Gå til hovedinnhold

Praksissjokket

Som ny lærar forventar du at du skal bli take av praksissjokket. Du er unormal viss du ikkje finn ut at jobben er heilt annleis og mykje meir krevjande enn du fekk inntrykk av då du tok lærarutdanning. Du skal også finne ut at lærarutdanninga ikkje førebur deg på yrket du nettopp har starta i. Eg har no jobba ei veke som kontaktlærar, og eg er heldigvis langt frå utlært.

Laurdagsettermiddag klokka 1334. Eg er på kontoret mitt på Høyanger skule. Det er stille her, og eg har ro til å jobbe med det som må bli gjort. Slik for å lage praksissjokket litt større enn normalt er, så sørga eg også for å få to rettebunkar på pulten på fredag også. Ei innlevering på norsk og ei på engelsk skal rettast i løpet av helga. Og elevane skal ha nye innleveringar til meg kvar einaste fredag. Slik blir det moro av!

Eg har laga lesehefter og arbeidsplanar til neste veke. Elevane skal jobbe individuelt slik at eg får tid til elevsamtale med kvar einaste ein. Det føler eg er naudsynt. Eg er tross alt i jobben for at elevane skal lære mest mogleg, og då må eg vite meir om dei og korleis dei lærer best.

Vi jobbar med lesestrategiar no  i starten. Eg er redd eg ikkje kan nok om dette til at elevane skal lære noko (og nei, eg kan ikkje nok - eg er ikkje i nærleiken). Og heile tida går eg rundt med denne frykta om at elevane ikkje skal lære noko. Eg tenkjer undervisingsopplegg og tilpassa opplæring frå morgon til kveld.

Eg vaknar no automatisk 0620 kvar morgon. Eg prøver å vere på jobb mellom sju og halv åtte kvar morgon. Morgonmøte klokka åtte, og skulestart klokka 0830. Då går det i eitt fram til skulen er slutt klokka 14. Du føler at du spring hit og dit og eigentleg aldri får tid til å gjere noko skikkeleg.

Klokka 14 er du fullstendig utslite. Då detaljplanlegg eg undervisinga dagen etterpå. Grovplanen er lagt veka før, men i detaljplanlegging går eg gjennom tekstane elevane skal lese, forsikrar meg om at eg gjer rett type oppgåver, og ikkje minst at eg sjølv kan det vi skal gjere. Eg kopierer og legg inn på minnepenn det som skal brukast. (Og ja..du får aldri brukt halvparten ein gong av det du har førebudd, og rekk kanskje 1/3 fordi du måtte gjere noko anna fordi situasjonen krevde det)

Klokka 17 prøver eg å kome meg heim. Då et eg mat mens eg ser på ei episode av Sex and the city (på min splitter nye mac). Går kanskje ein tur (viss eg orkar) før eg synk ned på sofaen med ei bok som heiter "English teaching strategies" eller noko. Heldigvis har eg kvitta meg med tven, slik at eg får meir tid til lesing og radio (eg har også blitt vegetarianar att, men det er ei annan historie).

Heile tida tenkjer eg på undervisingsopplegg og korleis eg skal dele inn og differensiere for at alle elevane skal få størst mogleg læringsutbytte.

Heile tida kjem du på ting du ikkje har fått gjort: gløymt å skrive invitasjon til foreldremøte, levert lister over kven som skal ha skulemjølk, gløymte vurderingskriterium på vekeplanen, gav ikkje gode nok framovermeldingar og så vidare. Og så har du irritasjonen over det som ikkje gjekk bra, til dømes metakognisjonen/etterdiskusjonen på Tren Tanken-øvinga du prøvde ut med stort hell.

No rettar eg innleveringar. Gjev gode attendemeldingar. Kva var bra, kva må du rette opp til neste gong? Kort og konkret. Håper at det har verknad.

Etter kvart må eg begynne å gje karakterar også. Det gruar eg meg til. Og korleis er det med anmerkningar att? Kor mange før det blir nedsett orden og oppførsel? Og korleis skal eg dokumentere vurderingsarbeidet? Eg har så mykje eg skal lære. Det er frustrerande for ein person som helst vil gjere alt rett med ein gong.

Er eg praksissjokkert? Nei, eg visste det ville bli krevjande. Eg veit det er ein utfordrande og utruleg viktig jobb. Det skal vere krevjande! Du må rekne med å jobbe mykje! Vi har ikkje normalarbeidsveke på 37 timar. Vi skal jobbe over førti. Og i starten er du sikkert nærmare 60 timar enn førti. Det er greitt.

Det eg ikkje var like førebudd på var kor mentalt krevjande det skulle bli. At du tenkjer på elevane stort sett heile tida den fyrste veka, og at du konstant går rundt og bekymrar deg for at dei ikkje lærar nok. Mentalt planlegg eg opplegg for korleis nettopp den eleven skal føle litt meir meistring i skulekvardagen heile tida.

Kommentarer

  1. Oi! Glad eg kunne bidra til at du fekk to dagar med total utkopling blant mygg og ekorn før alt dette satte inn. Vel å merke måtte vi pløye oss gjennom to utgåver av Se og Hør, men det var vel naudsynt for å halde oss gåande gjennom dagen ;) Masse lukke til vidare, EG vil ha deg som lærar!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…