Gå til hovedinnhold

I morgon er eg lærar!

No brakar det snart laus. I morgon debuterer eg som kontaktlærar for klasse 8a på Høyanger skule. Eg har aldri grua og gleda meg så mykje til noko, nokon gong.

I førre veke hadde vi fire planleggingsdagar. Det held på å ta knekken på meg. Du veit den kjensla av å stå midt i ein folkesamling der alle står og skravlar, slik at det blir summing. Du står midt i samlinga av menneske, heilt åleine mens du skrik av full hals. Ingen høyrer deg. Slik følte eg meg i førre veke.

Ikkje fordi eg ikkje er blitt take godt i mot på Høyanger skule. All ros til leiing og kollegaer, som tek vare på meg. MEN, det er så mykje i ein skulekultur som ikkje er skrive ned, det er så mykje du bør vite som du ikkje veit at du treng å vite. Og det er så mykje som må ordnast som du ikkje visste at du skulle ordne.

Lage liste over ordenselevar, lage informasjonsskriv til heimen, lage liste over kven som får kva for bøker, oppsett i klasserommet, nasjonale prøver, pilotering av nasjonale prøver, fagplanar, vekeplanar, individuelle opplæringsplanar og ikkje minst alle moglege meir eller mindre gode program og prosjekt det er ønskja at akkurat di klasse er med på.

Så kjem slike ting som:
- når og kvar skal frukta hentast?
- korleis får eg den interaktive tavla til å fungere?
- kor er stiftemaskin?
- Korleis reserverer eg datarom?

Det er så mykje ein skal vite og kunne når du skal vere lærar. Eg skal i tillegg vere kontaktlærar. Det vil seie at eg å ha full kontroll over det som skal skje i klasse 8a. Eg er stort sett flink til å ha kontroll. Eg likar kontroll også. Men i førre veke hadde eg null kontroll, og det gjorde vondt. Etter fyrste planleggingsdag var eg fullstendig mentalt utslitt, og lurte på korleis i alle dagar dette skulle gå.

I morgon kjem elevane, og eg gler meg. Eg kom meg etter fyrste planleggingsdag, og begynte verkeleg å glede meg til fyrste skuledag. Eg klarte å skratte av meg sjølv som vart så stressa. Måtte berre tenkje: "det er ikkje verre for deg enn for andre" (sjølv om eg følte det slik i blant).

No har eg nesten kontroll. Klasserommet ser OK ut. Eg har ein slags plan over kva vi skal gjere i morgon. Det eg ikkje har kontroll på, trur eg at eg kjem til å få kontroll på. Noko kjem til å gå ad undas, men forhåpentligvis blir ikkje feila så store at eg mistar kontrollen.

Eg gler meg til å undervise. Eg gler meg til å utvikle ulike undervisingsmetodar. Eg gler meg til å jobbe med tilpassa opplæring. Eg gler meg til å finne kvar enkelt elev sine sterke sider.

Eg veit det ikkje vil bli lett. Eg veit eg kjem til å bli sliten. Men eg veit at om eg gjer ein så god jobb som eg trur eg kjem til å gjere, så vil eg det neste året oppleve mange glade og læringsviljuge elevar. Det kjem til å gje meg utruleg mykje energi!

Kommentarer

  1. Planleggingsdager kan være temmelig utmattende, skjønt det er nok verre på ungdomsskolen enn i videregående. Heldigvis er det slik at når man har gjort ting noen år, blir det mer rutine og mindre stress. Ønsker deg lykke til med skoleåret!

    SvarSlett
  2. Du skal ikke reservere noe datarom - elevene skal ta med seg sine egne bærbare maskiner.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein