  2. Hei. Er ikkje helt sikker på kordan eg fant denna bloggen, men eg eg liker måten du blir kjent med heimbygda mi på :), Venner, kollegaer og liknende går seg fort til...

    Velkommen til bygda.

    Fra en student som i største grad har flytta vekk i fra Høyanger for å studere :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…