Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august, 2012

Praksissjokket

Som ny lærar forventar du at du skal bli take av praksissjokket. Du er unormal viss du ikkje finn ut at jobben er heilt annleis og mykje meir krevjande enn du fekk inntrykk av då du tok lærarutdanning. Du skal også finne ut at lærarutdanninga ikkje førebur deg på yrket du nettopp har starta i. Eg har no jobba ei veke som kontaktlærar, og eg er heldigvis langt frå utlært.

Laurdagsettermiddag klokka 1334. Eg er på kontoret mitt på Høyanger skule. Det er stille her, og eg har ro til å jobbe med det som må bli gjort. Slik for å lage praksissjokket litt større enn normalt er, så sørga eg også for å få to rettebunkar på pulten på fredag også. Ei innlevering på norsk og ei på engelsk skal rettast i løpet av helga. Og elevane skal ha nye innleveringar til meg kvar einaste fredag. Slik blir det moro av!

Eg har laga lesehefter og arbeidsplanar til neste veke. Elevane skal jobbe individuelt slik at eg får tid til elevsamtale med kvar einaste ein. Det føler eg er naudsynt. Eg er tross alt i jobb…

I morgon er eg lærar!

No brakar det snart laus. I morgon debuterer eg som kontaktlærar for klasse 8a på Høyanger skule. Eg har aldri grua og gleda meg så mykje til noko, nokon gong.

I førre veke hadde vi fire planleggingsdagar. Det held på å ta knekken på meg. Du veit den kjensla av å stå midt i ein folkesamling der alle står og skravlar, slik at det blir summing. Du står midt i samlinga av menneske, heilt åleine mens du skrik av full hals. Ingen høyrer deg. Slik følte eg meg i førre veke.

Ikkje fordi eg ikkje er blitt take godt i mot på Høyanger skule. All ros til leiing og kollegaer, som tek vare på meg. MEN, det er så mykje i ein skulekultur som ikkje er skrive ned, det er så mykje du bør vite som du ikkje veit at du treng å vite. Og det er så mykje som må ordnast som du ikkje visste at du skulle ordne.

Lage liste over ordenselevar, lage informasjonsskriv til heimen, lage liste over kven som får kva for bøker, oppsett i klasserommet, nasjonale prøver, pilotering av nasjonale prøver, fagplanar, vekepl…