Gå til hovedinnhold

Eg har verdas beste jobb!

Du veit verkeleg ikkje kor godt det er med helg før du blir lærar. Eg skjønner no at eg verkeleg aldri har sett pris på helgene før. Før no!

Tre veker har eg no vore kontaktlærar. Sist gong eg var så sliten var nok valkampen 2009, då eg var kampkandidat til stortingsvalet i Oppland. Då var eg fullstendig utkøyrt då valnatta kom. Men i motsetnad til då, så føler eg at læraryrket gjev meg energi. Politikken tappa meg for energi. Å vere lærar gjev meg energi!

20 elevar. 20 fantastiske elevar. 20 ulike elevar. 20 elevar med sine sterke og svake sider. Akkurat som alle andre menneske. Eg er blitt glad i dei alle. På tre veker. Det overraskar meg ikkje, men det er godt å kjenne at ein verkeleg bryr seg. Om korleis dei har det som menneske. Ikkje berre at dei lærer det dei skal på skulen, men at dei er lukkelege!

Ja, eg slit. Eg kjenner meg utilstrekkeleg. Eg er usikker på kor mykje dei eigentleg har lært dei fyrste vekene. For meg har det viktigaste desse fyrste vekene vore å formidle at eg bryr meg. At eg bryr meg like mykje om dei alle saman. At viss eg blir sint og kjefter, så er det handlingane deira eg ikkje likar. Det betyr ikkje at eg ikkje likar dei som menneske.

Elevane tykkjer av ein eller annan merkeleg grunn at eg er snill. Det bekymrar meg - for eg hadde tenkt til å bli ein streng lærar. Men eg håper det betyr at eg har lukkast i å oppnå ein god relasjon til elevane mine. For vi veit, at det viktigaste for læringsutbytte hjå elevane er ein god relasjon mellom lærar og elev.

Å få system på ting er det mest utfordrande. Vi skulle lukkast med loggskriving. Men det har eg ein tendens til å gløyme heile tida. Plutseleg har heile dagen gått, og vi har ikkje rukke å skrive logg. Som eg veit er så viktig for at elevane skal reflektere over eige læringsprosess! For ikkje å prate om lekser. Kor mykje, kva for type lekser og korleis sjekke det? Og korleis skal vi jobbe med lesing? Dette treng eg minst eit halvt år til før eg får kontroll og system på. Men det kjem! Eg må berre lære meg tolmod!

Også er det så mykje som skjer heile tida. Gå til skulen-aksjon, lusekampanje, vennskapsveke og så vidare. For ikkje å prate om gjennomføring av nasjonale prøver, som vi skal gjennom nå. Som eg føler er eit skikkeleg mas, men som er så naudsynt, så naudsynt! Vi har allereie gjennomført ei testprøve i lesing, som vi skal gå gjennom på måndag. På onsdag skal den ekte prøva gjennomførast. Ingen skal tvile på at eg ikkje skal få elevane til å gjennomføre med det største alvor!

Eg elskar jobben min. Eg har verkeleg verdas beste jobb. Ein jobb som er slitsam, men som fyller meg med energi, sjølv om eg no er sjeleglad for at det er helg!

Dei fyrste vekene har truleg eg lært meir enn elevane mine. Men eg håper at den lærdommen eg får desse fyrste vekene skal gjere at elevane etter åra med meg som kontaktlærar kan seie; "Ja, Hanne Maren, ho var ein god lærar, som gjorde oss i stand til å oppnå akkurat det vi ønskjer i livet".

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…