Eg har vore 2 1/2 år i Vågå. Eg har hatt fantastiske år her. Både privat og i jobbsamanheng. Slik sett er det eigentleg heilt grusomt å reise frå ein plass der du trivst så godt, men eg føler for å kome meg vidare i livet.
Eg har lært utruleg mykje av å vere prosjektleiar for skule- og samfunnsutviklingsprosjektet i Vågå, men no ønskjer eg å bruke alle ideane mine og all energien min i lag med elevane. Fordi eg kan ikkje tenkje meg viktigare oppgåve enn å vere lærar. Det hadde vore heilt umogleg for meg å vere lærar i ein kommune der eg i så stor grad blir knytt opp mot skuleprosjektet i Vågå, populært kalla "Noregs beste skule". Difor ønskja eg å bli lærar i ein annan kommune.
Eg har lært utruleg mykje av jobben eg har hatt. Eg har blitt endå meir hardhuda, eg har kvitta meg med ein heil del sosial angst og eg har lært mykje om korleis ein skal drive prosessar og utviklingsarbeid. Eg har også lært meg å vere tålmodig, noko som ikkje ligg lett for meg.
Bretur med Lalm oppvekstsenter
Kva kjem eg til å hugse best når eg reiser frå Vågå?
1. Alle dei fantastiske folka som bur her og jobbar her. Eg har blitt kjend med ein heil del utrulege folk, og fått mange gode vener her. Noko som kjem til å føre til at eg ofte kjem attende på besøk (håpar eg!). Det er mange fjes eg kjem til å hugse, og eg kjem til å smile når eg tenkjer på dei.
2. Alt som skjer på kulturfronten i Vågå, og som eg ikkje var vant til frå der eg kjem frå i Valdres.
3. Nynorsk. Vågå vil for alltid vere kommunen som fekk meg til å bli nynorskbrukar att.
4. At det faktisk går an å ha eit artig uteliv og festliv også på bygda. Folk i Vågå er mykje meir sosiale og ute på livet her enn det eg også er vant til der eg kjem frå.
5. Blide folk. Mange smil og positivitet.
Lokka med på "Fjelleventyret" på Beitostølen med sporty vener (som mobba meg for solbrillene)
Noko av det eg kjem til å hugse i jobbsamanheng, er:
1. Då vi kom i mål med forprosjektet, og kommunestyret slutta seg til eit femårig utviklingsarbeid der vi skulle byggje satsingane rundt sansebasert læring, tidleg innsats og forpliktande samarbeid mellom skule og heim.
2. Tur til Budapest for å finne partnar til EU-prosjekt, og seinare at vi fekk EU-midlar til prosjekt knytt til uteskule og friluftsliv gjennom eit flott samarbeid med ein region i Tyskland.
3. Gjennomføring av musikalen "Barnas klimakonferanse" i samarbeid med "Musikk i skolen"
4. Tilsetting av musikk- og dramapedagog som har tilført fantastisk mykje bra til barnehagar og skular Vågå
5. Å setje i gang "Arne Brimis smaksskule" i barnehagane våre i tett samarbeid med Arne Brimi. Eit prosjekt som no kjem til å bli overført til endå fleire kommunar i Noreg.
6. Fotoutstillingane "Mitt Vågå" og "Glede" og utruleg mange flotte bilete take av ungar og elevar i Vågå
7. Gjennomføring av kulturveke i skule og barnehage no i juni der sansebasert læring vart sett verkeleg i system. Det beste med veka var å sjå så mange blide elevar, tilsette og friviljuge som stilte opp
8. Søknadsskriving og rapportering
9. Det halve året eg fekk kombinere å vere prosjektleiar med å vere lærar for 5. og 6.klasse. Så glad eg vart i elevane mine!
10. At prosessar tek tid, og at det er grenser for kor mange nye prosjekt og idear skulane kan klare å ta innover seg!
I smia på ungdomsskulen
Flott plass å bu
Vågå er ein fantastisk plass å bu. Det er ein god miks av innflyttarar og "innfødde" her, noko som gjer at det blir ein dynamikk av dei sjeldne. Det er utruleg mange positive folk her.
Eg er heldig om eg møter noko i nærleiken av eit så bra samfunn dit eg kjem. Eg trur eg kjem til å trivjast i Høyanger også, men det er mykje fordi Vågå og tida mi her har lært meg å bli eit meir positivt og ope menneske!
Tusen, tusen takk til alle eg har blitt kjend med i løpet av mine år her. De har alle vore med på å gjere mi tid her til dei beste åra av mitt liv. Og eg er utan tvil blitt eit betre menneske av å bu her.
(og ja, no grin eg)

Seriøst! La oss få 5 ting du IKKJE kjem til å sakne også!
SvarSlettHaha! Ikkje tid for det no! Eg vil helst ikkje bli jaga frå bygda med ljå!
SvarSlettMi meining er at skuleprosjektskuta har segla stødig gjennom spenstig farvatn. Hiv og hoi, og lykke til vesten kaptein. Takk for samarbeidet. Du vil bli sakna. :)
SvarSlett