Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2012

Direkte frå Førde lufthavn Bringeland

Eg møter alltid opp minst ein time før flyavgang. Eg har panikk for å kome for seint til ting. Å ikkje rekke eit fly, ein buss eller eit tog står for meg som eit stort mareritt.

Eg begynner å skjønne at eg ikkje treng å vere ute i god tid før flyavgang på Førde lufthavn Bringeland. Det finst ikkje kø framfor noko som helst. Så no har eg ein god time før flyet mitt skal frakte meg til Oslo. I lag med dei fire andre menneska som sitt i venterommet her. Vi ventar på at flyet skal kome. Flyet vårt. Flyet mitt.

Det er nesten som det er flyet mitt. Eit lite propellfly med få seter. Som ristar skikkeleg. For meg som har ein smule flyskrekk er desse flyturane med propellfly eit mareritt. Eg er sikker på eg skal døy kvar einaste gong. Og tenkjer; kvifor søren har eg ikkje skrive eit testamente med beskjed om kva som skal skje med alle dagbøkene mine og ting eg har skrive. Boka eg ikkje har rekke å gje ut, som ligg halvferdig på mac'en min. Kva skal skje med den?

Dagbøkene må de brenne. Bre…

Eg har verdas beste jobb!

Etter fire veker som fersk kontaktlærar på ungdomsskulen er eg fullstendig utslite, men overtydd om at eg har vald rett yrke.

Førre veke arrangerte vi foreldremøte. Min tydeligaste bodskap ovanfor foreldra var: ”Prat alltid positivt om skulen heime”. Uansett kor usamd du er i kva eg gjer eller tilstanden på skulen; prat positivt om skulen når du er i lag med ungane dine. Dine haldningar vil nemlig smitte over på eleven, og det går ut over eleven sine prestasjonar i skulen.

Når vi som lærarar er oppteken av at foreldre skal prate positivt om skulen, må dette også gjelde oss sjølve. Vi skal sjølvsagt ha moglegheit til å seie i frå når noko er gale, men vi bør prate positivt om skulen og vårt eige yrke. For kven ønskjer å jobbe i ein organisasjon dei tilsette sjølve pratar stygt om?

Eg skal difor i dette innlegget trekke fram alt det eg elskar med jobben min og kvifor eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag.

Eg elskar at eg alltid må vere førebudd på å vere impulsiv. Det kan kom…

Karakterar i barneskulen?

VG-nett skriv i dag at fire av ti nordmenn ønskjer å innføre karakterar frå 5.trinn. Det blir vist til at både Framstegspartiet og Høgre ønskjer å innføre karakterar, og at dette kan bli ein realitet frå og med neste haust. Eg håper ikkje det blir eit pålegg om karakterar frå 5.steg.

Eg har hatt den store gleda av å leie temautval for skule, utdanning og forsking i Framstegspartiet. Vi hadde som mandat å kome med vårt forslag til nytt partiprogram på området og levere dette til programkomiteen i Framstegspartiet. Det gjorde vi for to veker sidan.

Vårt forslag til ny programtekst for Framstegspartiet er: Framstegspartiet ønskjer å gje skuleeigar fridom til å starte med karakterar frå 5.trinn.

Eg elskar sundagar!

Eg har fått ein ny respekt for vekedagen sundag. Det er no blitt min favorittdag. Ikkje fordi eg ikkje trivst dei andre dagane eller fordi eg ikkje likar jobben min, men fordi eg rett og slett får slappa maks av og får førebudd den neste veka. Det er den dagen i veka eg kan gå og legge meg med størst ro fordi eg føler eg har hatt ein heilt herleg dag.

Som i dag. I dag har eg baka knekkebrød og rundstykke og skrive innlegg til Dagsavisen sin utgåve i morgon. I tillegg til dette var eg tre timar innom kontoret for å førebu neste vekes undervising. Og ja, også har eg vurdert i underkant av tjue innleveringar opp mot vurderingskriterium og gjeve karakaterar.

Og føler eg at eg har hatt ein travel dag? Nei. Eg har fått slappa av med å sjå på nett-tv, har sett to epiosoder av Sex and the city og elles drukke kaffikopp(ar) i full ro.

Skulle eg ønskje sundagen varte lenger? Ja. Eg gruar meg allereie til å stå opp klokka seks i morgon tidleg, men ser fram til å treffe elevane og vere lærar att.

Kan det regne meir no?

Det spørsmålet har eg stilt meg sjølv mange gonger den siste veka. No har det regna ei veke i strekk her i Høyanger. Det lengste det har vore opphald har vore to timar, trur eg.

Eg tenkjer det er godt eg har bil. Eg har gått lite til jobb dei siste dagane. Men heldigvis har eg fått meg fine nye gumistøvlar, så det er eigentleg ein leik å vandre rundt i søledammar. Det er liksom noko anna når korkje paraply eller regnjakke hjelp fordi det regnar sidelengs. Og det kan det gjere her i Høyanger.

Eg trudde ikkje det gjekk an at det regna så mykje, eg. Så naiv var eg. Men det er eigentleg litt sjarmerande. Spesielt å sjå på at fossane som dett nedover fjellsidene blir større og større. Du skjønner liksom at det vart bygd ut industri her fordi krafta var nært tilgjengeleg. Høge fossefall og mykje regn er nok ein god kombinasjon. For kraftkrevjande industri. Ikkje for å gro plantevekster!

Dei neste tre døgna er det spådd 120 mm regn til saman. Det er mykje det! Eg trur ikkje eg har opplevd så…

Ein sommar i ein bygdetulling sitt liv

På fredag starta eit nytt kapittel i livet mitt her i Høyanger. Eg fekk endeleg kopla meg opp til nett, så no har eg trådlaust nett til alle dingsane mine i kåken min. Det er ei heilt ny verd; alle moglege radiokanalar, spotify, akkurat den musikken eg vil ha, og ikkje minst; eg kan blogge når eg vil.

Etter at eg flytta til Høyanger har eg kvitta meg med tven (att) og eg er blitt vegetarianar (att). Forsøk på å gjere livet mitt meir meiningsfullt ved å bli meir aktiv og sunn. Folk som kjenner meg veit at eg har ein tendens til å vere både fysisk og mentalt lat - å ha tv hjelp ikkje akkurat på nokon av delane.

Etter å ha synkronisert telefon med mac'en min, såg eg att eg har ein haug med bilete (av varierande kvalitet) som eg ikkje har fått publisert, og eg har ikkje skrive om alle dei artige tinga eg gjorde i sommar (vel..eg gjorde ikkje så mange artige ting i sommar, men eg gjorde i alle fall noko). Så her kjem ei sommarkavalkade av ein sommar i unge Blåfjelldal sitt liv.

På hytte…

Eg har verdas beste jobb!

Du veit verkeleg ikkje kor godt det er med helg før du blir lærar. Eg skjønner no at eg verkeleg aldri har sett pris på helgene før. Før no!

Tre veker har eg no vore kontaktlærar. Sist gong eg var så sliten var nok valkampen 2009, då eg var kampkandidat til stortingsvalet i Oppland. Då var eg fullstendig utkøyrt då valnatta kom. Men i motsetnad til då, så føler eg at læraryrket gjev meg energi. Politikken tappa meg for energi. Å vere lærar gjev meg energi!

20 elevar. 20 fantastiske elevar. 20 ulike elevar. 20 elevar med sine sterke og svake sider. Akkurat som alle andre menneske. Eg er blitt glad i dei alle. På tre veker. Det overraskar meg ikkje, men det er godt å kjenne at ein verkeleg bryr seg. Om korleis dei har det som menneske. Ikkje berre at dei lærer det dei skal på skulen, men at dei er lukkelege!

Ja, eg slit. Eg kjenner meg utilstrekkeleg. Eg er usikker på kor mykje dei eigentleg har lært dei fyrste vekene. For meg har det viktigaste desse fyrste vekene vore å formidle at eg…